Faktaboks

Alv Torgardsson
Levetidskommentar
Fødd noko etter 1400, truleg i Tønsberg; Død mellom 1478 og 1481, truleg i Stavanger
Verke
Kapellmagister, riksråd og biskop
Familie
Foreldre: Faren var Torgard Alvsson (nemnd 1390-åra–ca. 1410); mora ukjend. Ugift.

Alv Torgardsson var biskop i Stavanger frå 1463, men spela ei viktigare rolle som kapellmagister og riksråd under Christoffer av Bayern og Christian 1.

Far til Alv Torgardsson var opphaveleg frå Fåle i Ås, og er omtala som rådmann i Tønsberg 1399, og sonen er truleg fødd der nokre år seinare.

Alv er omtala som student i Rostock 1422. Han fekk studietida si ved eit nytt universitet, grunnlagt tre år tidlegare, og det vart snart ein av dei viktigaste lærestadene for studerande frå Noreg. 1433 hadde han kome attende til Noreg og hadde ei prestestilling (han er omtala som “sira”), og 1437 hadde han vorte kannik ved domkapitlet i Oslo. Dette siste året møtte han saman med kanniken Johannes Krabbe frå Trondheim på kyrkjemøtet i Basel, og la der fram eit brev frå dei norske biskopane.

Det neste trinnet i karrieren vart stillinga som prost ved Apostelkyrkja i Bergen, ei stilling han overtok seinast 1442 og hadde i over 20 år. Som prost ved Apostelkyrkja og kyrkjeleg leiar for dei kongelege kapella vart han automatisk medlem av riksrådet. Ein gong før september 1463 vart han vald til å etterfølgja Sigurd Bjørnsson som biskop i Stavanger, og han vart providert av pave Pius 2 den 10. november same året. Sitt testamente skreiv han 27. oktober 1478, “frisk på sinnet, men sjuk på lekamen”. Når han døydde, veit vi ikkje, men ettermannen Eiliv Jonsson hadde overteke i 1481.

Vi kjenner ikkje mykje til bispegjerninga hans, men som riksrådsmedlem i Bergenstida viste han seg som ein handlekraftig mann, og han vart ein god medhjelpar for Olav Nilsson i oppgjeret med hanseatane. Han var med på vedtaket 20. september 1442 om å tillata engelske kjøpmenn å handla i Bergen, og han var ein av medlemene i den viktige kommisjonen som kongen 1444 nedsette for å granska verksemda til hanseatane.

I interregnumet etter Christoffer av Bayerns død 1448 høyrde Alv Torgardsson til “danskepartiet”. Han slutta seg nært til Christian 1, og var ein av dei 24 riksrådane som 1. august 1450 slo fast at kroninga av Karl Knutsson til norsk konge i november året før var ei lovstridig handling. Støtte til kongen viste han også då han i august same året som medlem av ein geistleg domstol avgjorde at eventyraren Marcellus kunne veljast til erkebiskop i Trondheim. Kanskje var det som takk at kongen la inn eit godt ord for han då bispevalet 1463 skulle avgjerast.

Testamentet hans frå 1478 viser ein mann med mykje jordisk gods. To gode gardar – halve Lund i Sjernarøy, som han hadde panta til seg 1454, og Årstad i Eigersund – gav han til domkyrkja for gravplass og årtidehald, og dessutan gav han lausøyre og pengar til kyrkjelege institusjonar, geistlege, slektningar og handverkarar og tenarar i bispegarden.

Alv var ikkje den einaste av sønene til Torgard Alvsson som gjekk den geistlege vegen og nådde til topps innan kyrkja: Gunnar Torgardsson vart biskop på Hamar og fungerte her i heile 30 år, frå børjinga av 1440-åra til børjinga av 1470-åra. Søstera til dei to biskopane, Margrete, vart gift med væpnaren Jon Eilivsson på Rygge, og deira son Eiliv Jonsson (død 1512) etterfølgde morbroren på bispestolen i Stavanger.

Slektskrinsen rundt Alv Torgardsson kan vi gjerne kalla bondeadel. Bønder med ein slik bakgrunn fungerte som lagrettemenn rundt om i bygdene, og mange av dei som fylte leiande stillingar innanfor kyrkja, i rettsstellet og byadministrasjonen i seinmellomalderen, kom frå den same sosialgruppa.

Kilder og litteratur

  • DN, bd. 1, nr. 743, bd. 4, nr. 987, bd. 7, nr. 418
  • NgL, rk. 2, bd. 1, 1857
  • L. Daae (utg.): Matrikler over nordiske Studerende ved fremmede Universiteter, 1885
  • A. W. Brøgger: Stavangers historie i middelalderen, Stavanger 1915
  • NHfNF, bd. 3, del 2, 1917
  • F. Paasche: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • K. Helle: Kongssete og kjøpstad. Fra opphavet til 1536, bd. 1 i Bergen bys historie, Bergen 1982