Faktaboks

Bartholomæus Deichman
Bartholomæus Pedersen Deichman
Fødd
5. februar 1671, København, Danmark
Død
16. april 1731, Christiania
Verke
Dansk-norsk geistleg
Familie
Foreldre: Vinhandlar og byfut Peder Deichman (ca. 1639–1684) og Else Pedersdatter (død ca. 1675). Gift 1699 med Else Rosenmeyer (ca. 1669–1745 (begr. 17.4.)), dotter til kjøpmann og godseigar Carl Rosenmeyer (død 1670) og Anna Pedersdatter (død 1679). Far til Peter Deichman (1703–66; sjå NBL1, bd. 3) og Carl Deichman (1705–80).

Bartholomæus Deichman var biskop i Christiania 1712–30. Som teolog og sjelesørjar sette han ikkje særlege spor etter seg, men han var ein ihuga administrator, og spela ei viktig rolle i m.a. salet av norske kyrkjer i 1720-åra og arbeidet med ein ny matrikkel for Noreg. Etter Frederik 4s død fall han i unåde hos den nye kongen og vart avsett frå bispeembetet.

Før Deichman kom inn i norsk samanheng 1713, fall hans liv i tre periodar. I oppvekstperioden i København fram til 1688 opplevde han tidleg tap først av mor og så far. Dei etterlet han ein del midlar, og han viste intellektuelle evner. I perioden fram til 1700 førte han eit skiftande tilvære. Alt få månader etter at han var innført i universitetsmatrikkelen 1688, tok han baccalaurgraden, og gjorde straks etter si første utanlandsreise, m.a. til Leipzig og Jena. Etter teologisk eksamen 1690 drog han på ei ny reise, m.a. til Frankfurt, Leiden og Utrecht.

Han hadde interesser i fleire retningar, men la vekt på teologien, truleg etter råd frå biskop Hans Bagger. 1693 vart han ordinert og utnemnd til feltprest, rykte same år opp til feltprost, og gjorde i tre år teneste hos dei danske hjelpetroppene som var utleigde til den engelske kongen i hans konflikt med Frankrike. Frå 1696 følgde han prins Carl som predikant og skriftefar på ei utanlandsreise som varte til 1699.

Alt 1697 hadde han sikra seg eit embete i København, vart så sokneprest i Kolding og dernest stiftsprost i Odense før han rakk å koma i teneste. Pinsedag 1699 heldt han innsetjingspreike i Kolding, dagen etter avskilspreike. I Odense stogga han nokre månader, og vart så utnemnd til superintendent for grevskapa Oldenborg og Delmenhorst. Han skulle ta doktorgraden før innsetjinga, men rakk ikkje det før han 12. juni 1700 vart biskop i Viborg.

Etter denne urolege perioden verka han så i Viborg i 12 år før utnemninga til biskop i Christiania kom 10. september 1712. Han kom til Christiania året etter og vart buande der til sin død.

Med bakgrunn i sine røynsler frå Viborg gjekk Deichman i gang med å skapa betre orden og oversyn i styringa av sitt nye stift; han ville m.a. ha gjennomført registrering av skriftleg materiale av alle slag. Den åndelege situasjonen verka han mindre oppteken av, og han framstod sjøl som representant for ortodoksien utan påverknad frå nyare tendensar som pietisme og vekkjingsrørsler. Men korkje hans administrative eller intellektuelle evner vart utnytta slik at han sette djupe spor etter seg i norsk kyrkjehistorie.

Deichman samla eit stort bibliotek på over 15 000 bind. Etter hans død vart det selt på auksjon 1732. (Deichmanske bibliotek i Oslo har utgangspunkt i dei bøker sonen Carl samla.) Bispen fekk lite tid til å lesa, hans tid gjekk for ein stor del med til å utføra kongelege oppdrag ved sida av nødvendige gjeremål som kyrkjeleiar.

Deichman hadde god kontakt med hoffet alt frå si tid som prest for prins Carl, og han vart mistenkt for å ha medverka til arrangementet då Frederik 4 i 1712 tok Anna Sophie Reventlow til seg i eit ekteskap “til venstre hånd”. Biskopen hadde heile tida eit godt forhold både til henne og til kongen, som var klar over Deichmans kvalitetar og nytta seg av dei.

Alt frå dei første åra i Christiania, og oftare frå omkring 1720, vart han oppnemnd til kommisjonar av alle slag. Det kunne gjelda arv og skifte, økonomisk misferd, juridiske problem, konfliktar om jord og skog eller andre eigedomar. Slikt tok han villig på seg og prøvde aldri å sleppa unna, sjøl om han kunne klaga over at det vart mykje å gjera. Han hadde opplagt gode administrative evner, og han gav aldri uttrykk for manglande kompetanse på noko felt.

Den første tida skulle han i mangt retta seg etter Slottsloven på Akershus, som var kongens styringskommisjon for landet 1704–22, seinare var statthaldar Ditlev Vibe høgste verdslege styresmakt, og heile tida skulle biskopen samverka med stiftamtmannen for Akershus stiftamt. Særleg i 1720-åra deltok Deichman i saker som galdt heile landet, og mest galdt det tiltak til betring av statens økonomi. Gjennom salg av krongods kunne det skaffast pengar i kassa. Deichman vart ein viktig aktør ved slikt salg og ein hovudaktør når det galdt å selja kyrkjer med det gods som låg til desse. Husa på prestegardane kunne han og tenkja seg å selja, men det vart ikkje gjennomført.

Gjennom å betra skattleggingsgrunnlaget kunne skattane betre fordelast og kanskje aukast utan protestar, og Deichman vart drivkrafta i ei nymatrikulering 1723–24. Inntektsgrunnlaget kunne også betrast gjennom spesielle tiltak for dei viktigaste næringsvegane, særleg dei som gav tollinntekter. Deichman deltok i skogbrukskommisjonar, og han engasjerte seg i bergverkssaker, særleg spørsmål som galdt sølvverket på Kongsberg.

Etter kvart vart han ein viktig rådgjevar for kongen i norske saker, noko som måtte føra til eit vanskeleg forhold til statthaldaren. Biskopen hadde kongeleg gunst og støtte, truleg hadde han kongens øyra i høgare grad enn Wibe i mange samanhengar, og kunne engasjera seg med stor autoritet. Det er ikkje urimeleg å rekna han som den mektigaste mann i landet i denne perioden. Han prøvde å ta vare på sine geistlege embetsfunksjonar, men dei måtte likevel koma noko i bakgrunnen.

Hans aktivitet vekte reaksjonar, og han fekk mange motstandarar. Alt ved avreisa frå Viborg fekk han sterkt delt omtale. Ein svulmande lovtale over ein framifrå bisp vart trykt, og samstundes sirkulerte det diktverk med skuldingar om tjuveri, sedløyse, korrupsjon og jag etter pengar. At han under sin aktivitet i Noreg hadde sterke motstandarar, viste seg særleg ved at det store matrikuleringsarbeidet han la ned så mykje arbeid på, ikkje vart gjennomført. Ei gruppe ved hoffet, med overkrigssekretær Christian Gabel i spissen, hindra dette.

Heller ikkje i alle andre saker fekk Deichman medhald, men han greidde heile tida å halda på kongens gunst og velvilje. Særleg tydeleg vart dette demonstrert då han like etter nederlaget i matrikkelsaka vart den sentrale person i Geheimekommisjonen, som 1725–26 gjennomførte ei gransking av rykte om korrupsjon og svik mellom kongens fremste tenarar. Hans motstandarar nytta seg også av skandskrifter mot han, og klagemåla gjekk på sedløyse, pengepressing og generell verdslegheit. I tillegg vart det, med ein viss rett, peika på at han nytta alle middel til å hjelpa fram eigen familie og tilhengjarar. Det fanst også ein opposisjon mot han på meir prinsipielt grunnlag, noko som førte til at prost Johan Cold 1729 gav ut eit teologisk forsvarsskrift for at ein bisp kunne ta del i verdslege gjeremål slik Deichman gjorde.

Frederik 4 døydde 11. oktober 1730, og etterfølgjaren hans, Christian 6, suspenderte straks Deichman utan nærare grunngjeving. Det vart sett i gang gransking av hans “u-oppbyggelige Forhold” og “u-anstændige verdslige Forretninger”. Sjøl om Frederik 4 hadde søkt å sikra Anna Sophie Reventlow og personar som hadde stått kongeparet nær, kom det no reaksjonar mot desse. Mot Deichman vart det ikkje påvist særleg konkrete brotsverk, og saka mot han vart ikkje fullført sidan han døydde alt i april året etter.

Deichman hadde stige til store høgder og opplevde eit djupt fall. Hans aktivitet i Noreg illustrerar korleis eineveldet kunne nytta sine geistlege embetsmenn. Han stilte seg fullt ut til disposisjon for kongen, tok godt vare på eigne interesser, men hadde ingen eigen politikk korkje på kyrkjeleg eller verdsleg felt. Han var ein velutrusta, aktiv og energisk person som fekk få gode vener, men mange fiendar. Vurderingane av han både i samtid og ettertid har vore sterkt delte. Som bisp under eineveldet var han i første rekkje kongstenar og reiskap for regimet og dernest geistleg med kyrkjelege og åndelege funksjonar.

Verker

  • Dissertatio historico-theologica de genuinis pontificiorum, præcipue Jesuitarum et Casuistarum erroribus, comparatis cum iis, qui falso beato Luthero adscribi solent, dr.avh., København 1700
  • Mosis Ære-Minde fra Gud (liktale over Thomas Kingo 1703), Odense 1704
  • Een sand Christens Forhold i Livet og Tilstand efter Døden (liktale over Elisabeth Samuelsdatter Thrane 1713), København 1714
  • De Frommes Trøst i Sorgen (liktale over Margaretha Mogensdatter 1717), København 1719
  • Texter og Bønner at bruge paa den aarlige Taksigeles-Fæst hver 13. Januarii for det af Gud Rigit Norge beteede Frelse, 1720
  • Forsvarsskrift for de Norske, tilskreven Kong Friderich den Fierde, skrive 1724, trykt i København 1768 og seinare m.a. i Saga 2, 1819, s. 213–234

Kilder og litteratur

  • J. C. Bloch: Den fyenske Geistligheds Historie, Odense 1789
  • J. Møller: Mnemosyne, bd. 1, København 1830
  • C. Bruun: Frederik Rostgaards Liv og Levnet, København 1870–71
  • V. Bang: “Biskop B. Deichman”, i Historisk Archiv, ny rk., bd. 13, 1885, s. 81–109, 185–200 og 241–255
  • W. Lassen: Biskop i Lund (1620–1637) Mats Jenssøn Medelfars agnatiske descendenter, 1901
  • F. Bull: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • biografi (med bibliografi) i Ehrencron-Müller, bd. 2, 1925, s. 341–344
  • S. Supphellen: Den politiske bisp. Bartholomeus Deichman i norsk historie 1713–1730, Trondheim 1989

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Maleri (brystbilete) av ukjend kunstnar, u.å.; Oslo domkyrkje
  • Koparstikk etter dette biletet vart utført av P. Tanjé 1744 og J. Haas 1757