Faktaboks

Bjarne Lodinsson
Død
1311
Verke
Kanslar, diplomat og baron
Familie

Foreldre: ukjent.

Bjarne Lodinsson var ein norsk kanslar, diplomat og baron. Han var kanslar under formyndarstyret etter Magnus Lagabøtes død. Han var ein lærd mann som vart mykje brukt som sendemann frå dei norske kongane til andre fyrstar i tiåra før 1300. Han fall i unåde hos Håkon 5. då han allierte seg med den svenske hertug Erik Magnusson.

Bakgrunn og utdanning

Regimeskiftet i 1280, då tolvåringen Eirik Magnusson vart norsk konge, synest å ha starta Bjarnes rikspolitiske karriere. Han vart medlem av kongens formyndarråd, og som kanslar (det viktigaste hirdembetet) var han i juli 1281 medgarantist i traktaten om ekteskap mellom kong Eirik og den skotske prinsesse Margaret (Margrete Aleksandersdatter). Her blir Bjarne titulert magister, og frå andre kjelder veit vi at han hadde magistergrad frå Paris. Seinare studerte han i Bologna, der han i 1292–1293 tok doktorgraden i romersk rett. Seinare habiliterte han seg til professor, og brukte frå 1295 tittelen juris civilis professor. Den svenske Erikskrönikan omtalar Bjarne som ein meister i bokleg lærdom.

Under Eirik Magnusson

Som ein mann av ukjend byrd, men med høg utdanning og brei politisk erfaring, var Bjarne representativ for det sterke og handlingsorienterte tenesteelementet i rådskrinsen kring kong Eirik tidleg i 1280-åra. Høgast prioritet på rådets handlingsprogram hadde kyrkje- og utanrikspolitikken; saksområde som låg godt til rette for den velskolerte parismagisteren. I den anti-klerikale politikken rådet førte frå 1280 til 1283, og som resulterte i ein bitter kyrkjestrid, var han talsmann for ei hard konfrontasjonslinje. Den islandske biskop Arnes saga har såleis ei dramatisk skildring av korleis Bjarne i 1281/1282 let bryte opp klokketårnet på Kristkyrkja i Bergen for at det skulle ringast i gravferda til ein bannsett baron. Etter at dronning Margrete døydde våren 1283, samtidig som kyrkjestriden stilna, var han igjen i Skottland og kvitterte for ein pengesum på vegner av den avlidne dronningas dotter. Bjarne blir her kalla fransiskanarbror, men det må vere ei mistyding frå den skotske registratoren.

Ut over dette er det taust om Bjarne i kjeldematerialet gjennom 1280-åra, og han synest å ha lagt ned kanslarembetet alt i 1283 (seinast 1287). Mest sannsynleg hadde det samanheng med at han då var ved universitetet i Bologna; det tok normalt fem år å bygge ut ein magistergrad til doktorgrad i romersk rett. I juni 1292 deltok han i den norske delegasjonen under forhandlingane i Skottland om arveretten til den skotske trona, for å fremme Eirik Magnussons tronkrav. Under dei mange seinare rettsmøta same året om denne arvesaka var han ikkje med; han må då ha vore opptatt med dei avsluttande studiane.

Vi ser altså at Bjarne var ein sentral forhandlar for kongen i dei skotsk-norske relasjonane som følgde av kong Eiriks første ekteskap. I 1294 og 1297 var han blant dei norske sendemennene som fekk engelsk leide for å møte den engelske kongen. Vi veit ikkje kva det skulle forhandlast om, men mest sannsynleg har det også denne gongen hatt samanheng med uløyste spørsmål i forholdet til Skottland. I 1295 var han blant dei som frå norsk side garanterte den treårige traktaten om våpenstillstand mellom Noreg og Danmark.

Under Håkon 5. Magnusson

Nokså umiddelbart etter at Håkon 5. Magnusson vart konge i 1299, må Bjarne ha falle i unåde. Ein del tomter han hadde i Oslo gav kongen til Mariakyrkja alt i juni 1300, og i 1302 vart Bjarne fengsla på Ragnhildsholm ved Konghelle. Fengslinga kan ha hatt samanheng med prosessen mot Audun Hugleiksson, som vart avretta same året. Det er naturleg også å trekke inn Bjarnes samarbeid med den svenske hertug Erik Magnusson, Håkon 5.s svigerson, anten som medverkande årsak til eller som konsekvens av brotet med kong Håkon.

Det nordiske politiske landskapet i dei to første tiåra av 1300-talet var prega av ein innfløkt maktkamp med skiftande alliansar. Hertug Erik synte seg etter kvart som ei drivande kraft og ein overlegen strateg i dette maktspelet, med det overordna mål å vinne kongemakta både i Sverige og Noreg. Dersom historikaren Peter Andreas Munch har rett i at Bjarne var forlent med Elvesysla, som grensa opp til hertugens svenske landområde, kan Bjarne og Erik ha utvikla felles interesse i å bygge opp eit mellomnordisk rike i skjeringspunktet mellom dei tre nordiske statane.

Kronologien etter 1304 synest å støtte ein slik konspirasjonsteori. Då kong Håkon i 1304 allierte seg med hertug Erik (og bror hans, hertug Valdemar), møter vi igjen Bjarne i teneste hos kong Håkon. Både i 1304 og 1305 var han medutferdar av to viktige vitnebrev, og det var truleg i eitt av desse åra kongen utnemnde han til baron. Då kong Håkon på ny braut samarbeidet med hertugane, vart Bjarne ifølgje Erikskrönikan fordriven frå landet. Siste gong vi høyrer om han, var då han i 1310 leia den svenske beleiringsstyrken som erobra Ragnhildsholm frå nordmennene. Året etter døydde han.

Ettertidas vurdering

I norsk historieskriving har Bjarnes omskiftande karriere invitert til eit heller tvisynt ettermæle. Hans akademiske merittliste, og den skarpe profilen som politikar og diplomat i kongens teneste, vart høgt og positivt vurdert av representantar for den norske historiske skulen (til dømes Rudolf Keyser). Tilsvarande stilte dei seg fordømmande til hans hopehav med hertug Erik. Særleg Rudolf Keyser gjekk langt i å utvikle konspirasjonsteorien: ved regimeskiftet i 1299 stod Bjarne fram som ein av hovudmennene bak eit anti-monarkisk parti «med aristokratiske eller oligarchiske Hensigter til Kongedømmets Indskrænkning». Det er eit resonnement som nok gjer Bjarne Lodinsson til ein større politisk ideolog enn han i røynda var.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Munch, Peter Andreas (1859): Det norske folks historie (NFH), del 4, bind 2
  • Keyser, Rudolf (1870): Norges Historie, bind 2
  • Bull, Edvard (1923): biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL 1), bind 1
  • Sällström, Åke (1957): Bologna och Norden intill Avignonpåvedömets tid, Lund
  • Helle, Knut (1972): Konge og gode menn i norsk riksstyring cirka 1150–1319
  • Johansen, Arve (1983): De utenrikspolitiske sendemenn i Norge på 1200-tallet, hovedoppgave i historie, UiTø
  • Bjørgo, Narve (1995): «800–1536: Makt – og avmakt», i Norsk utenrikspolitikks historie, bind 1
  • Bjørgo, Narve: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Regesta Norvegica, bind 2 og 3, registrerer alle dokument som omtalar Bjarne Lodinsson i Diplomatarium Norvegicum og andre kjeldeutgåver
  • Islandske Annaler
  • Erikskrönikan, utgitt av Rolf Pipping, Uppsala 1921/1963
  • Árna saga biskups, utgitt av Þ. Hauksson, Reykjavík 1972

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg