Faktaboks

Eiliv Gudrunsson
Norrønt Eilífr Goðrúnarson
Levetidskommentar
Fødselsår og fødestad er ukjende; Dødsår og dødsstad er ukjende; slutten av 900-talet
Verke
Skald
Familie
Foreldre: Faren er ukjend, mora heitte Gudrun.

Eiliv Gudrunsson er nemnd i Skáldatal som ein av skaldane til ladejarlen Håkon Sigurdsson. Eiliv må såleis ha levd seint på 900-talet, men vi veit ikkje når han var fødd, eller når han døydde. Vi kjenner ikkje ætta hans. Han har namn etter mora – Gudrunsson. Det kan vere fleire grunnar til ein slik namneskikk, ein sannsynleg grunn er at faren har døydd tidleg.

Eiliv er først og fremst kjend som skalden bak Þórsdrápa, eit tungt tilgjengeleg dikt i drottkvætt om guden Tor. Diktet fortel om Tors reise til jotnen Geirrød. Snorre gjenfortel myten i prosaform i kapittel 27 av Skáldskaparmál, og tre av handskrifta til Snorres Edda har føya til 20 strofer av Þórsdrápa etter dette kapitlet. To halvstrofer, som ein har gått ut frå tilhøyrer det same diktet, er siterte andre stader i Skáldskaparmál. Desse står som nr. 16 og 21 i utgåver av diktet. Ei halvstrofe av eit dikt i drottkvætt som dei fleste har meint har vore del av eit hyllingsdikt til Håkon ladejarl, er sitert i Skáldskaparmál 11 som døme på ein kjenning (poetisk omskriving) for skaldskap. Norrønfilologen Hallvard Lie har argumentert for at desse verslinene har tilhøyrt eit dikt om guden Tor. Enno ei halvstrofe er sitert i Skáldskaparmál 65, der Snorre gir døme på kjenningar for Kristus. Eiliv kallar her Kristus for “Romas sterke konge”, og strofa har vore teken som prov på at skalden på eit tidspunkt har gått over til kristendomen. Þorsdrápa og dei to halvstrofene, den eine om Håkon jarl eller Tor, den andre om Kristus, er alt som er overlevert etter Eiliv Gudrunsson, og det vil seie at alt som er overlevert, står i handskrift av Snorres Edda.

Trass i at vi ikkje har biografiske opplysningar om Eiliv Gudrunsson i norrøne kjelder, har dei fleste rekna med at han var islending. Det kan vere like mykje som talar for at denne skalden var norsk. Den einaste opplysning kjeldene gir, er at han var skald hos ein norsk jarl, og han var det i ein periode då det framleis fanst norske hirdskaldar. Han må ha levd i den perioden dei fleste islendingesoger fortel om. Men denne betydelege skalden er ikkje nemnd i ei einaste soge som fortel om hendingar på Island i denne perioden.

Myten som Eiliv gjenfortel i Þórsdrápa, samsvarar ikkje i alle detaljar med myten slik han er gjenfortald av Snorre. I diktet er det Tjalve som er Tors reisefølgje på reisa til jotnen Geirrød, hos Snorre er det Loke. Dette treng ikkje seie noko om kvar diktet har vorte til, men kan vere eit indisium på at det er skapt i ein annan tradisjon enn den islandske. Det er også eit spørsmål om ikkje Eilivs stil med lange, tunge og framfor alt fantasifulle kjenningar som nærmast sprengjer reglane i skaldespråket, står vel så nær stilen hjå eldre og samtidige norske skaldar som stilen hos islandske skaldar på slutten av 900-talet.

Þórsdrápa har ein gjennomført komisk tone. Eiliv skildrar korleis Tor med Tjalve hangande i skjoldbandet vassar over ei flaumdiger elv som er skapt av ei (menstruerande?) jotunkvinne, og med naud og neppe reddar seg i land. Seinare blir han motteken av jotnane på ein måte som er ein parodi på korleis ein mottok gjester. Diktet har også vore karakterisert som “infam parodi”, og denne haldninga til guden har vore sett i samanheng med at skalden på eit tidspunkt skal ha gått over til kristendomen. Men strofa der Eiliv omtalar Kristus som “Romas sterke konge”, provar ikkje noko meir enn at Eiliv kjende kristendomen. Det er ingen ting i strofa som tyder på at skalden såg med velvilje på den nye kongen i Roma. I Þórsdrápa får Tor til slutt også kontroll over situasjonen, og tek livet av heile jotunflokken med hammaren sin. Myten i diktet følgjer såleis det mønsteret vi finn i praktisk talt alle mytar der Tor spelar ei hovudrolle, og diktet kan difor neppe gi haldepunkt for kva haldning skalden hadde til kristendomen eller dei gamle gudane. Krinsen kring Håkon ladejarl var ein heiden bastion på slutten av 900-talet, og sidan Eiliv Gudrunsson tilhøyrde denne krinsen, er det mest sannsynleg at vi her har diktinga etter ein heiden skald som kjende kristendomen.

Kilder og litteratur

  • Finnur Jónsson (red.): Den norsk-islandske skjaldedigtning (utg. av Eilivs dikting: IA (tekst etter handskrifta), s. 148–152; IB (retta tekst), s. 139–144), København 1912–15
  • F. Paasche: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • Finnur Jónsson (red.): Edda Snorra Sturlusonar, København 1931
  • V. Kiil: “Eilífr Goðrúnarson's Þórsdrápa”, i Arkiv för nordisk filologi 71, 1952
  • G. W. Weber: “Die Christus-Strophe des Eilífr Goðrúnarson”, i Zeitschrift für deutsches Altertum und deutsche Literatur 99, 1970
  • H. Lie: “Þórsdrápa”, i KLNM, bd. 20, 1976
  • M. Clunies Ross: “An Interpretation of the Myth of Þórr's Encounter with Geirrøðr and His Daughters”, i U. Dronke m.fl. (red.): Specvlvm Norroenvm. Norse Studies in Memory of Gabriel Turville-Petre, Odense 1981
  • R. Frank: “Hand Tools and Power Tools in Eilífr's Þórsdrápa”, i J. Lindow m.fl. (red.): Structure and Meaning in Old Norse Literature. New Approaches to Textual Analysis and Literary Criticism, Odense 1986
  • E. Mundal: “Forholdet mellom myteinnhald og myteform”, i G. Steinsland m.fl. (red.): Nordisk hedendom. Et symposium,Odense 1991
  • M. Clunies Ross: “Eilífr Goðrúnarson”, i P. Pulsiano (red.): Medieval Scandinavia. An Encyclopedia,New York/London 1993