Faktaboks

Frits Hansen
Frits eig. Adam Frederik Christian Hansen
Fødd
31. januar 1841, Larvik, Vestfold
Død
8. juni 1911, Kristiania
Verke
Skolemann og politikar
Familie
Foreldre: Sorenskrivar Frederik Christian Hansen (1799–1860) og Albine Elise Fougner (1801–46). Gift 27.5.1872 med Ingeborg Marie Heftye (20.5.1852–30.8.1894), dotter til konsul Thomas Johannesen Heftye (1822–86) og Marie Jacobine Meyer (1826–95). Svoger til Thomas Thomassen Heftye (1860–1921).

Frits Hansen vart kjent både som ein sentral folkehøgskolemann som var lærar både på Sagatun og Vonheim, og som sentrumspolitikar som kjempa for skandinavismen og det norske målet.

Hansen voks opp på Helgeland, vart student frå Nissens skole i Christiania 1858 og var aktivt med i studentlivet. Han vart vald til formann i Det norske Studentersamfund ikkje mindre enn 10 gonger og var kjent som ein veltalande, entusiastisk person som hadde sterk overtyding om det han trudde på. Han sat i styret i Bjørnstjerne Bjørnsons formannstid og var frå og til ven med Bjørnson store delar av livet. Han var også med i det som vart kalla Døleringen, ein flokk radikale akademikarar i 1860-åra som samla seg kring Aasmund O. Vinje, brørne Ernst og G. O. Sars, Carl Berner, Werner Werenskiold og fleire. Stundom var også Ivar Aasen innom. Dei møttest hos kvarandre eller på kafeen i Studentersamfundet ein gong i veka. Her friska dei opp att sommarminne frå fjellet og tok politikken og åndslivet i tida opp til ordskifte.

Hansen knytte også ein nær venskap til Christopher Bruun i studenttida, og Bruun vart den av venene frå studietida som verka sterkast inn på han, ikkje minst fordi han representerte foreininga av det norske og nordiske, syntesen mellom nasjonalisme og skandinavisme som Hansen opplevde som så viktig. Han hadde vore med på studenttoget til Lund og København 1862, som var høgdepunktet i skandinavismen. Han vart verande tru mot dei skandinavistiske ideane og ideala, og han sleppte heller ikkje tanken på at Danmark høyrde saman med tvillingrika Sverige-Noreg også etter at danskane vart ståande åleine mot Preussen i krigen 1864. Innhaldet i den skandinavismen som Hansen stod for, kom klarast til uttrykk i ein tale han heldt 1868. Her hevda han at skandinavismen ikkje ville anna enn “at Folkene i Norden skulde have lige Ret og, at det ene skal agte det andets Ret, og paa denne Grundvold bygge Enighed og Samhold mellem Rigerne i gode og onde Dage”. Han meinte det var Noregs oppgåve å stå som eit mellomledd mellom dansk og svensk, og at det norske språket skulle nærme seg det svenske for å kjede språka saman.

Hansen meinte at det også i det nasjonale spørsmålet måtte skje ein syntese, og at det måtte byggjast bru mellom dei to elementa i det norske samfunnet. Det var i folkelivet han fann det forklarande og samanbindande mellomleddet mellom Noregs fortid og nåtid. Den politiske frigjeringa som hadde skjedd 1814, og som først og fremst “den dannede klasse” hadde stått bak, var starten på ei åndeleg og nasjonal livsutfalding, til eit åndeleg-nasjonalt sjølvstende i kunst, litteratur og språk. Da plikta vi “at gjøre de nationale Elementer, der er forhaanden baade i vor Almues Liv og i vort Folks Oldtidshistorie, og som staar i indbyrdes Livssammenheng, til væsentlige bestemmende Kræfter i vor hele folkelige Gjerning”.

Frits Hansen vart cand.theol. 1865, og han arbeidde først som kateket og lærar ved Krigsskolen i Nordens språk, litteratur og historie. Men han ville vere med på “at reise nye, mer nationale Høisæder for Aand og Dannelse”, og 1872 vart han lærar ved den første folkehøgskolen i landet, Sagatun ved Hamar. Eit par år seinare kom han til Bruuns folkehøgskole Vonheim i Gausdal. Her hadde han eit nært forhold til Bjørnson og vart eit bindeledd mellom Aulestad og Vonheim. Det var helst Noregs historie han underviste i. Bjørnson kalla foredraga hans “mesterlige”, og andre har også framheva at han var veltalande, hadde djupt alvor og vidt utsyn. Han fanga og begeistra bondeungdomen, og fekk mange vener blant dei. Han skreiv også ei bok om folkehøgskolesaka denne tida, Om Folkehøiskolen og Almuedannelsen. En Redegjørelse og et Forsvar (1877).

1881 slutta Hansen som lærar på Vonheim og flytta til Stavanger for å bli medstyrar på Stavanger private middelskole. Men han kom attende til Vonheim 1887 og vart nå verande nokre år. Det var i denne perioden han bygde den storfelte villaen sin, Kornhaug, som i ettertid er blitt ståande som eit av dei fremste døma på dragestilarkitektur i landet. Huset var nok delvis finansiert med pengar frå svigerfaren, konsul Thomas Heftye.

1896 flytta Hansen frå Gausdal for godt for å bli redaktør av avisa Eidsvold, der han var eit par år. Han vart buande i Kristiania resten av livet og var lærar ved ymse skolar.

Hansen engasjerte seg i mange samfunnsspørsmål i tida. Ved sida av skandinavismen var målsaka eit sentralt tema for han. Alt 1873 i eit foredrag i Vestmannalaget, Maalsagen og Politiken, tok han til orde for at målsaka skulle politiserast. Ein skulle krevje “Statens og Lovenes Hjælp” og reise ei folkevilje om dette kravet. Det burde undervisast i gamalnorsk på seminara, og norsk skrift (nynorsk) burde over alt likestillast med dansk.

Sjølv om Hansen i mange saker tok radikale standpunkt, var han av natur konservativ, og han prøvde finne kompromiss mellom partane i fleire stridssaker i tida. Han prøvde i eit innlegg å dempe motsetningane i flaggsaka 1879. Han peikte på ei minneleg løysing i statsrådssaka 1881. Før riksrettsdommen fall 1884, tok han til orde for eit kompromiss. Han var mot utvida røysterett fordi han frykta arbeidarane og den sosialistiske agitasjonen. Han vart med i den såkalla 3. unionskomiteen, der han stod i ei mellomstilling mellom svenskane og dei norske venstrefolka. Han var ein mann som søkte mot sentrum i politikken. Han var også med på å stifte Centrumsforeningen i 1890-åra, og var formann der til partiet slokna da unionsstriden kvesste seg til.

Unionsoppløysinga 1905 gjorde han på ein måte skuffa. Han ville nok ikkje ha resultatet frå 7. juni omgjort, men han meinte at målet for den norske utanrikspolitikken nå måtte vere å gjenopprette eit brorskapsforhold mellom Noreg og Sverige. Skandinavisten i han var like levande.

Frits Hansen var ein ivrig skribent som skreiv mykje både i hovudstadspressa og andre stader. Han var med i Vort Land 1867, redigerte avisa Framgang (som seinare heitte Bonden) på Lillehammer, og Eidsvold i Kristiania. Og han gav ut fleire skrifter, både skjønnlitterære og politiske.

Verker

  • Giftblandersken paa Akershus, original Fortælling. Samt den Pukkelryggede, Condottieroen, Cavalcada, 1873
  • Maalsagen og Politiken. Foredrag, 1873
  • Høisalig Kapteinen eller Christiania Mysterier, 1876
  • Om Folkehøiskolen og Almendannelsen. En Redegjørelse og et Forsvar, København 1877
  • Giv Agt! Vetosagen eller Statsraadsagen? En Henvendelse til Stortinget, 1881
  • Edvard Storm, digteren fra Vaage, 1890
  • Om Opdragelse og Undervisning, 1900
  • Vore Prester og 7de Juni, 1906

Kilder og litteratur

  • Stud. 1858, 1908
  • S. Frich: “Frits Hansen”, i Fraa arbeidslive mitt, 1922
  • E. Boyesen: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • biografi i Norsk Allkunnebok, bd. 5, 1953