Faktaboks

Hans Hyldbakk
Fødd
8. mai 1898, Surnadal, Møre og Romsdal
Død
18. august 2001, Surnadal
Verke
Diktar og lokalhistorikar
Familie
Foreldre: Tømmermann Peder Pedersen Hyldbakk (1860–1953) og Rannei Eriksdatter Øien (1862–1927). Ugift.
Hans Hyldbakk

Foto 1997

Hans Hyldbakk
Av /NTB Scanpix ※.

Hans Hyldbakk gav ut si tiande diktsamling det året han fylte 100 år. Midt i livet skreiv han Vårsøg, som med tone av sambygdingen Henning Sommerro er kåra til Noregs vakraste vise. Han var òg ein banebrytande lokalhistorikar.

Hyldbakk voks opp i Surnadal. I unge år arbeidde han som gardsdreng og dreiv som bokseljar og salsagent. Møtet med Nordmøre folkehøgskule og styrar Eirik Øverås 1923 inspirerte. Skulen gav ut kulturavisa Heimveg, der Hyldbakk vart medarbeidar. Han utvikla eit stilsikkert språk med ein personleg, munnleg grunntone. 1939–42 var han redaktør i Heimveg, men innstilte drifta i protest mot nazifiseringa.

Debuten som lyrikar kom 1929 med samlinga Harpespel. Dei fleste dikta hans er skrivne på nynorsk, men mange av dei mest kjende, som Vårsøg og E slåttatæja, er skrivne på dialekt. Forfattaren Edvard Hoem meiner dialekten stengde vegen til det store publikum, men at vegen vart opna igjen av samspelet med musikken til Sommerro. Hyldbakk skreiv rytmesikkert i bunden form. I tillegg til eigne samlingar er han representert i mange dikt- og viseantologiar. Han skreiv framleis etter at han fylte 100.

Hans Hyldbakk var ein pioner innan lokalhistorie. Han vart kalla “småkårsfolkets historikar”: den første som systematisk samla og gav ut slektshistorie om husmannsstanden. Husmenn og husmannsplassar i Surnadal kom 1942. Det vart til saman om lag 11 000 sider lokalhistorie, mellom anna bygdebøker for seks kommunar. Sjølv rekna han dette som det viktigaste arbeidet sitt; dikta er “biprodukt”. Derfor oppsøkte han aldri noko litterært miljø.

Eit sentralt motiv for både historikaren og lyrikaren Hyldbakk var kjærleiken til heimbygda og medmenneska. Likevel var han til tider omstridd i heimbygda. Han var frittalande og ærleg, og framstilte aldri seg sjølv som noko dydsmønster. I tillegg budde han i 52 år for seg sjølv oppe på Kleiva, høgt over bygda. Der tok han den sjølvironiske tittelen “Kleivakongen”.

Hyldbakk opplevde stor suksess seint i livet. Han var kjent og respektert lokalt. Frå 1972 spreidde ryet seg, gjennom skarpsynte og humørfylte Brev frå Kleiva i avisa Driva. Så gjorde Sommerro dikta hans landskjende med “Vårsøg” (1977) og fleire plater. Teaterstykket No skin det sol (1995), dels sjølvbiografiske Hyldbakk-tekster samla av Vidar Sandem, sette publikumsrekord for Teatret Vårt i Møre og Romsdal og gjestespelte på Det Norske Teatret. Til 100-årsdagen 1998 kom biografien om Hans Hyldbakk. I desse åra fekk han òg mange utmerkingar, t.d. Møre og Romsdals fylkes kulturpris 1973, Norsk kulturråds pris for lokalhistorie 1976 og Kongens fortenestemedalje i gull 1994.

Hans Hyldbakk levde eit nøysamt og arbeidssamt liv. Som pensjonist greidde han å spare nær ein million kroner, som han gav til Surnadal kommune. Pengane blir brukte i Kleivafondet, som skal “fremje kulturelle og lokalhistoriske føremål, unnateke fotball og stjerneidrett”. Husa på Kleiva gav han òg til kommunen, og dei vil venteleg bli opna for publikum.

Vandraren Hyldbakk var aldri utanlands, men kjente kvar gard og slekt i heimeområdet. Han overnatta i godt over 300 heimar på Nordmøre og mange i Romsdal og Trøndelag. På spørsmålet om han hadde nokon livsfilosofi, svarte 103-åringen Hans Hyldbakk: “Du skal leva i sanning og ikkje gi deg ut for nokon annan enn du er. Berre smålyge litt når det trengst …”

Verker

  • Ein bibliografi over Hyldbakks trykte arbeid, laga av O. Roaldset, finst i E. Sæter og S. Sæter: Hans Hyldbakk (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder), s. 181–182

    Diktsamlingar

  • Harpespel, 1929
  • På vandringsveg, 1930
  • På heimveg, 1937
  • Heimbygdsvers, 1942
  • Etter-rakster, 1946
  • Aspa skjelv i Øyalia, 1974
  • Lauvfall i Litlsalen, 1976
  • Prologar og høvesdikt, 1977
  • Kveldsvers frå Kleiva, 1986
  • Vårsøg (dikt i samling), 1990
  • Lauvfall, 1998

    Prosa

  • Kleivabrev frå krigstida, 1945
  • Ei haustferd på Nordmøre 1934, 1951
  • Streiftog i bygda, 1971
  • Brev frå barndommen, 1984
  • Agent nr. 184, 1987
  • Brev frå Kleiva, 1989

    Lokalhistorie

  • Husmenn og husmannsplassar i Surnadal, 2 bd., 1942 (ny utg. Heimar i Surnadal, 1966–68)
  • Gards- og ættesoge for Surnadal, 2 bd., 1947–49 (ny utg., 3 bd., 1980–81)
  • Heimar og ætter i Stangvik, 2 bd., 1953–54 (ny utg. 1981–82)
  • Folk og heimar i Åsskard, 1955 (ny utg. 1987)
  • Bygdesoge for Surnadal, 2 bd., 1957–59
  • Gards- og ættesoge for Tingvoll, 3 bd., 1961–65
  • Gards- og ættesoge for Rindal, 3 bd., 1964–67
  • Gards- og ættesoge for Frei, 2 bd., 1971–72
  • Gammalt frå Surnadal, 1972
  • Setrane i Surnadal, 1975

Kilder og litteratur

  • Hyldbakks eigne bøker (sjå ovanfor)
  • E. Sæter og S. Sæter: Hans Hyldbakk. Samtale med ein 100-åring (sm.m. H. Sommerro og O. Roaldset), 1998
  • O. Hals: artikkel i Årbok for Nordmøre Historielag 1998

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Byste (bronse) av Tore Bjørn Skjølsvik, 1979; ved kommunehuset, Skei, Surnadal