Faktaboks

Hans Seland
Hans Andreas Seland
Fødd
5. mars 1867, Seland i Nes (no Flekkefjord), Vest-Agder
Død
30. juni 1949, Nes
Verke
Bonde og forfattar
Familie
Foreldre: Bonde Johannes Ingvarson Seland (1829–1915) og Karen Sofia Staalesdotter (1835–1924). Gift 22.6.1896 med Berte Serena Malde (17.12.1872–1966), dotter til handelsborgar Sven Knutson Malde (1843–1921) og Berte Marie Fosse (1849–81). Farbror til Johannes Seland (1912–99).
Hans Seland

Hans Seland fotografert i Bergen 1920

Hans Seland
Av /NTB Scanpix ※.

Hans Seland har ikkje fått nokon stor plass i dei offisielle litteraturhistoriene våre. Men med sine ca. 40 bøker – nokre i fleire og store opplag – må han likevel reknast som ein av dei viktigaste nynorske heimstaddiktarane som debuterte på slutten av 1800-talet.

Seland gjekk på amtsskulen vinteren 1883/84 og på Stend landbruksskule 1884–86. Nokre år arbeidde han som gartnar i Bergen og som meierist i Danmark, og dessutan som bokseljar. 1893–96 var han redaksjonssekretær i Nordmanden i Kristiania, før han 1896 drog attende til Nes for å overta farsgarden.

Seland hadde nær kontakt med mange kjende forfattarar og kulturfolk, og han var bidragsytar i ei rekke nynorske blad, som Fedraheimen, Den 17de Mai, Syn og Segn og Nordmanden. I tillegg til allment kultur- og mållagsarbeid var han politisk og sosialt engasjert. 1915–18 var han vararepresentant til Stortinget for Venstre, 1921–24 for Bondepartiet. Lokalt var han medlem av Nes heradstyre og kommune- og bankrevisor i 30 år.

Seland skreiv for mange målgrupper og nytta seg av mange slags sjangrar: barne- og ungdomslitteratur, humoristiske forteljingar (“hikstorier”), folkelivsskildringar, ekteskapsromanar, lærebok i fruktdyrking og ei stavebok. Han laga òg omsetjingar.

I motsetnad til mange andre forfattarar av bondeætt blei han alltid verande bonde og tematiserte sjeldan nokon disharmoni mellom kunstnaryrket og bondeyrket i diktinga – som heller er karakterisert ved ein klar realisme der arbeidsliv og kulturliv går hand i hand. Miljø og handling har gjerne med oppvekst og ungdom å gjere, og i handlinga er det ofte fletta inn soger og folkelege formuleringar frå den munnlege tradisjonen. Norma i diktinga er prega av ei positiv livstru og er spesielt forankra i bondens mentalitet og arbeidsliv, for det meste på Vest-Sørlandet. “Det er ein særskilt lut av landet han har flytt inn i bokheimen og gjeve rom der, landet mellom Garborg i vest og Vilhelm Krag og Gabriel Scott i aust,” seier biografen Einar Arne.

Diktinga og bladinnlegga til Seland hadde ofte brodd mot dekadensen i litteraturen. Fleire av folkelivsskildringane hans har preg av sterkt samfunnsengasjement. Dette kjem òg til uttrykk i Selands nesten 40 år lange arbeid med den såkalla Hetlesaka, der han bidrog sterkt til at eit justismord frå 1907 kom opp for retten på nytt og dei to dømde endeleg vart frikjende.

I samtida var Hans Seland i mange år mest kjend som omreisande, profesjonell forteljar av “hikstorier”. Tale- og forteljeturneane var landsomfattande og populære i både bygd og by. Dei hadde mykje å seie for utbreiinga og aksepten av norsk folkemål og folkekultur, ikkje minst i Kristiania, der han ein gong hadde 30 forteljekveldar etter kvarandre i Eldorado. 1903–04 hadde han stipend og drog på foredragsturné i USA.

I litteraturhistoriene blir gjerne dei tidlege psykologisk-realistiske bøkene som Andror (1898) og Eikeli (1900) framheva som Selands beste – i tillegg til den positive kjærleiks- og ekteskapsromanen Høgsumar med tydeleg brodd mot dekadensen i tida. Dessuten har bøker for eller om barn som I straumen og Prinsesse Gullsko og systrene hennar, fleire av folkelivskildringane og skjemtesogene varig litterær kvalitet. Sjølv rekna Seland trilogien om Tore Herdal som det største verket sitt.

I si undersøking av Hans Selands forfattarverksemd i høve til ein alternativ nynorsk litterær institusjon meiner Sigrid Arne at det er viktig å vurdere denne diktinga på sine eigne premissar, i lys av den særlege funksjonen litteraturen hadde for publikum i eit stadig veksande nynorsk kulturliv. Her var det sterke krav om at litteraturen skulle vere til nytte og gagn – fungere pedagogisk med gode føredøme og vere til praktisk nytte i den individuelle og nasjonale daninga av lesarane. Vurdert på slike premissar kan ein godt sjå Hans Seland som eit idealtypisk uttrykk for og ein viktig bidragsytar til “den nynorske norma”.

Verker

    Eit utval

  • I straumen, 1892
  • Hikstorier, 1893
  • Andror, 1898
  • Eikeli, 1900
  • Norskt maal. Kvi strævar me?, 1900
  • Prinsesse Gullsko og systrene hennar, 1901
  • Høgsumar, 1903
  • Um Amerika og frendefolket i Vesterheim, 1904
  • Bygdefolk. Utvalde Skjemte-soger, 1907
  • Dagros og andre dyr, 1907
  • Frukthagen, 1908
  • Stavebok for skule og heim, 1908
  • Hetlesaki. Eit bilæte or norsk rettssoga, 1908
  • Tore Herdal-trilogien (Synkvervd, 1902, Tvo Herrar, 1911, Vegvill, 1917)
  • Eventyret. Ei Utvandrarsoge, 1926
  • Aar og dagar, sjølvbiografi, 1931
  • Hetlesaka som gjekk i 40 år, 1945
  • Selands-ætta. Seland i Nes, Vest-Agder, slektshistorie (sm.m. Serena Seland), Flekkefjord 1958

Kilder og litteratur

  • Hans Selands sjølvbiografi og slektshistorie, (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • S. Eskeland: “Hans Seland. Diktaren 1891–1916”, i For Bygd og By nr. 22/1916
  • HEH 1948
  • J. Hovstad: “Ein strid for retten”, i SogS 1948
  • Haffner,bd. 1, 1949
  • M. Ringard: Hans Seland – en profil, 1949
  • H. Koht: “Hans Seland i ungdomsdagar”, i SogS, 1949
  • O. Midttun: “Hans Seland”, sst.
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 13, 1958
  • E. Arne: Hans Seland, diktaren og mennesket, 1966
  • I. Seland: Lokalhistorisk bibliografi for tidlegare Nes og Flekkefjord kommunar, 1979
  • S. Arne: Hans Selands forfattarverksemd i høve til ein alternativ nynorsk litterær institusjon rundt hundreårsskiftet, h.oppg. UiB, 1982

Portretter m.m.

  • Måleri (Hans Seland og barna) av Frida Hoeck Rusti, 1903
  • Teikning (brystbilete) av Rasmus Strømme, 1927; trykt i Nationen 5.3.1937
  • Bautastein (granitt) av Ståle Kyllingstad, 1955; Flekkefjord