Faktaboks

Jan-Magnus Bruheim
Fødd
15. februar 1914, Skjåk, Oppland
Død
10. august 1988, Skjåk
Verke
Forfattar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Mathias Bruheim (1882–1967) og Torø Lund (1880–1929). Ugift.

Jan-Magnus Bruheim vart ein av dei fremste lyrikarane her i landet; han skreiv òg for barn, både dikt og forteljingar, og han vart ein kjend og kjær opplesar av eigne ting i radio og for skuleklasser kring i landet.

Bruheim gjekk framhaldsskule og ungdomsskule. Han begynte på toårig middelskule, men slutta etter det første året. Kvifor han ikkje fullførde middelskulen, har han fortalt i eit brev: «Eg greidde ikkje å sameine det med kontakten med naturen, med voksterlivet, med alt som levde og rørde seg rundt ikring. Eg ville heller vera med i arbeidet heime på garden.» Men i same brevet har han også sagt dette: «Jamvel frå så lenge sidan som før eg kunne lesa bøker, bar eg på draumen om å bli diktar.»

Bruheim vaks opp i ein heim der dei intellektuelle interessene var sterke. Foreldra hadde eit kristent livssyn, og dei humane og etiske grunnverdiane dei stod for, gjekk i arv til diktaren.

Han levde eit enkelt og kravlaust liv som gardsarbeidar. Men han var kosmopolitt. Han kjende samtida på pulsen og tok ut på lange reiser for å gjera seg kjend med andre land. Mellom anna gjorde han ei lang reise i Sovjetunionen, og han var i Amerika. 1941 debuterte han med diktsamlinga Stengd dør, og Arnulf Øverland var mellom dei som straks såg stordomen hos denne smålåtne bondeguten frå Gudbrandsdalen.

Jan-Magnus Bruheim gav ut 18 diktsamlingar. Den siste kom 1987. Titlane på samlingane fortel mykje om innhaldet, som til dømes Yta og djupe (1945), På skålvekti (1947) og Ord gjenom larm (1954).

Sentralt hos Bruheim står striden mellom det vonde og det gode, mellom mørkret og ljoset. Han er ofte tunglynd, men kan òg vera glitrande glad. Heimbygda er ein stø grunnmur under diktinga hans, men innhaldet er stadlaust og tidlaust. Han sameinar bygda og verda.

Bruheim gav ut ei rekkje prosabøker. Den han sjølv nemnde som den beste av desse, var Brevet til kjærleiken (1976). Prosabøkene til Bruheim ligg på grensa til rein poesi.

Bruheim skreiv to høyrespel, Myrke strålar og Hus under hengjefonn. Desse er ikkje prenta, men dei har vore sendt i radio.

Som barnebokforfattar hadde Bruheim stor suksess. For desse bøkene fekk han påskjøningar fra Kyrkjedepartementet. Reinsbukken Kauto fra Kautokeino (1963) kom også ut på samisk og engelsk. Då Bruheim fylte 60, skreiv Tordis Ørjasæter i Dagbladet: «Det er i poesien norsk barnelitteratur har sin styrke. Ikke minst takket være Jan-Magnus Bruheim.»

Bruheim reiste mykje rundt i landet og las opp frå bøkene sine. Han hadde ei særmerkt røyst og var ein framifrå opplesar også i radio. Han hadde ei særleg fin evne til å koma i kontakt med barn og var ein kjærkomen gjest hos mange skuleklassar kring i landet. Ein logn og fin humor kom ofte til uttrykk hos Bruheim. Vart han spurd om han kunne leva av å skrive dikt, svara han slik: «Det ser ikkje ut til at eg døyr av det heller.»

Bruheim var ugift. I åra 1978–85 budde han i Botnane på Vestlandet. Elles budde han i Skjåk heile sitt liv, og der døydde han.

Bruheim vart heidra med Doblougprisen, Sunnmørsprisen og Kulturprisen for Gudbrandsdalen. Ei tid var han medlem av Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening.

Verker

    Publiserte verk (eit utval)

  • Stengd dør, 1941
  • Yta og djupe, 1945
  • På skålvekti, 1947
  • Myrke strålar (høyrespel), 1949
  • Ord gjenom larm, 1954
  • Reinsbukken Kauto fra Kautokeino, 1963
  • Brevet til kjærleiken, 1976
  • Lyrespelaren, 1977
  • Du i meg, 1979
  • Leikande menneske, 1982
  • Flo og fjøre, 1984
  • Årringar, 1987