Faktaboks

Kark

Tormod Kark, Skofte Kark

Fødd
935
Død
995, Lade, Trondheim
Levetidskommentar
fødsels- og dødsår er omtrentlege
Verke
Træl
Familie

Foreldre: Ukjende.

Kark dreper Håkon Jarl

Kark, eller Tormod Kark, var trælen til den norske riksstyraren Håkon jarl. Kark skal ifølgje sagaene ha vore med Håkon under slaget ved Hjørungavåg omkring 986, og han skal ha vore den som tok livet av Håkon i 995. Bakgrunnen for drapet var at kong Olav Tryggvason, som var Håkons motstandar, utlova belønning til den som drap Håkon. Kark fekk likevel ikkje belønning, men vart sjølv drept av Olav Tryggvasons menn.

Bakgrunn

Snorre Sturlason fortel at Tormod Kark og Håkon jarl vart fødde i samme natta, sjølvaste midtvintersnatta. Trua på lagnaden var sterk i det norrøne samfunnet, så det må ha blitt sett på som alt anna enn tilfeldig at ein jarleson og ein træl kom til verda samtidig. Håkon skal da også ha fått Kark i gåve den dagen han fekk den første tanna si. Jarlen seier det slik hos Snorre: «Vi vart fødde samme natta, det blir visst ikkje lenge mellom døden vår heller.»

Slaget ved Hjørungavåg

Fleire sagaer fortel om slaget i Hjørungavåg (986) at Håkon jarl heldt på å tape for overmakta, heilt til han blota den vesle sonen sin til slektsgudinna Torgerd Hølgabrud og søstera Irpa. I Soga om jomsvikingane heiter det at trælen Kark fekk oppgåva å utføre ofringa. No kom eit kraftig haglvêr og hjelpte jarlen, slik at han vann slaget.

Vi har berre sagaene som kjelde for at Kark verkeleg har eksistert, og av desse er Soga om jomsvikingane rekna som ei av dei minst pålitelege. Om vi likevel skal tru denne, må Håkon jarl ha sett Kark svært høgt. Blot var ei viktig rituell handling som vart utført av stormenn, og menneskeofring var «det største blotet som er brukeleg» (ifølgje Olav Tryggvason, slik han er sitert hos Snorre). At jarlen let ein ufri mann stå for ofringa av sonen, understreker dei sterke banda mellom desse to. Hit peiker også dette at Kark, i den høge alderen av nærmare 60 år, enno følgjer herren sin. Gjennom eit langt liv hadde han levd som den personlege trælen til den mektigaste mannen i landet. Vi kan rekne med at han gjennom desse åra hadde samla seg rikdom – kanskje nok til å kjøpe seg fri etter dei lovene som gjaldt for slikt.

Drapet på Håkon jarl

Mot slutten av levetida si kom Håkon jarl på kant med bøndene. Samtidig var Olav Tryggvason på veg til landet for å ta kongsmakta. I denne situasjonen lita ikkje jarlen på andre enn trælen Kark. Dei gjekk for å finne hjelp hos Tora på garden Rimol i Gauldalen; ho var ein av kjærastane til Håkon jarl. Kark grov ei grøft under grisebingen, og her gøymde jarlen og trælen seg. Olav Tryggvason kom til Rimol og lova gods og ære til den som kunne drepe Håkon jarl. Kort tid etter tok trælen kniven og skar hovudet av herren sin.

Sagaene har ulike versjonar av det som hendte, avhengig av kva slags bilete forfattaren vil gi av jarlen og kongen. Den mest vanlige tolkinga er at trælen let seg freiste av gods og ære. Ifølgje handskriftet Ágrip var det Håkon jarl sjøl som bad Kark ta livet hans. Hos Snorre er det redsle som utløyser drapet, fordi jarlen tek til å skrike mens han søv. Snorre er også den av sagaskrivarane som har størst sympati for Håkon jarl.

I dei fleste kjeldene heiter det at Kark dro til Lade med jarlehovudet. Her vart han sjøl halshogd. Begge hovuda vart plassert godt synlige på Nidarholmen (no Munkholmen), ein stad for avretting av tjuvar og andre illgjerningsmenn. På denne måten ville strategen Olav Tryggvason vise trønderane kor han høyrde heime, den gamle og høgt akta jarlen: side om side med ein træl og drapsmann.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg