Faktaboks

Magnhild Haalke
Magnhild Kvaale Haalke
Fødd
12. august 1885, Vikna
Død
18. oktober 1984, Oslo
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Gardbrukar, lærar og kyrkjesongar Knut Kvaale (1852–1942) og Kaja Augusta Wiig (1863–1948).

Gift 1922 med målaren Hjalmar Kristian Haalke (1894–1964).

Svigerinne til Eva Haalke (1912–).

Magnhild Haalke

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Magnhild Haalke
Av /NTB Scanpix ※.

Magnhild Haalke var ein norsk lærar og forfattar som skreiv bøker med kvinner og barn som hovudpersonar. Ho viser kor gale det kan gå når mødrer er makteslause og barn ikkje får vere barn.

Bakgrunn

Magnhild Camilla Kvaale vart fødd på Vikna, ei øy ute ved Namdalskysten, ikkje langt frå Olav Duuns barndomsrike. Ho var nest eldst av 10 sysken. Ho var elev ved Namdalen folkehøgskule i 1901–1902 og gjekk lærarskulen på Elverum i 1905–1906. Frå 1906 til 1920 var ho lærar på Vikna og på Ørlandet, og frå 1920 til 1940 ved Tjaberg skule i Sør-Odal. Frå 1940 var ho forfattar på heiltid.

I 1922 gifte ho seg med tremenningen sin, målaren Hjalmar Haalke. Dei hadde heimen sin i Sør-Odal, i Oslo og på Lillehammer. Under andre verdskrigen budde dei på Vikna. Saman hadde dei lange studieopphald i Frankrike og Italia, der biletkunstnaren Hjalmar fann gode motiv og forfattaren Magnhild fekk ro og nødvendig avstand til sine motiv.

Forfattarskapen

I 1935 debuterte 50 år gamle Magnhild Haalke med Allis sønn, ei bok som straks plasserte henne mellom dei fremste norske forfattarane. Debutboka kom i fleire opplag, vart omsett og kom ut i Danmark, Sverige, Storbritannia, Nederland, Frankrike og USA (men ikkje i Nazi-Tyskland, då dei kravde at slutten måtte endrast). Allis sønn vart den største suksessen i Magnhild Haalkes etter kvart store forfattarskap – med over 25 bøker i alt. Språket til Haalke er særeige og fargerikt, eit bokmål som nærmar seg samnorsk, med rikt innslag av trøndersk.

I bøkene, som kom i ein jamn straum, skildrar ho utkant-Noreg i mellomkrigstida, harde livsvilkår, strev og slit, med sterke og veikare menneske, utleverte på godt og vondt. Særleg sterke er skildringane av småguten Elling i Allis sønn og av småjenta og ungjenta Gry i Grys saga. Sjølvbiografien Mot nytt liv frå 1978 skreiv Magnhild Haalke 92 år gammal.

Barneoppseding

Haalke har eit skarpt auge for korleis barn vert forma av menneska rundt seg. Haalke si litterære bragd er å vise korleis omgivnadene er med på å drive barn utfor stupet. Ho tar barna sitt perspektiv og er krass mot dei vaksne som ikkje vil sjå barna som dei er — som berre vil oppdrage, ikkje oppdage dei.

I Allis sønn bur guten Elling saman med mora i farmora og farfaren sitt hus. Mora Alli er inderleg glad i Elling og prøver å verna han, men har er i seg sjølv utrygg og undertrykt som den overarbeidde svigerdotra i heimen og innflyttar på øya. Faren er til sjøs og farfaren er utilnærmeleg. Alli blir uviljande påskunda av den hjartelause og uforståande bestemora, men éin ting er dei samde om: Dei vil at guten skal vere som andre ungar. Difor må han slutte å rime og tulle med ord og kome med uventa kommentarar. For mora gjeld det å redde familien si ære ved å plukke av sonen alt som skil han frå naboungane. Saman driv dei den sårbare guten inn i hard trass, og seinare i vanvit og katastrofe.

I romanen Røsten er Peder det forsømte barnet som det går gale med. Når han som vaksen vert spurd om han hadde ein dårleg barndom, svarer han nei, det var ingen dårleg barndom, for det var ingen barndom. Han fekk aldri lov til å vere liten.

Morsrolla

Haalke sine barneportrett er nært knytte til mødrene sin handlemåte. Dei mødrene ho skriv om, høyrer til ein generasjon som vart tukta til lydnad, til kvinner som aldri krev, berre gir. Hos Haalke er det ofte kvinner, reint særleg mødrer, som undertrykkjer, utnyttar og held andre nede.

I Grys saga får ho fram korleis undertrykte mødrer skaper undertrykte døtrer, og at dei som veks opp med hogg og slag, fører uskikken vidare. Overtydande skildrar Haalke den tapre Gry som blir utnytta av mora like frå 6-årsalderen, bunden til stolen ved vogga til småsyskena sine heile barndommen og ungdommen. Gry gløymer etter kvart leiken med andre ungar, som vaksen må ho gje avkall på den ho er glad i, og ho blir fråteken alt liv utanom slitet og ansvaret som blir lagt på henne.

Mora, som frå først av ikkje tykkjest vera heilt utan forståing for at ho krev vel mykje av eldstedottera, viser seg etter kvart meir og meir manipulerande. Ho er hyklaren som skaffar seg eit overtak i heimen og held på det i grotesk sjølvkjærleik heilt til langt inn i alderdommen, til ulykke for alle.

Løysinga på denne vonde spiralen er i følgje Haalke å gje unge jenter obligatorisk opplæring i morsyrket. Mødrer må vere kunnige, ikkje berre kjærlege, og dei må få løn av staten for det viktige arbeidet dei gjer. I 1946 heldt ho radioforedrag om den nye morsrolla, der ho hevda at kvinnene sin liga for fred og lykke må starte i barnesinna. Foredraget vekte stor merksemd, og Haalke vart invitert til å tale i inn- og utland. Mange norske byar fekk besøk av henne, og foredraget vart trykt som Kan vi bygge en bedre menneskeslekt? (1946).

Kvinneleg sjølvstende

Haalke meiner ikkje at alle kvinner skal verte mødrer, eller at mødrer skal bruke all si tid heime. Tvert om ivra ho for at dei måtte ha eit eige yrke. Ho viser til ekteskapa, som ho meiner å sjå gå best der begge har arbeid og er økonomisk uavhengige av kvarandre. I 1940 vann ho ein nordisk førstepris for beste yrkeskvinneroman, Trine Torgersen. Boka er eit kampskrift for yrkeskvinner, der Haalke skriv ut frå eiga røynsle som innflytta lærarinne på landsbygda med husvære på skuleloftet, om trakassering og om manglande solidaritetskjensle hos mannlege kollegaer – og deira fruer. I Sør-Odal, der ho arbeidde i over 20 år som lærar, vart boka oppfatta som ein svart/kvit nøkkelroman. Godhugen for den tidlegare lærarinna vart hos mange vend til motvilje i dette området.

I bøkene om Serina følgjer vi ei kvinne som bryt med den tradisjonelle kvinnerolla. Serina er kunstnar, og for å konsentrere seg om kunsten går ho frå ektemannen. Det er eit tungt val å ta for henne. Tematisk knyter forteljinga om Serina seg til forteljinga om Allis sønn. Haalke viser at kunstnarsinnet kan vere like sårbart som barnesinnet.

Utmerkingar

Magnhild Haalke fekk fleire arbeids- og reisestipend, fekk Gyldendals legat 1949, Mads Wiel Nygaards legat 1953 og Doblougprisen 1980. Frå 1954 hadde ho Statens kunstnarlønn. I 2014 vart det reist ein statue av Haalke utanfor biblioteket i Vikna.

Utgjevingar i utval

  • Allis sønn, 1935
  • Åkfestet, 1936
  • Dagblinket, 1937
  • Trine Torgersen, 1940
  • Rød haust?, 1941
  • Kan vi bygge en bedre menneskeslekt?, 1946 (føredrag)
  • Karenanna Velde, 1946
  • Kaja Augusta, 1947
  • Grys saga (inneheld Åkfestet, Dagblinket og Rød haust?), 2 bd., 1950
  • Kvinneverden, 1954
  • Serinas hus, 1955
  • Munter kvinne, 1957
  • Dragspill, 1958 (noveller)
  • Kommer far i dag?, 1969
  • Sol og skygge, 1971 (noveller)
  • Mot nytt liv, 1978 (sjølvbiografisk erindringsbok)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lars Aas: «Magnhild Haalke», i Trønderne i moderne norsk diktning, Trondheim 1942, s. 177–188
  • Irene Engelstad: «Fortidens forfatter». Klassekampen 23.2.2019
  • Magnhild Folkvord: Der livet brenn. Ein biografi om Magnhild Haalke. Oslo 2019
  • Hageberg, Arnbjørg: Magnhild Haalke i Norsk biografisk leksikon, bd. 4, 2001.
  • Philip Houm: «Magnhild Haalke», i NLH/Bull, bd. 6, 1955, s. 385–391
  • J. M. Lysø: ’Misminningen’. En studie i Magnhild Haalkes ’Allis sønn’, h.oppg. UiO, 1967
  • Magnhild Haalke: Mot nytt liv, 1978
  • Jeanne Terjesen: Allis sønn – «særbarnets tragedie»? En tolkning av sammenhengen mellom personlighetsutvikling, familieforhold og sosialt miljø i Magnhild Haalkes debutroman, 1981 (opphavleg h.oppg. UiO 1978)
  • R. Solem: Jentesosialisering og mor-datter-forhold. En analyse av Magnhild Haalkes Gry-trilogi, h.oppg. UiTø, 1981
  • T. I. Sandvik: «Livets mor». Ei analyse av Magnhild Haalkes trilogi Serinas hus (1955), Munter kvinne (1957), Serinas vei (1962), h.oppg. UiO, 1984
  • Åke Jünge (red.): Med røtter på Vikna. Slektsbok for Kvaale-slekta med bibliografi over Magnhild Haalke, Verdal 1992
  • Åke Jünge: 'Ein forfattar stig fram' i Nord-Trøndelag historielag. Årbok 79 (2002), 19-51 («Bibliografi over Magnhild Haalke sine bøker»: 48-51)
  • H. M. Trøseid: Magnhild Haalke og Sør-Odal, utr. foredrag, 1992 (Sør-Odal bibliotek)

Faktaboks

Magnhild Haalke
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036888001669

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg