Faktaboks

Marie Takvam

Født Marie Ragnhild Skylstad

Fødd
6. desember 1926, Hjørundfjord, Møre og Romsdal
Død
28. januar 2008, Lier
Verke
Diktar
Familie

Foreldre: Bonde Johan B. Skylstad (1883–1974) og Martha Sperre (1901–1983).

Gift 23.7.1950 med sosialøkonom Johannes Takvam (12.4.1925–30.4.2003), son til industriarbeidar Magnus Takvam (1897–1977) og Anna Sofie Stein (1904–1988), ekteskapet oppløyst 1975.

Marie Takvam

Foto 1977. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Marie Takvam
Av /NTB Scanpix ※.
Marie Takvam

Marie Takvam var ein kroppsnær lyrikar som i dei første diktsamlingane sine gir uttrykk for ekstatisk livskjensle og lidenskapeleg begjær.

Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Marie Takvam var ein norsk forfattar av dikt, romanar og skodespel. I 1950- og 1960-åra var ho også ei populær barnetimetante i radio og ein offentleg meiningsytar som forsvarte dei svakaste og utstøytte i samfunnet.

Oversyn over forfattarskapen

Dei elleve diktsamlingane hennar varierer i forma, frå det endeframt kommuniserande til det meir eksperimenterande. Særmerkt for Takvam sin lyriske produksjon er at ein her finn dikt med fokus på sterke kjensler, der erotikk og begjær er vågalt direkte skildra. Livets skuggesider kjem òg klart til uttrykk. Takvam talar dei svake si sak og frontar urettferda for dei svake og små.

Ho debuterte i 1952 med diktsamlinga Dåp under sju stjerner, ei bok som skildrar menneskelivet i eit spenningsfelt frå ekstase til sorg og melankoli. I tråd med trendar i tida kom etter kvart eit samfunnsengasjement klårare til uttrykk i lyrikken hennar. Klårast kjem dette til uttrykk i Brød og tran frå 1969. I dei seinare diktsamlingane skildrar Takvam alderdomen med vemod og raseri over kroppsleg forfall.

Ho skreiv òg to romanar, der Dansaren (1975) er den mest kjende.

Vitalisme og karnevalisme

Det har vore vanleg å leggje vekt på Takvams liv og hennar impulsive levemåte ved vurderinga av dikta. Ho tok utgangspunkt i sin eigen kropp og eigne sanseinntrykk når ho skreiv. Samstundes har diktinga fleire nivå og kan ikkje berre lesast biografisk, politisk eller feministisk.

Takvam skreiv seg inn i og vidareutvikla ein allereie eksisterande nynorsk vitalismetradisjon, der erfaringa og opphøginga av ei slags urkraft, kroppsleg instinkt og intuisjon står i motsetnad til rasjonalitet, intellekt og modernitet. Litterært sett plasserte Takvam seg slik tett opp mot den kanskje viktigaste forløparen og representanten for vitalismen, landsmålsdiktaren Kristofer Uppdal.

I mange av dikta hennar kjem det òg til syne ei trassig livskraft og eit livsnytande, erotisk subjekt som snur opp ned på religiøse ritual på ein karnevalistisk måte. Inger Hagerup samanlikna den «blodfriske» poetiske uttrykksforma hennar med dikta til Halldis Moren Vesaas.

Takvam var tidleg ute med å gjere kvinnekroppen til eit sanningssøkjande omdreiingspunkt for diktargjerninga. Samstundes var kroppen motiv og metafor for opplevinga av samfunnet, naturen, seksualiteten og universet.

Ein feministisk diktar

Dei fleste av dei elleve diktsamlingane til Takvam kombinerte eit veksande internasjonalt sosialt engasjement, ei feministisk innstilling til samlivet mellom kvinner og menn og ei stadig interesse for det menneskeleg nære. Ein kan seie at Takvam i dikta skreiv fram og synleggjorde ei uløyseleg kopling mellom subjektet sine erfaringar og den offentlege sfæren, ei kopling som gjorde det personlege universelt.

Døden og kjærleiken er velkjende lyriske tema hos Takvam. Ekteskapet og kvinna si rolle i samfunnet generelt – og i drabantbyen spesielt – fekk òg stor plass. Likevel var det ikkje byen i seg sjølv som var framandgjerande for henne, men dei spesifikke forventningane til kvinnelege kjønnsroller i byen.

Takvam gav ut den siste diktsamlinga si, Rognebær, i 1990 og vart i 2003 heidra som festspeldiktar under Dei nynorske festspela.

Prosa

I Takvams første roman, Dansaren (1975), ser vi ei utviding av alle desse tema og ei problematisering av tradisjonelle verdiar. Romanen peikar på maktstrukturar i samfunnet på ein nyansert, men samstundes direkte og realistisk måte. Den tydeleg bifile Fredrik er i eit forhold med ei heterofil kvinne, der han vert skildra som den mest feminine av dei to. Historia problematiserer møtet mellom uortodokse samlivsformer og samfunnet sine kjønnsnormer, og ho endar tragisk.

Radio

I 1950- og 1960-åra arbeidde ho som barnetimetante i Barnetimen for dei minste i NRK, der ho skreiv viser og manus. Basert på manuskripta frå barnetimen gav ho ut barneboka Maria og katten i Venezia.

Skodespel

I 1966 ga Takvam ut skodespelet Idun, om ekteskapet som institusjon. Ho medverka også som skodespelar i nokre filmar, mest kjend er Åpenbaringen av Vibeke Løkkeberg frå 1975. I denne filmen ser ein ei naken middelaldrande Takvam bakfrå, noko som vart for sjokkerande for samtida og resulterte i den såkalla «rumpefeiden». Marie Takvam tok likevel kritikken med rak rygg og meinte ein ikkje skal skjula skavankar på ein kropp av eit levd liv.

Utmerkingar

Les meir i Store norske leksikon

Verk

Diktsamlingar

  • Dåp under sju stjerner, 1952
  • Syngjande kjelder, 1954
  • Signal, 1959
  • Merke etter liv, 1962
  • Mosaikk i lys, 1965
  • Brød og tran, 1969
  • Auger, hender –, 1975
  • Dikt i utval, 1976
  • Falle og reise seg att, 1980
  • Eg har røter i jord, 1981
  • Aldrande drabantby, 1987
  • Rognebær, 1990
  • Dikt i samling, 1997 (2. utg. 2004)

Anna

  • Fjellet, høyrespel, 1957
  • Maria og katten i Venezia, barnebok, 1960
  • Idun, skodespel, 1966
  • Dansaren, roman, 1975
  • Brevet frå Alexandra, roman, 1981

Litteratur

  • Andersen, Per Thomas: Norsk litteraturhistorie. Oslo 2001
  • Borge T. og Henning Hagerup: «Høgre armen lyft i dans», etterord i Dikt i samling, 1997
  • Bugge, Ragnhild: «Fra tradisjon til modernisme. Lyrikk 1945–1965», i Irene Engelstad, ofl. (red.): Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 3, 1940–1980. Oslo 1990
  • Grønstøl, Sigrid Bø & Unni Langås: Tanke til begjær : nylesingar i nordisk lyrikk, 2001 («Merke etter liv : Retorikk og kropp i Marie Takvams lyrikk»: 195-221), isbn 82-02-19655-8
  • Moldung, Mona Fåberg: 'Marie Takvams feministiske vitalisme' i NLÅ 2005, 151-80
  • Lunden, Eldrid : «Det autentiske som prosjekt», i NLÅ 1981
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 6: Fra Brekke til Mehren, 1995, isbn 82-02-15476-6,
  • Seiness, Cecilie N.: «Marie Takvam. Med merke etter liv», i Cecilie N. Seiness: Livsmot. Oslo 2001
  • Skei, Hans H.: «Marie Takvams lyriske dikting i vokster og utfalding», i Bokvennen nr. 4/2002
  • Sørbø, Jan Inge: Frå gamle fjell til magma. Linjer i nynorsk lyrikk. Oslo 2004
  • Takvam, Magnus (2021) Hun skrev for å kunne leve – Min mor, Marie Takvam
  • Vedlegg til Dag og tid nr. 39, 24. sept. 1998 (tema: Marie Takvam)
  • Vold, Karin Beate: «’For fred og demokrati’ – litterære kvinner i 1940- og 50-årene», i Irene Engelstad, ofl. (red.): Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 3, 1940–1980. Oslo 1990
  • Øverland, Janneken: «Den vanskelige kjærligheten. Marie Takvams bok Dansaren», i Irene Engelstad og Janneken Øverland: Frihet til å skrive. Artikler om kvinnelitteratur fra Amalie Skram til Cecilie Løveid. Oslo 1981

Faktaboks

Marie Takvam
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000002490837

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg