Faktaboks

Olaus Islandsmoen
Olaus Trondsen Islandsmoen
Fødd
22. februar 1873, Bagn i Sør-Aurdal, Oppland
Død
28. oktober 1949, Brandbu (no Gran), Oppland
Verke
Folkehøgskolemann, museumsstiftar og politikar
Familie
Foreldre: Bonde Trond Hansson Islandsmoen (1839–1915) og Ingebjørg Olsdotter Tamburgarden (1839–1928). Ugift. Bror til Sigurd Islandsmoen (1881–1964).
Olaus Islandsmoen
Olaus Islandsmoen
Av /NTB Scanpix ※.

Olaus Islandsmoen var folkehøgskolemann og sette særleg spor etter seg i arbeidet for bygdemuseer og bevaringa av bygdekulturen.

Etter framhaldsskole og privat middelskole tok han examen artium i Kristiania 1895 og studerte jus 1903–06. Han vart tidleg gripen av Grundtvigs skoletankar og kom med i folkeopplysningsarbeidet og arbeidet for nasjonalt og politisk sjølvstende. Han var lærar ved framhaldsskolen i Sør-Aurdal og ein privat middelskole i Valdres 1896–1901. 1902–03 var han lærar ved Valdres folkehøgskole, og frå 1906 vart han styrar ved Vestoppland folkehøgskole, som kom i gang etter initiativ frå ungdomslaget Uppland. I denne stillinga sat han fram til 1939. Islandsmoen gjorde mange studieferder til utlandet, til Danmark og Storbritannia, og var utsending frå den norske staten til 100-årsfesten for det “norske” Amerika 1925.

Som dei fleste høgskolemenn kasta Islandsmoen seg sterkt inn i arbeidet for eit rikare kulturliv. Han hadde mange jarn i elden. Tidleg kom han med som ein aktiv stridsmann i målreisingsarbeidet; han var medlem av styret for Noregs Mållag i mange år og formann 1917–21. I Austmannalaget var han også svært aktiv. Som målmann var han helst konservativ.

Islandsmoen interesserte seg tidleg for museumsarbeid. Etter initiativ frå ungdomslaget Uppland vart det danna eit museumslag for Hadelandsbygdene. Der vart Islandsmoen vald som formann, og han var formann her heilt til han døydde. Nær skolen sin på Hadeland fekk han reist Hadeland folkemuseum på Halvdanshaugen frå 1913, og han fungerte også som styrar her i lang tid. Han var også med i arbeidet for Valdres Folkemuseum, og 1938 starta han for eigne pengar Bagn Bygdesamling på heimegarden Islandsmoen. Han var med og stifta Norske Museers Landsforbund 1918 og sat i styret der til 1945.

Han arbeidde for rikare bygdekultur, m.a. for større kjennskap til lokalhistoria, og gav 1914 ut Søre Aurdal og Etnedalen. Noko tilfang til ei bygdesoge um Valdres. Han var også svært aktiv i bygdebokarbeidet på Hadeland og var formann i Valdres bygdebokkomité frå 1922. På bakgrunn av dette kom han med i styret for Landslaget for bygde- og byhistorie.

Islandsmoen engasjerte seg også sterkt i den frilynde ungdomsrørsla. Han var med og stifta fylkeslaget Uppland og var skiftevis formann og styremedlem her i perioden 1908–41. Han var elles formann i Valdres Ungdomslag 1904–09. Han var ein ivrig debattant i den aktuelle kulturdebatten i alle år, var mykje brukt som talar på møte og stemne og skreiv mange artiklar i ei rekke blad og tidsskrift, som t.d. Høgskulebladet, Bonden, Den 17de Mai o.a. Ved sida av mållag, ungdomslag og fråhaldslag var han også aktiv i Noregs Høgskulelærarlag, der han var formann ei tid.

Islandsmoen sat som stortingsrepresentant for Radikale Folkeparti 1916–18. I den tida var han med i den statlege idrettskommisjonen og leiar i den departementale nemnda for vidareutdanninga av landsungdom og i nemnda for utgreiing av spørsmålet om obligatorisk husstellopplæring for alle jenter. Ei av dei merkesakene som han arbeidde for og fekk gjennomslag for, var opprettinga av Statsarkivet på Hamar. Utanom det kulturelle arbeidet var han ivrig med i forsvarsarbeidet og gav ut skriftet Forsvarssaka.

Verker

  • Søre Aurdal og Etnedalen. Noko tilfang til ei bygdesoge um Valdres, 1914
  • Vestuppland folkehøgskule 1906–1935, Brandbu 1935
  • Forsvarssaka (sm.m. H. Skibsrud), 1940

Kilder og litteratur

  • Biografi i Lindstøl, bd. 1, 1914
  • Stud. 1895, 1920, 1949
  • K. H.: “Olaus Islandsmoen 70 år”, i Valdres 14.2.1942
  • HEH 1948
  • biografi i Haffner, bd. 1, 1949
  • I. Koppervik: “Olaus Islandsmoen”, i Tidsskrift for Valdres Historielag 1950, s. 293–296
  • T. Høverstad: “Tale ved avdukinga av maleriet på Vestoppland folkehøgskole”, i Nationen 25.2.1953
  • Norsk allkunnebok, bd. 6, 1954
  • J. M. Alm: “Olaus Islandsmoen”, i Fylkeslaget Oppland 1899–1979, Dokka 1979, s. 21–30
  • d.s.: Vestoppland Folkehøgskule 1906–1981, Jaren 1981, s. 57–58 og 69–76
  • T. Bråten: Bagn Bygdesamling. Ein gløtt av gamletida, Sør-Aurdal 2000

Portretter m.m.

    Fotografiske portrett

  • Foto i T. Bråten: Bagn Bygdesamling, s. 7 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder)
  • Foto i J. M. Alm: Vestoppland Folkehøgskule 1906–1981, s. 69