Faktaboks

Olav Harniktsson
Levetidskommentar
Truleg fødd mellom 1400 og 1410 på slektsgard i Fåberg eller Øyer i Gudbrandsdalen; Død truleg 1450 (etter 26.2. og før august, då ny biskop vart utnemnd) i Bergen
Verke
Biskop
Familie
Foreldre: Væpnar og riksråd Harnikt Henriksson (nemnd første gong 1400–10, død før 10.7.1442) og Jorunn Sunnulvsdotter (død før 10.7.1442).

Både som biskop i Bergen og som riksråd sette Olav Harniktsson kraft inn på å styrkje makta og autoriteten til kyrkja, i tråd med ideane frå Basel-konsilet (1432–38). På lokalplanet tok han oppgjer med hanseatane og var sentral i arbeidet med å sikre engelske kjøpmenn rett til handel i Bergen.

Olav Harniktsson hadde ein slektsbakgrunn som i utgangspunktet sikra han ein framskoten plass i samfunnet. På farssida var han i slekt med erkebiskop Aslak Bolt og kunne som han føre lina til adelsætta Rømer. Ættesamanhengen er ikkje klårlagd, men namnelikskapen er påfallande, og det er gissa på at biskop Olavs farfar var syskenbarn til Aslaks far Harnikt Henningsson. Som våpenmerke hadde både faren og broren ein fugl, same merket som også riddaren Nils Henriksson til Austrått opphavleg førde. Morfar til biskop Olav, Sunnulv Ivarsson, høyrde til ei austnorsk stormannsætt og var ei tid syslemann på Hedmark. Sonen Arnbjørn, onkel til Olav, vart biskop i Hamar (1420–30). Olavs bror Benkt Harniktsson var riddar og syslemann i Gudbrandsdalen og vart slått i hel i ein bondeoppreist 1445. Slektsgodset som dei to brørne delte 1442, femnde om ca. 60 eigedomar, dei fleste i Gudbrandsdalen, og viser to mellomstore adelege godskompleks, som før Svartedauden kan ha hatt eit samla boltal på ca. 100 markebol.

Olav vart innvia til biskop i Bergen mellom 4. januar 1438 og 14. mai 1440. Føremannen heitte også Olav (Nilsson), og det er uvisst kven av dei to som er omtala i brev 1438 og 1439. Det er ikkje kjent noko om hans geistlege karriere og korleis han vart biskop, men truleg vart han oppnemnd innanlands, på same vis som den samtidige biskop Gunnar i Stavanger (vald av domkapitlet der 1445). Det er grunn til å tru at det var erkebiskop Aslak som sikra den unge frenden sin eit ettertrakta geistleg embete; Olav kan ikkje ha vore mykje over 30 år 1439.

På alle norske bispestolar, bortsett frå Oslo der dansken Jens Jakobssøn residerte, sat det i 1440-åra menn frå sosialgruppa lågadel/storbønder: Aslak Bolt i Trondheim, Olav i Bergen, Audun Eivindsson og Gunnar Eiriksson i Stavanger og Gunnar Torgardsson i Hamar; til same sosialgruppe høyrde også prosten ved Apostelkyrkja i Bergen og seinare biskop i Stavanger Alv Torgardsson. Det gav det norske riksrådet tyngd og gjorde at det kunne hevde seg godt i innanlandske saker. Biskop Olav var til stades i riksrådssamlingane 1440–42 då Erik av Pommern vart oppsagd og Christoffer av Bayern vald til ny konge, like eins seinare i 1440-åra. Men vi finn ikkje namnet hans i dei viktige rådssamlingane 1449 i interregnet etter at kong Christoffer døydde, kanskje fordi han då var sjuk.

Det var mange som fekk merke den myndige biskopen. 1447 bannsette han tyske valdsmenn som med våpen hadde trengt seg inn i Munkeliv kloster og myrda ein av lensherrens tenarar. Same år greip han inn mot to personar som hadde brote seg inn i domkyrkja, og kravde at dei gjorde bot før dei på ny kunne få tilgang til kyrkja og sakramenta. Moralsk forfall ved Munkeliv kloster gjorde at han, truleg 1449, vende seg til Vadstena kloster i Sverige for å få hjelp til å normalisere tilhøva ved klosteret.

Det var ofte gnissingar mellom hanseatane og bymennene i Bergen, og motsetningane toppa seg i 1440-åra. Målet til lensherren Olav Nilsson var å avgrense privilegia og tvinge dei tyske – både kjøpmenn og handverkarar – inn under norsk lov, og han hadde biskopen og kapellmagistraten som gode hjelparar. Dei tre – biskop Olav, Alv Torgardsson og Olav Nilsson – gav 1442 engelske kjøpmenn fripass til å drive handel på Bergen. Biskop Olav var også med i den kommisjonen som 1444 vart sett ned for å granske stridane, og som gav grunnlag for ein oppfølgjande kongeleg skipan om rettane til hanseatane.

26. februar 1450 godkjende paven, etter søknad frå biskop Olav, at erkediakonatet i Bergen vart slått saman med augustinarklosteret i byen. Slik brevet er forma, er det grunn til å tru at biskopen var i live då. Men han må ha døydd like etter, ikkje mykje over 40 år.

Kilder og litteratur

  • DN, bd. 1 nr. 713 og 783, bd. 2 nr. 848, bd. 3 nr. 721, bd. 5 nr. 566 og 646, bd. 7 nr. 737, bd. 8 nr. 276 og 284, bd. 10 nr. 175, bd. 17 nr. 590
  • NgL, rk. 2, bd. 1, 1912
  • O. Kolsrud: “Den Norske Kirkes Erkebiskoper og Biskoper indtil reformationen”, i DN, bd. 17B, 1913, s. 177–360
  • L. Daae: “Om Bergens Bispedømme i Middelalderen, i HT, rk. 4, bd. 2, 1904, s. 66–70
  • NHfNF, bd. 3, del 2, 1917
  • H. Sollied: “Nogen oplysninger om bondearistokratiet i Gudbrandsdalen og Hedemarken”, i NST, bd. 6, 1938, s. 145–148
  • d.s.: “Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. 1. Rømer-Gyldenløve”, sst., s. 245–279
  • O. Kolsrud: biografi i NBL1, bd. 10, 1949
  • K. Helle: Kongesete og Kjøpstad. Fra opphavet til 1536, bd. 1 i Bergen bys historie, 1982