Faktaboks

Ragnvald Skrede
Fødd
27. april 1904, Vågå, Oppland
Død
16. august 1983, Oslo
Verke
Forfattar og kritikar
Familie
Foreldre: Lærar og klokkar Anders Skrede (1866–1942) og Agnete Hammer (1866–1935). Gift 11.11.1929 med lærar Johanna Indset (1.9.1903–26.9.1983), dotter til heradkasserar Esten Indset (1875–1955) og Brita Lad (1874–1955).
Ragnvald Skrede

Tegning

Ragnvald Skrede
Av /BONO, NTB Scanpix ※.

Ragnvald Skrede var lyrikar, kritikar og gjendiktar. Han verka som litteraturkritikar i VG og Dagbladet, og frå 1949 utgav han ei lang rekkje diktsamlingar.

Skrede var den yngste i ein syskenflokk på 7, seks gutar og ei jente. Tilhøvet i heimen var konfliktfylt og hadde vore det i mange år då Ragnvald vart fødd. I 1890-åra vart krisa mellom foreldra ei offentleg sak med politiske overtonar; 1897 kom det til injuriesøksmål mot høgrebladet Buskerud Blad på vegner av venstremannen Anders Skrede, ei sak som vart avgjord for lagmannsrett i Drammen 1897, der mor vitna mot far, og endå heldt dei saman vidare. Tre av barna deira var fødde etter hundreårsskiftet, men 1906 vart foreldra skilde. Faren fekk foreldreansvar for fem av barna. Ragnvald og ein fire år eldre bror voks opp hos mora; seinare fortalde han at han vart plaga kvar dag fordi han kom frå ein splitta familie.

Skrede viste tidleg at han var gåverik. Han las mykje, og han tok tidleg til å skriva. 1921–24 var han elev ved Elverum lærarskule, der han tok eksamen med framifrå resultat. I same klassa gjekk Johanna Indset frå Budalen i Trøndelag; dei vart trulova, men vart først gifte 1929. Då hadde Skrede lese vidare, teke latinartium som privatist 1926 og same hausten førebuande prøve i filosofi. Han hadde vore lærar i Eidsvoll, Åsnes, Hegra og Kabelvåg før han våren 1928 vart tilsett som lærar og klokkar i Rauland, Telemark. Medan han var i fullt arbeid, studerte han historie og tok bifagseksamen ved Universitetet i Oslo hausten 1928.

I Rauland engasjerte han seg mykje i kulturarbeid; han organiserte ei rekkje kurs og var formann i bibliotekstyret. Han søkte også permisjon for å reisa rundt i Telemark og Hallingdal med litterære foredrag. Olav Aukrust var hans kjæraste emne, men han tala også om annan nyare litteratur.

1934 søkte Skrede – og fekk – stillinga etter far sin som førstelærar og klokkar i Vågå. Han flytte dit sommaren 1934. Arbeidsmarknaden for lærarar var vanskeleg; kona Johanna fekk ikkje stilling i Vågå eller nærleiken og valde å bli buande i Rauland med sonen og halda fram som lærar i småskulen der til så lenge. I Vågå prøvde Skrede å kombinera læraryrket med vidare studium. Hausten 1934 tok han bifagseksamen i gresk ved Universitetet i Oslo, med berre nokre få vekers permisjon, og hausten 1935 tok han eksamen i latin bifag, då med to og ein halv månads permisjon.

Den unge og gåverike læraren var omtykt mellom elevane i sjuande klasse som han overtok ved skulestart i 1934, men han var også omstridd mellom foreldra, særleg då det vart kjent at han våren 1935 hadde gitt to timars undervisning i forplantingslære for samla klasse. Allereie i januar 1935 vart Skrede formann i skulestyret. Vanskelege tilsetjingssaker skapte store spenningar i kommunen, og skulestyreformannen var ein omstridd mann då han seinhaustes kom tilbake frå studieopphaldet i Oslo.

Om lag samstundes tok det til å gå rykte om at fleire jenter Skrede hadde hatt som elevar året før, var blitt utsette for utuktige handlingar frå læraren. Ryktet gjekk som ein storm over bygda, og for han vart det eit ras, same kor mykje han nekta for å ha gjort noko av det han var skulda for, bortsett frå dei to timane undervisning i forplantingslære som vart kopla saman med skuldingane om utukt. 2. mai 1936 vart han arrestert; det vart sett i gang etterforsking som enda med tiltale og lagmannsrettssak i november; den største og mest alvorlege utuktssaka i landet til då, skreiv avisene, som til dels dekte rettssaka på ein måte som i ettertid synest skræmande med si førehandsdømming. Det hjelpte lite at kona hans støtta han og gav han alibi i samband med sentrale punkt. Skrede vart dømd til tre års fengsel og tap av statsborgarrettar i 10 år. Han kravde ny rettssak, men kravet vart avvist av lagmannsretten og av høgsteretts kjæremålsutval i juli 1938. 14. juli det året hadde han sona 2/3 av straffa, vart sett fri og busette seg på nytt i Rauland, der kona framleis var lærar. Han arbeidde på damanlegg og på veg, var kolportør og var dei siste åra under krigen medarbeidar i forsyningsnemnda i Rauland.

Mange innanfor det intellektuelle Noreg hadde heile tida støtta Skrede. Sommaren 1945 fekk han tilbod om arbeid i Verdens Gang, der han etter kvart fekk ry som ein av dei mest markerte litteraturkritikarane. Han skreiv både om samtidshistorie (bøker frå krigen), nye norske romanar, etter kvart også ny lyrikk, både norsk, svensk og dansk, og han presenterte ei rad nye forfattarar frå ulike språkområde. Koestler, Sartre, Kazantzakis, Laxness og Camus høyrde til favorittane hans. Han melde gjerne bøker om litteratur og demonstrerte innsikt og kunnskap.

Skrede vart engasjert av Gyldendal til å skriva ei bok om Tarjei Vesaas; den kom ut 1947, på 50-årsdagen til diktaren. Om lag samstundes fekk Skrede arbeid i redaksjonen i Aschehoug som forlagssekretær (redaktør), men det høvde nok betre for han å vera bokmeldar. Etter eit års tid var han atter på plass i Verdens Gang; samstundes arbeidde han som teatermeldar i Bondebladet.

I juni 1949 fekk han strålande konsulentfråsegn då han leverte inn manuskript til eiga diktsamling på Aschehoug; Det du ikkje veit kom ut sist i oktober same året. Sjeldan har ei debutsamling blitt helsa med slike lovord som denne. Ingen nemnde at forfattaren hadde sona straff for utuktige handlingar. I eit hemmeleg språk signaliserte mange av bokmeldarane likevel at dei visste om kva røynsler debutanten hadde, og at dei trudde meir på han enn på dommen. Denne merkelege dialogen mellom på den eine sida ein dømd mann som berre kan ytra seg om sine røynsler på hemmeleg vis i eit kodespråk i dikt, og på den andre sida ei offentleg verd som ikkje trur på dommen, men ikkje kan tala om det på anna vis enn ved å omtala dikta med age og ovundring, er eit nokså spesielt forhold. Det var ikkje ukomplisert. Skrede var ingen lett mann, og dei som støtta han, laut vera varsame med kva dei sa. Mellom dei fremste støttespelarane hans var Halldis Moren og Tarjei Vesaas, Inge Krokann, Odd-Stein Anderssen, Rolv Thesen og framfor alle Johan Falkberget.

1953 forlet Skrede Verdens Gang og vart kritikar i Dagbladet; frå våren 1954 fast tilsett på journalistvilkår. Det hadde nok mykje å seia for han, ettersom Dagbladet var ei av dei avisene som hadde behandla han mest krenkjande under rettssaka i 1936. Han heldt fram som kritikar i Dagbladet til 1967.

Det var lyrikar han helst ville vera. For si neste samling, I open båt på havet, vart han – som den første lyrikar – tildelt kritikarprisen frå Norsk litteraturkritikarlag. Sentrale motiv med kampen mellom den eine og dei mange får ord her, ikkje minst tematiserer Skrede kor viktig valet er for det einskilde mennesket. Den sterke kan vera større enn sin eigen lagnad, skapa seg ein samanheng der det tilsynelatande er samanhengslaust, gje meiningsløysa meining. Men også angsten og kjensla av å vera eit utskuv som er trampa på av alle, får ord i dikta, og denne karakteristikken gjeld også dei følgjande samlingane. Den kvite fuglen vart helsa med lovord av dei fleste kritikarane; det vart også dei første samlingane i 1960-åra: Bak dei siste blånar, Frå kjelde til sjø og Mellom romarar. Kritikken var litt meir delt for dei seinare samlingane; yngre kritikarar tykte Skrede kunne vera for direkte, overtydeleg i sine etiske appellar i dikt og prosaisk i sine naturbilete. Men jamt over fekk han strålande kritikk også for dei samlingane som følgde. 1964 gav Den Norske Bokklubben ut eit fyldig utval av dikta hans, Den gleda du skal leva på. Skrede framstod som ein folkekjær diktar og vart mykje brukt i radio, t.d. i Ønskediktet. 1969 kom eit større utval, Dikt i utval.

1953 dramatiserte Skrede romanen Livets oppstandelse av den greske diktaren Nikos Kazantzakis. Under tittelen Vår evige vandring vart stykket spela på Det Norske Teatret året etter. Han prøvde seg også som sjølvstendig dramatikar i Radioteatret med bygdestykket Bjørg (1954) – utan suksess. Skrede redigerte elles fleire store novelleutval, og han var ein god omsetjar. Såleis gjendikta han Shakespeares Othello, og han er den einaste norske gjendiktar som har ført alle Shakespeares sonettar over til norsk.

Ragnvald Skrede var norsk medlem av juryen for Nordisk råds litteraturpris frå 1969. Han var formann i Det litterære råd i Den norske forfattarforening 1970–72. Han fekk Doblougprisen 1967 og Norsk kulturråds pris 1969.

Verker

    Om litteratur

  • Tarjei Vesaas, 1947

    Diktsamlingar

  • Det du ikkje veit, 1949
  • I open båt på havet, 1952
  • Den kvite fuglen, 1955
  • Bak dei siste blånar, 1961
  • Frå kjelde til sjø, 1962
  • Mellom romarar, 1963
  • Grunnmalm, 1966
  • Lauvfall, 1969
  • Vintersvale, 1970
  • Flyttfuglar, 1971
  • Gamaldans, 1973
  • Brenning, 1975
  • Den gleda du skal leva på. Dikt i utval, 1964 (Den Norske Bokklubben)
  • Dikt i utval, 1969

    Redaksjon

  • Noveller av Nobelprisvinnere, 1962
  • Mesternoveller fra mange land, 1963
  • Noveller fra vår tid, 1967
  • Ord mot kveld (i serien De små gleder), 1969

    Gjendiktingar

  • William Shakespeare. Sonettar, fullstendig utgåve, 1972
  • William Shakespeare. Othello, 1974

    Ikkje-publiserte verk

  • Vår evige vandring, dramatisering av Nikos Kazantzakis: Livets oppstandelse, oppført på Det Norske Teatret 1954, tekst i arkivet ved teatret
  • Bjørg, høyrespel, sendt NRK 1954, tekst NBO
  • brev til Ragnvald Skrede i brevsamling nr. 807, NBO

Kilder og litteratur

  • Stud. 1926, 1951
  • O. Hageberg: “Ja til det lovbundne liv. Ein presentasjon av Ragnvald Skredes lyrikk”, i SogS nr. 4/1964
  • HEH 1979
  • I. Svensen: “Gjev du meiningsløysa meining –” Ein studie i Ragnvald Skredes lyrikk, h.oppg. UiO, 1980
  • O. Hageberg: Svidd sjel. Ein biografi om Ragnvald Skrede, 2003
  • E. Ulateig: Korsfestelsen. Historien om Ragnvald Skrede og Vågå, Otta 2003

Portretter m.m.

  • Byste (bronse) av Arnold Haukeland; p.e