Faktaboks

Tarjei Vesaas
Fødd
20. august 1897, Vinje, Noreg
Død
15. mars 1970, Oslo, Noreg
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Olav Vesaas (1870–1951) og lærar Signe Øygarden (1870-1953).

Gift 12.4.1934 med forfattar Halldis Moren (1907–95; sjå Halldis Moren Vesaas).

Tarjei Vesaas

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Tarjei Vesaas
Av /NTB Scanpix ※.
Tarjei Vesaas

Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Tarjei Vesaas
Av /NTB Scanpix ※.

Tarjei Vesaas var ein norsk forfattar og ein av dei viktigaste forfattarane i Norden i åra 1940–70. Han debuterte med Menneskebonn i 1923 og skreiv lyrikk, noveller, skodespel, men det er først og fremst romanane han er kjend for. Vesaas er kjend for å framstille sinn og kjensler hos barn og unge, som i skildringa av Siss og Unn i Is-slottet (1963). Slik framstilling kan òg gjelde vaksne som skil seg ut mentalt på ein eller annan måte, som skildringa av Mattis i Fuglane (1957).

Vesaas har fått fleire viktige utmerkingar. I 1964 fekk han som den første norske forfattaren Nordisk råds litteraturpris for Is-slottet. Vesaas etablerte sjølv eit legat som kvart år deler ut Tarjei Vesaas' debutantpris.

Bakgrunn

Tarjei Vesaas var fødd i Vinje i Telemark. Han vart kjend med litteratur heime – også foreldra og dei to yngre brørne las jamleg. Han lærte elles allslags praktisk arbeid heime på garden Vesås. Den formelle utdanninga Vesaas fekk utover folkeskulen, var ein vinter på Voss folkehøgskule, der styraren Lars Eskeland styrkte hans litterære interesser. Folkehøgskulen var ein vanleg danningsveg for nynorske forfattarar tidleg på 1900-talet. Åra heime på Vesås fram til debuten 1923, avbrotne av eit 7 månaders opphald i hovudstaden som gardist 1918–19, var einsame og vanskelege, skriv han sjølv i boka Om skrivaren, og skrivinga kom til å bli viktigare og viktigare for han.

Med medlemskap i Den norske Forfatterforening fekk Vesaas høve til å gjere fleire lange stipendreiser til storbyar i Europa i åra 1925–33. Fleire av bøkene hans i denne perioden er dels skrivne i utlandet, men ber få ytre merke av det. Dei lengste opphalda hadde han i München, der han likte seg best. Våren 1933 kom han heim, som trulova mann, og 1934 gifte han seg med Halldis Moren og vart bufast på Midtbø, garden i Vinje som han tidlegare hadde kjøpt av ein onkel. Odelsgarden Vesås tok ein yngre bror over.

Forfattarskap

Forfattarskapen til Vesaas omfattar mange sjangrar, først og fremst romanar, noveller og lyrikk, men han skreiv òg skodespel, høyrespel, essays, artiklar og reisebrev. Sakprosaen hans vart ikkje gitt ut i bokform, men samlinga Huset og fuglen inneheld eit utval av sakprosa- og fiksjonstekstar som ikkje tidlegare har vori publisert i bokform.

Dei første bøkene hang fast i nyromantisk tradisjon, men frå og med Dei svarte hestane (1928) kom det meir realisme og samtidsmedvit inn og på 1940-talet blir dei meir eksperimentelle og lyriske.

Debut

Etter eit par refusjonar debuterte Tarjei Vesaas som romanforfattar 1923 med Menneskebonn. Både i denne boka og i dei neste er mennesket lite, hjelpelaust og einsamt, bunde til tunge eksistensielle kår. Det gir dei eit dystert-romantisk og stundom sentimentalt preg. Dei svarte hestane (1928) bryt med dette stilpreget gjennom ein sterkare realistisk skrivemåte med større vekt på miljøskildring og ei meir samansett og spennande handling.

Dyregodtbøkene

Tarjei Vesaas i 1925
Av /Gyldendal.
Lisens: CCO 1.0

Vesaas prøvde seg også i det store episke formatet i romanserien om Klas Dyregodt, men utan heilt å lykkast. Den første boka i serien, Fars reise (1930), er den beste. Den store, dirrande dammen og angsten for katastrofen om dammen skulle breste, gir romanen ei trugande stemning. Brytninga mellom livsangst og lagnadstru på den eine sida og livsvilje og livstru på den andre pregar også Klas’ utvikling i dei to neste bøkene, Sigrid Stallbrok (1931) og Dei ukjende mennene (1932), men vekta ligg tungt på undergang og forfall, inntil Klas, på randa til sjølvmordet, høyrer dei forløysande orda «Du rår deg sjølv, Klas.»

Isolasjons- og einsemdstematikken er sentral i heile forfattarskapen til Vesaas, men den fjerde boka om Klas Dyregodt, Hjarta høyrer sine heimlandstonar, har eit heilt anna og lysare stemningspreg enn dei tidlegare.

1933 gav Vesaas ut romanen Sandeltreet, ein liten, merkeleg og undervurdert roman, som peikar mot den formeksperimenterande Vesaas i 1940-åra.

Gjennombrot: Det store spelet

Vesaas 1934
I 1934 kom gjennombrotsromanen Det store spelet.
Av /Gyldendal.
Lisens: CCO 1.0

Den store gjennombrotsromanen er Det store spelet frå 1934, som fekk samtidskritikken til å juble. Her var eit bondemiljø og ei harmonisering av motsetningar som kritikarane kunne identifisere seg med. Det er eit tydeleg vitalistisk innslag i Det store spelet, «ei fælsleg makt bakom som dreiv menn og kvinner saman, og ikkje spurde etter kor vondt eller godt dei fekk leva som var slengde inn». Dette vitalistiske preget er enda tydelegare i framhaldet, romanen Kvinnor ropar heim (1935)

Formeksperiment (1940-talet)

Vesaas kalla 1940 eit «tidskifte» og eit «tenkjemåte-skifte» som «førde med seg ny skrivemåte, utan vidare». I tråd med dette kunne han kalle Kimen «eit deleteikn» i forfattarskapen sin. Den rekkja av romanar som Kimen innleier, er prega av Vesaas’ utprøving av og eksperimentering med romanforma og resulterer i fleire ulike formvariantar og typar brot med den litterære realismens konvensjonar. Men lesen på langs ser ein også tydeleg den indre samanhengen i forfattarskapen som gjer det problematisk å operere med for skarpe faseinndelingar.

Handlinga i Kimen er konsentrert til eitt døgn, og døgnfasane blir utnytta symbolsk. Den eksistensielle tematikken, med erkjenning av skyld, soning og oppreising, blir knytt til ein fortetta, dramatisk situasjon, ikkje til eit langt, episk forløp som i Dyregodtbøkene og Bufastbøkene.

Huset i mørkret (1945) er ein allegorisk roman der tittelen viser til «Noreg under okkupasjonen» på det overførte meiningsplanet. Her er det okkuperte landet framstilt som eit labyrintisk hus med allslags løynde gangar og farlege rom. Stiliseringa av personar og rom gjer det lett å overføre teksten til konkrete grupperingar, forhold og stemningar under okkupasjonen.

Bleikeplassen (1946) og Tårnet (1948) vart skrivne under okkupasjonen, før Huset i mørkret, og manuskripta låg nedgravne i ein sinkboks til krigen var slutt.

Dei ytre forholda i Bleikeplassen (1946) er vaskinga av skitne klede i vaskehuset og bleikinga av dei. Dei «tilsvarande» indre prosessane er tilsulkinga av sinnet til hovudpersonen Johan Tander og den reinsinga, eller lutringa, han går gjennom til slutt.

Tittelbildet i Tårnet (1948) er meir samansett og uklårt. Det kan koplast til samvit og rettferd og menneskelege ressursar, men også til eit veldig skyldkompleks og eit demonisk forsøk på å løyne årsaka til skulda som faren Randolf og sonen Nils har ført på seg. Signalet (1950) skaper eit absurd univers som gir assosiasjonar til både Kafka og Beckett utan at det er tale om direkte påverking. Handlinga er lagt til ein togstasjon. Signalet som skal sette toget i fart, kjem aldri. Ei diffus kjensle av angst og skam gjer dei reisande handlingslamma og passive.

I Vårnatt (1954) dramatiserer Vesaas fjortenåringen Hallsteins og den eldre søstras møte med ei vaksen, forvrengd verd som «bankar hardt på ytterdøra» og krev hjelp. Både Hallstein og søstra har ein sterk vilje og ei stor evne til å integrere det nye og konfliktfylte livsinnhaldet.

Fuglane

Skildringa av Mattis i Fuglane (1957) er eit høgdepunkt i forfattarskapen. Mattis er lite i stand til å gjere «gagns arbeid», men orienterer seg etter rugdetrekket over huset og skjønar fuglespråk, heilt i samsvar med det sentrale symbolet i tittelen. Vesaas framstiller her ei motsetning mellom to forståingshorisontar som det ikkje går noka bru mellom, og som endar med isolasjon og død for han som står utanfor den rasjonelle, praktisk orienterte bygdefellesskapen. Det sentrale spørsmålet i romanen gjeld Mattis’ identitet; er han ein tust eller ein poet?

Vårnatt og særleg Fuglane integrerer det realistiske og det symbolske på meisterleg vis, medan Brannen (1961), med si ekspresjonistiske framstilling, bryt radikalt med realismens konvensjonar. Som i Vårnatt skjer det ein dramatisk konfrontasjon mellom ungguten Jon og verda, som dels er ei ytre verd og dels ei indre, marerittaktig verd. Også i denne dystre og pessimistiske romanen er det eit spinkelt håp knytt til det avsluttande signalet frå den unge jenta som ofrar livet i protest.

Is-slottet

Is-slottet (1963) er som Fuglane eit høgdepunkt i forfattarskapen. Romanen handlar om to 11-årige jenter i eit gryande veninneforhold. Den skjøre foreldrelause Unn kjem bort og vert ikkje attfunnen. Siss må no leve med tapet og arbeide seg igjennom tunge påkjenningar. I Is-slottet framstiller Vesaas tankar og kjensler hos to heilt unge jenter i pressa situasjonar så intenst og overtydande at det har gitt romanen plass mellom dei fremste i si tid.

Romanen har ein spesiell form. Han har ein enkel medrivande forteljing, men er samstundes lyrisk og symbolsk, assosiativ og ugripeleg. Handlinga stansar hyppig opp og blir følgd av tekstar, dikt, prosadikt, episke tekstar som kommenterer det tematiske. Tittelsymbolet isslottet er solid forankra i romanens vinterrom, som eit fysisk og psykisk kompleks, eit vakkert, fortrollande og dødsfarleg ispalass.

Bruene liknar Is-slottet formalt, i vekslinga mellom den realistiske forteljinga og dei lyrisk-symbolske tekstane som utdjupar og perspektiverer handlinga. Som i Vårnatt og Brannen er evna til mogning og viljen til ansvar sterk hos dei unge.

Vesaas’ siste, sjangeroverskridande prosabok, Båten om kvelden, skil seg formalt ut frå alle dei andre bøkene i forfattarskapen. Ragnvald Skrede kalla boka «ein novellistisk utforma sjølvbiografisk roman» og får på det viset fram nokre viktige sjangertrekk ved boka. Båten om kvelden er også tydeleg ei sluttbok som tar opp att kjende motiv og tema frå forfattarskapen, men med den søkande holdninga like intakt.

Noveller

På sitt beste er novellisten Vesaas fullt på høgd med romanforfattaren. Det syner han døme på i alle sine fire samlingar, men Vindane (1952) er den beste og jamnaste. Mange av hans meisternoveller har barn i hovudrollene, som den vesle skuleguten i «Vesle-Trask» som sit full av kunnskap, men ikkje får eit ord til å låte når den nervøse unge lærarinna spør framfor eksamensnemnda.

I dei to første samlingane, Klokka i haugen (1929) og Leiret og hjulet (1936), har fleire av novellene motivisk og tematisk tilknyting til Bufast-bøkene. Leiret viser til det skøyre og forgjengelege, hjulet til lagnaden og den ustanselege tida. Motsetninga har, som i Det store spelet, eit vitalistisk grunnlag.

Den siste novellesamlinga, Ein vakker dag (1953), er meir ujamn enn Vindane, men har eit høgdepunkt som Det snør og snør, som peikar mot formspråket i romanar som Brannen. Men dei fleste novellene til Vesaas står nærmare formspråket i Fuglane og Is-slottet, med sine symbolske utvidingar og perspektiveringar av ein gjenkjenneleg ytre røyndom.

Dikt

Vesaas skreiv både dikt og prosadikt i tida før og omkring romandebuten 1923, men noka diktsamling gav han ikkje ut før Kjeldene i 1946. I dei 10 åra som følgde, kom det fire samlingar til, men så gjekk det heile 14 år før den siste samlinga, Liv ved straumen, kom ut. Som lyrikar er ikkje Vesaas så formalt nyskapande som han er som romanforfattar, men han høyrer likevel til dei fremste lyriske modernistane i 1940- og 1950-åra.

Kjeldene har dikt i både tradisjonell metrisk form og i frie vers, men i dei seinare samlingane er det dei frie versa som heilt dominerer. Det gamle, tradisjonelle reise- eller vandringsmotivet ligg til grunn for store delar av Vesaas’ lyrikk, slik tittelen på samlinga Lykka for ferdesmenn signaliserer. Vesaas’ dikt tematiserer ofte spenningar mellom det nære og det fjerne, mellom det trygge og det utrygge, det kjente og det ukjente, det flyktige og det varige, mellom lykke- og angstopplevingar. I fleire dikt, særleg i dei første samlingane, er tematikken og det etiske engasjementet knytt til ein historisk kontekst prega av den kalde krigen og angsten for atombomba.

Høgdepunktet som lyrikar nådde Vesaas i si siste samling frå dødsåret 1970. Ho har eit stort tematisk spenn, samtidig som humoren i fleire dikt skaper ein forsonande distanse til dei store motseiingane og spørsmåla som har prega den lyriske forfattarskapen hans.

Dramatikk

Han lærte seg tysk og såg mykje teater. Særleg det ekspresjonistiske teatret appellerte til han, og han prøvde å skrive modernistiske skodespel sjølv, men det var lita interesse for ekspresjonistisk teater både i forlaget og i teatermiljøet i Noreg.

Prosten vart oppførd på Det Norske Teatret i utgivingsåret 1925, Guds bustader same stad 1928 med tittelen Frå fest til fest. Begge stykka vart stort sett slakta av dei leiande kritikarane. Antikrigsstykket Ultimatum vart oppført på Det Norske Teatret 1934, med blanda kritikk.

Vesaas’ kjærleik til teatret var ulykkeleg om suksess er målestokken. Skodespelversjonen av romanen Bleikeplassen, framførd på Det Norske Teatret 1953, vart hans største og einaste teatersuksess. Stykket vart også sett opp i Göteborg og i Helsingfors, og Fjernsynsteatret sende det som Nordvisjons-stykke 1965.

Morgonvinden, med handling frå motstandsarbeidet i eit okkupert land, oppført på Det Norske Teatret 1947, var det siste stykket Vesaas skreiv direkte for scenen. 1958 spela det same teatret tre småstykke (Laurdagskveld, 21 år og Avskil med treet) med fellestittelen Vår eigen song. Dette er tekstar som Radioteatret hadde oppført tidlegare.

Vesaas bidrog med hell til høyrespelsjangeren. Radioteatret framførde også Tøyveret, Det rare, Sabelskuggen, Blå knapp borte og Regn i hår. Høyrespela var dels dramatiseringar av noveller, dels skrivne parallelt som noveller og høyrespel. Det siste høyrespelet Vesaas skreiv for Radioteatret, var Ultimatum, basert på skodespelet frå 1934.

Ein privat forfattar

Det var først og fremst som forfattar Vesaas var ein offentleg person. Han var rett nok eit samfunnsengasjert menneske, men tok lite del i offentleg ordskifte. Vesaas gav avkall på Statens æresløn, på Statens æresbustad, Grotten, og på kommandørkorset av St. Olavs Orden av di det ikkje «heng i hop med heile min natur», som han skreiv. Spenninga mellom privatpersonen, det smålåtne, allminnelege og balanserte bygdemennesket, og den dristige, modernistiske forfattaren med sitt besettande innsyn i angst og gru, er stor og merkeleg.

Tarjei Vesaas' debutantpris

Vesaas etablerte legatet Tarjei Vesaas’ debutantpris, som kvart år blir delt ut til den beste skjønnlitterære debuten. Legatet blei etablert med prispengane han fekk for Veneziaprisen og Nordisk Råds Litteraturpris.

Utmerkingar

Portretter m.m.

Utgivingar

Romanar

  • Menneskebonn, 1923
  • Sendemann Huskuld, 1924
  • Grindegard. Morgonen, 1925
  • Grinde-kveld eller Den gode engelen, 1926
  • Dei svarte hestane, 1928
  • Fars reise, 1930
  • Sigrid Stallbrok, 1931
  • Dei ukjende mennene, 1932
  • Sandeltreet, 1933
  • Det store spelet, 1934
  • Kvinnor ropar heim, 1935
  • Hjarta høyrer sine heimlandstonar, 1938
  • Kimen, 1940
  • Huset i mørkret, 1945
  • Bleikeplassen, 1946
  • Tårnet, 1948
  • Signalet, 1950
  • Vårnatt, 1954
  • Fuglane, 1957
  • Brannen, 1961
  • Is-slottet, 1963
  • Bruene, 1966
  • Båten om kvelden, 1968

Novellesamlingar

  • Klokka i haugen, 1929
  • Leiret og hjulet, 1936
  • Vindane, 1952
  • Ein vakker dag, 1959

Diktsamlingar

  • Kjeldene, 1946
  • Leiken og lynet, 1947
  • Lykka for ferdesmenn, 1949
  • Løynde eldars land, 1953
  • Ver ny, vår draum, 1956
  • Liv ved straumen, 1970

Dramatikk

  • Prosten, skodespel, 1925
  • Guds bustader (eller Frå fest til fest), skodespel, 1925
  • Ultimatum, skodespel 1934, høyrespel 1963
  • Morgonvinden, skodespel, 1947
  • Tøyveret, høyrespel, 1952
  • Det rare, høyrespel, 1952
  • Bleikeplassen, skodespel, 1953
  • Sabelskuggen, høyrespel, 1953
  • Blå knapp borte, høyrespel, 1956
  • Vår eigen song, skodespel, 1958
  • Regn i hår, høyrespel 1958

Sakprosa

  • Huset og fuglen (red. W. Baumgartner), 1971

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • R. Skrede: Tarjei Vesaas, 1947
  • J. E. Vold (red.): Tarjei Vesaas. Et skrift lagt fram på Kulturutvalgets Tarjei Vesaas-aften i Universitetets Aula 14. mars 1964, 1964
  • Vesaas 1897 – 20. august – 1967 (med bibliografi), 1967
  • K. Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas’ diktning. Å sanse det slik det er, 1969
  • H. M. Vesaas: I Midtbøs bakkar, 1974
  • H. M. Vesaas: Båten om dagen, 1976
  • T. Vesaas: Om skrivaren (1963), i Skrifter i samling, bd. 1, 1987
  • Tarjei Vesaas, spesialnummer av café Existens. Tidskrift för nordisk litteratur nr. 39/40, Hamburgsund 1988
  • O. Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas, 1995
  • S. Gimnes (red.): Kunstens fortrolling. Nylesingar av Tarjei Vesaas’ forfattarskap, 2002
  • B. Aamotsbakken: «Det utrulege greineverket». Lesninger av Tarjei Vesaas’ lyrikk, 2002
  • S. J Paulson & R. C. Granaas, red.: Dobbeltblikk på Vesaas, 2009,
  • L. P. Wærp: Engasjement og eksperiment. Tarjei Vesaas’ romaner Huset i mørkret, Signalet og Brannen. Oslo 2009

Faktaboks

Tarjei Vesaas
Historisk befolkingsregister-ID
PFd00118031970M15013

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg