Faktaboks

Tilla Valstad
eg. Mathilde Georgine Valstad
Fødd
31. juli 1871, Tønsberg, Vestfold
Død
5. august 1957, Øvre Valstad i Asker, Akershus
Verke
Forfattar, lærar og journalist
Familie
Foreldre: Skipsreiar og konsul Johan Henrik Christiansen (1823–1904) og Mathilde Georgine Hvistendahl (1834–1911). Gift 29.3.1893 med målar og lærar Otto Valstad (1862–1950).
Tilla Valstad

Tilla og Otto Valstad 1949

Tilla Valstad
Av /NTB Scanpix ※.

Tilla Valstad var ein populær forfattar og kjend forkjempar for kvinnekultur. Tilla og Otto Valstad var naboar og venner med Hulda og Arne Garborg på Hvalstad i Asker. Heimane til Garborg og Valstad var samlingsstader for eit miljø som kom til å spela ei viktig rolle i norsk kulturhistorie. Begge heimane er i dag ein del av Asker Museum.

16 år gammal kyste den vakre Tilla sin unge lærar ved Tønsberg Middelskole. Det oppfatta ho som truskapsløfte og ei hemmeleg forloving, fortalde ho til 70-årsdagen sin. Ho voks opp på ein stor eigedom like ved Slottsfjellet i Tønsberg. Faren var skipsreiar med eige skipsverft og mange seglskuter. Ho utdanna seg til lærar og arbeidde først i Tønsberg, der ho vart gift. Paret flytte til Kristiania 1898 og året etter til Hvalstad i Asker.

Tilla Valstad arbeidde som lærar ved Vaterland skole 1898–1920 og var den første kvinnelege læraren i Kristiania som var yrkesaktiv etter at ho var gift. Vaterland gjorde henne sosialt engasjert, og 1920 starta ho ein friluftsskole som ho dreiv i to år. Mannen vart kjend som kunstmålar og samlar. Han samla ei mengd antikvitetar og bygningar på eigedomen.

Forfattarskapen uttrykkjer på fleire måtar Tilla Valstads engasjerte, frodige og mangslungne liv. Ho debuterte 1925 med Et år i Vaterland, ei samling naturalistisk prega skisser frå tida som lærar i bydelen. Klasserommet med elevane og frøken er gjennomgåande i denne forteljinga, som først vart publisert som følgjetong i ei avis. Klasserommet uttrykkjer samfunnet, og forfattaren viser stor forståing for og sympati med austkanten.

Tilla Valstads hovudverk er romantrilogien Teodora (1933), Teodora kommer hjem (1935) og Men størst av alt er kjærlighet (1941). Denne trilogien er ei kulturhistorisk forteljing frå barndomsbyen i 1870-, 1880- og 1890-åra. Forfattaren legg vekt på å “rekonstruera” ein epoke og fortel om individet, familien og byen. Hovudpersonen er Tea, som vi følgjer frå barn til ung kvinne. Det sentrale temaet er skilnaden og brytninga mellom modernitet og før-modernitet, mellom seglskip og dampskip, rik og fattig, konservatisme og radikalisme – i språksyn, kvinnesyn og samfunnsutvikling. Forholdet til moderniteten er fleirsidig. Teksten uttrykkjer ein nostalgisk kjærleik til det farne, men også ei markant avstandstaking frå mangt av det, og både ei tilslutning til og ei distansering frå det moderne. Forfattaren forsvarer eit moderne kvinne- og språksyn, men òg ei tilbake til jorda-holdning og eit forsvar for kulturelle tradisjonar. Her er ho på line med Hulda og Arne Garborg.

Trilogien er skriven i ein realistisk og nyrealistisk tradisjon. Språket er radikalt, med ein munnleg syntaks og mykje innslag av dialekt og radikalt bokmål. Ennå har teksten eit friskt preg. Trilogien kan òg lesast som ei kulturhistorisk Tønsberg-historie. Småbyen er ikkje omtalt ved namn, men forfattaren brukar omslagsillustrasjon frå Tønsberg og ei rekkje autentiske stadnamn i og rundt byen, dessutan ei rekkje historiske personar og institusjonar. Ikkje minst finst det mykje sjølvbiografi i teksten.

I dag er Tilla Valstads namn først og fremst knytt til Tønsberg og Asker. Ekteparet var barnlause, og 1949 testamenterte dei alt sitt til Asker Museum på Hvalstad. Huset, samlingane og den barokkinspirerte hagen med fontener og skulpturar er i dag tilgjengelege for publikum.

Verker

  • Æsops fabler (omsetjing og tilrettelegging), 1918
  • Et år i Vaterland, 1925
  • Akerselva, i B. A. Grimeland (red.): Oslo og omegn, 1928
  • Teodora, roman, 1930
  • Teodora kommer hjem, roman, 1933
  • Men størst av alt er kjærlighet, roman, 1941
  • ei lang rekkje artiklar i aviser, vekeblad og tidsskrift
  • Tilla Valstads arkiv ved Asker Museum Valstads Samlinger

Kilder og litteratur

  • T. Valstad: “Forfatterinnen Tilla Valstad”, i A. Hauge (red.): Min mor og far. Kjente kvinner og menn forteller om sine foreldre, 1948, s. 154–164
  • O. A. Johnsen (red.): Tønsbergs historie. Tidsrummet ca. 1880–ca.1940, bd. 3, del 2, 1954
  • I. Engelstad m.fl. (red.): Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 2, 1989
  • I. Aastebøl: Tilla Valstad. Kreativ kvinne i kulturens tjeneste, Asker 1995
  • Labråten. Hulda og Arne Garborgs heim, utg. av Asker Museum, Asker 1997
  • E. N. Christiansen: En Tønsberg-slekt fra seilskutetiden. Johan Henrik Christiansen – forfedre og etterkommere, 1998
  • Asker Museum. Valstads Samlinger, brosjyre, Asker u.å