Faktaboks

Vigleik Audunsson Prosteson
Levetidskommentar
Fødselsår og fødestad er ikkje kjende; Død 1280; nøyaktig dødsdato og dødsstad er ukjende; nemnd 1251–80
Verke
Stallare, lendmann/baron
Familie
Foreldre: Ukjende. Uvisst om han var gift, men han let etter seg ein son som fekk herretittel.

Som diplomat, militær befalingsmann og hirdembetsmann gjorde Vigleik Audunsson ei variert teneste under kongane Håkon 4 Håkonsson og Magnus 6 Håkonsson. Han opptrer berre sporadisk i kjeldene.

Våren 1251 var Vigleik ein av leiarane for det sendelaget kong Håkon sende til storfyrsten av Novgorod, Aleksander Nevskij. Formålet var å tinge om fred mellom nordmenn og karelar i Finnmark. Dessutan skulle dei vurdere tilbodet frå storfyrsten om giftarmål mellom prinsesse Kristin Håkonsdotter og Aleksanders son, truleg prins Vasilij. Det vart inngått fredsavtale, men friarmålet vart lagt til side på grunn av den utrygge politisk-militære situasjonen i Novgorod. Med gilde gåver til kong Håkon kom dei attende til Noreg vinteren 1251–52.

På Håkon Håkonssons skottlandstog sommaren og hausten 1263 var Vigleik militær befalingsmann. Såleis var han ein av leiarane for den spektakulære straffeekspedisjonen til Loch Lomond og jarledømet Lennox inne i Skottland, eit raid Hákonar saga framstiller som ærerikt og avskrekkande. Fysiske spor etter Vigleik på skottlandstoget fins på den vesle øya Holy Island, Lamlash Bay på austsida av øya Arran. Blant 8 norrøne runeinnskrifter i the Cell of St. Molaise er denne rissa inn i stort format: uiglæikrstallareræist, altså “Vigleik stallare rista [desse runene]”. Innskrifta er interessant av to grunnar: for det første fordi den – nokså eksepsjonelt – kan daterast nøyaktig, nemleg til september 1263 da den norske flåten gjennom ein lengre periode låg i ro nettopp i Lamlash Bay. Dernest gir innskrifta eldste belegg for Vigleiks funksjon som stallare (kongens talsmann i hirda), faktisk 10 år før han er nemnd med slik titulatur i ei tradisjonell skriftleg kjelde.

Sommaren 1273 opptrer Vigleik som stallare på riksmøtet i Bergen, der det første konkordatet mellom kyrkja og kongedømet i Noreg vart inngått, og der Eirik og Håkon Magnussøner fekk respektive konge- og hertugnamn. Under tingsamlinga tala Vigleik på vegner av hirda. Sommaren 1276 var han med i kongens følgje til landsenden, der kong Magnus skulle mekle i den svenske tronstriden. I august 1277 er han blant baronane i Tønsberg som medbeseglar, garanterer og sver eid til det endelege konkordatet (“sættargjerda”) mellom kyrkja og kongedømet. Ved denne tida ser det ut til at han hadde forlate stillinga som stallare. Ein gong etter 1273 må han ha fått lendmanns rang, som 1277 altså er konvertert til baron.

Vigleik Audunsson hørte neppe til den indre regjeringskrinsen kring kongane Håkon Håkonsson og Magnus Håkonsson. Men dei oppdrag han utførte, galdt alle viktige statssaker, som i sum vitnar om ei allsidig og lojal kongsteneste.

Kilder og litteratur

  • Isl.Ann.
  • RN, bd. 2, 1978
  • Håkon Håkonssons saga og Magnus Lagabøtes saga, i Noregs kongesoger, bd. 4, 1979
  • M. Olsen m.fl. (utg.): Norges innskrifter med de yngre runer, bd. 5, 1960, s. 230–232
  • NFH, del 4, bd. 1–2, 1858–59
  • G. Storm: “Om Lendermandsklassens Talrighed i 12. og 13. Aarhundrede”, i HT, rk. 2, bd. 4, 1884
  • M. Olsen: “Runerne i St. Molaise's celle på Holy Island”, i DNVA Skr., 1912
  • O. A. Johnsen: Finmarkens politiske historie, 1923
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
  • J. Jansen: biografi i NBL1, bd. 18, 1977