Faktaboks

Aasa Helgesen
Aasa Røinedal
Fødd
11. februar 1877, Bjelland
Død
29. april 1968, Utsira
Verke
Jordmor og lokalpolitikar
Familie

Foreldre: Gardsarbeidar Ole Sørensen Røinesdal (1852–1938) og Sissel Johnsdotter Kåland (1841–1902).

Gift 24.6.1907 med fiskar Sivert Helgesen (24.6.1883–30.11.1941).

Aasa Helgesen var ein norsk politikar, kjent som den første kvinnelege ordføraren i Noreg. Ved sida av yrket som jordmorUtsira var ho ordførar i den nyoppretta kommunen frå 1926 til 1928.

Bakgrunn

Aasa Røinesdal, som ho opprinneleg heitte, voks opp på husmannsplassen Røisnesdal i Bjelland. Etter at ho var ferdig med skulen, fekk ho arbeid som hushjelp hos ein bonde. Men ho ville utdanna seg vidare, og bonden (saman med lensmannen i bygda) garanterte for eit lån på 300 kroner, slik at ho kunne koma til Kristiania for å gå på jordmorskule. I 1902 var ho ferdig utdanna jordmor.

Jordmor

Ho søkte først stilling i heimkommunen Bjelland, men ho blei innstilt som nr. 2 og måtte difor søke ledige stillingar andre stader i landet.

I 1903 blei Aasa Røinesdal tilsett som jordmor på øya Utsira, 18 km vest for Karmøy. Den dagen ho reiste til den nye arbeidsplassen, tok det 9 timar med båt frå Haugesund. Men om overgangen frå ei skogsbygd i Mandalen til ei øy ute i åpne havet var stor, så fann ho seg fort til rette. På ei lita øy vert det ein annan kontakt mellom folk enn innover i landet, der det kan vera langt mellom gardane. På Utsira møtte ho Sivert Helgesen, som ho blei gift med 1907. Som dei fleste på øya var han fiskar, og dermed borte frå heimen ein stor del av året.

Som jordmor frå 1903 til 1942 tok Aasa Helgesen imot ca. 400 barn. Det var omtrent like mange som det budde folk på Utsira i den tida. Der var ikkje doktor, og som einaste helsearbeidar på øya var ho nok også lege iblant.

Ordførar

Fram til 1. juli 1924 hadde Utsira vore ein del av Torvastad kommune. Men då øya blei sjølvstendig kommune, blei det valt eit mellombels kommunestyre, som skulle styra fram til dei kunne halda val. Ordførar var Helgesens ektemann Sivert Helgesen.

Det første valet blei halde 29. oktober 1925 og føregjekk som fleirtalsval, det vil seie at den som får flest stemmer – utan omsyn til liste – blir valt. Det skulle veljast 12 medlemmer til kommunestyret, og det blei laga ei liste med 12 kvinnenamn. Blant desse var Aasa Helgesen. Oppteljinga synte at 11 kvinner og 1 mann var valde til å styra Utsira kommune i dei komande tre år. Resultatet av valet førte til at store deler av verda blei merksam på det som hadde skjedd, og kvinneorganisasjonar frå fleire land sende telegram med ønske om lukke til.

8. januar 1926 kom det nye kommunestyret saman. Den mannlege representanten var ikkje viljug til å ta på seg å vera ordførar, og valet stod då mellom dei 11 kvinnene. Etter at den gamle ordføraren hadde gjeve uttrykk for tillit til etterkomarane, kunne han levera ordførarklubba til si eiga kone, Aasa Helgesen, den første kvinna i landet som var valt til ordførar i ein kommune.

Det kom mange dystre spådomar om kvinnene ville makta å styra kommunen. Kvinner med politisk makt var noko nytt, og dette var ein svært uvanleg start på ein politisk karriere. Men dei tok på seg jobben og fullførte med glans. 17. juli 1926 skreiv Haugesund Avis: «Arbeidet i herredsstyret går ganske bra. Der har ikke vært synderlige uoverensstemmelser og absolutt ingen rivninger. Kommunens økonomi er god. Det er ikke [...] stiftet et eneste øres gjeld. [...] Budgettet vil sikkert holde og muligens gi et lite overskudd, skjønt skatteprosenten blir mindre enn ifjor.»

I 1928 var det igjen val, men ingen av kvinnene på Utsira var særleg lystne på ein ny periode med kommunalt styre og stell. Denne gongen blei det bare valt inn menn, og Sivert Helgesen tok over att som ordførar.

Avbildningar

Kunstnarlege portrett

  • Byste av Svein Magnus Håvarstein, 1994; Siratun, Utsira

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • «Arbeidet i herredsstyret», i Haugesunds Avis 17.7.1926
  • «Aasa Helgesen 80 år», i Haugesunds Avis 1957
  • Haugland, Ånund: «Aasa Røinesdal – jenta frå husmannsplassen i Bjelland som blei landskjent», i Marnar-minner, 1999
  • Haugland, Ånund: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Solberg, M.: «Norges første kvinnelige ordfører», Utsira 1994 (skriv til avdukinga av bysta av Aasa Helgesen)
  • Skåren, K.: «Gamalt frå Utsira – kvinnestyret», i Siraposten

Faktaboks

Aasa Helgesen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036656002378

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg