Faktaboks

Alv Knutsson
Fødd
1420
Død
1496
Levetidskommentar
omtrentleg fødselsår
Verke
Riddar og godseigar, riksråd og høvedsmann
Familie

Foreldre: Lagmann i Västergötland, svensk riksråd Knut Jönsson (Tre Rosor) (død 1457) og fru Agnes Alvsdotter (død ca. 1499).

Gift før 1458 med fru Magnhild Oddsdotter (ca. 1425–1499), dotter til Odd Bottolvsson på Finne (Voss) og Botild Torsteinsdotter av Månsta-ætta.

Far til riksråd Knut Alvsson (ca. 1455–1502) og Odd Alvsson (ca. 1460–1497).

Tre Roser
Alv Knutssons våpenskjold med tre roser.
Tre Roser
Av .

Alv Knutsson var ein norsk riddar og riksråd. Han var høvedsmannBergenhus og forlenet med Solør.

Bakgrunn

Alv Knutsson tilhøyrde den svenske adelsætta Tre Roser på farssida, og var son av den svenske riksråden Knut Jonsson og den norske adelsdama Agnes Alvsdotter. På morssida var han i slekt med Sørum- (Sudrheim-) og Bjarkøy-Giskeættene. Han gifta seg med Magnhild Oddsdotter frå Finne på Voss, og saman med henne fekk han sønene Knut Alvsson og Odd Alvsson. Knut leidde den norske delen av eit svensk-norsk opprør mot danskdominerte unionen i 1501-1502. Opprøret var det største i Noreg under unionstida.

Eigedommar

Kjeldematerialet gir ikkje mange opplysningar om Alv Knutsson sitt politiske virke, men det er tydeleg at han var ein av dei største jordegodseigarane i historia. Han arva ein del av riddaren og riksforstandaren Sigurd Jonsson sine veldige eigedommar, mellom anna Sørumsgodset (Sudrheim) på Romerike og Giskegodset på Sunnmøre. Hustrua hans Magnhild rådde sjølv over store godseigedomar, og Alv styrte etter kvart det største verdslege godset i Noreg på 1400-talet saman med henne. Sidan Magnhild var enkje etter Bengt Harniktsson, fekk Alv også GrefsheimHedmarken.

Støtte

Alv Knutsson støtta opphavleg den svenske kongen Karl Knutsson Bonde sitt krav på den norske krona i 1448. Etter at Karl måtte gå av som norsk konge, kom Alv likevel til semje med den nye dansk-norske kongen Christian 1. Alv vart i 1450-åra utnemnd til riddar og var del av det norske riksrådet. Han var ei stund høvedsmannBergenhus.

Fiendar

Alv var tidleg fiende med ein annan riksråd, Hartvig Krummedike, noko som mellom anna førte med seg politiske drap. Uvenskapen varte i fleire tiår, og heller ikkje Christian 1. sitt forsøk på mekling førte fram. Dei vart difor tvinga av riksrådet til å slutte fred «til evig tid». Dette varte likevel ikkje ved, og etter at dei to var døde, gjekk uvenskapen i arv til Alv sine søner Odd Alvsson og Knut Alvsson og Hartvig sin son Henrik Krummedike. Det var eit avgjerande bakteppe for at Knut Alvsson vart drepen under eit forhandlingsmøte i Oslo, og som samtida gav Henrik Krummedike skylda for.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ole-Jørgen Benedictow: Fra rike til provins 1448-1536. Cappelens norgeshistorie, bind 5. Cappelen Forlag Oslo 1977
  • Øystein Hellesøe Brekke: Knut Alvssons krig: ridderen som ville erobre Norge. Bergen 2016
  • Lars Hamre: Norsk historie 1450-1513. Universitetsforlaget Oslo 1971
  • Ole Georg Moseng, Erik Opsahl, Gunnar I. Pettersen og Erling Sandmo: Norsk historie I 750-1537, 2.utgave. Universitetsforlaget Oslo 2007.
  • Jón Viðar Sigurðsson: Norsk historie 800–1536, bd. 1: Frå krigerske bønder til lydige undersåttar. Oslo 2011

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg