Kalvø har, i tillegg til bøkene og dei populære radioprogramma, også utmerkt seg som showmann, både i eigenskap av å vere standupkomikar, noko han tok til med i 1990, og som skodespelar i eigne revyframsyningar. Med eit stort imitasjonstalent og godt språkøyre framstiller han mange ulike personar på revyscena. Han har òg bidrege med manus til ei rekkje framsyningar.
I 1996–1997 turnerte han saman med musikkgruppa Dei nye kapellanane med ei framsyning bygd på boka Kunsten å vere neger. Seinare var han både forfattar og skodespelar i revyane Tusen år og like blid i 1998 og Det folk vil ha i 2005, begge på Det Norske Teatret, og i revyen Tre mot ein er feigt på Sentrum Scene i 2001. Kalvø skreiv teksten til Noregs første opera om fotball, «Norge-Brasil, ein opera», som hadde premiere på Opera Nordfjord i 2010. I 2012 vart ein litt annan versjon av framsyninga vist på Det Norske Teatret under tittelen «Norge-Brasil, ein forballopera». I 2014 debuterte han med si første soloførestilling, Kalvø, av og med Kalvø, på Det Norske Teatret. Kalvø skreiv manus til framsyninga Halve kongeriket. Norsk politikk – The musikal! som hadde premiere på Det Norske Teatret i 2015, med musikk av Ingrid Bjørnov.
Kalvø har også gjendikta musikalane Shockheaded Peter og The Book of Mormon til nynorsk for Det Norske Teatret, med premiere i høvesvis 2013 og 2017.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.