Faktaboks

Asbjørn Aarnes
Asbjørn Sigurd Aarnes
Fødd
20. desember 1923, Tingvoll, Møre og Romsdal
Død
8. januar 2013, Oslo
Verke
Litteraturforsker
Familie

Foreldre: Tømmermester Halvor Olai Aarnes (1898–1978) og Alida Beate Olsen (1897–1991).

Gift 1950 med skuespiller Berit Alten (20.5.1915–18.12.2002), datter av høyesterettsdommer Edvin Alten (1876–1967) og Ragna Aass (1880–1975). Svoger til Rønnaug Alten (1910–2001).

Asbjørn Aarnes
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Asbjørn Aarnes var ein norsk litteraturforskar og formidlar av litteratur, filosofi og idéhistorie. Aarnes' faglege produksjon og formidlingsinnsats var uvanleg vidfemnande, med hovudvekt på fransk og norsk litteratur og europeisk filosofi. Som redaktør, utgivar, initiativtakar til symposium og seminar, og som deltakar i offentleg debatt, var han ein av dei store akademiske inspiratorane i etterkrigstida.

Bakgrunn

Asbjørn Sigurd Aarnes var fødd i Tingvoll i Møre og Romsdal. Han tok examen artium ved Volda gymnas i 1944 og vart mag.art. ved Universitetet i Oslo i 1950. Han studerte i 1951–1952 ved École Normale Supérieure i Paris og var stipendiat ved Universitetet i Oslo frå 1954 til 1963. I 1957 vart han dr.philos. med ei avhandling om den franske diktaren Gérard de Nerval.

Frå 1964 til 1993 var han professor i europeisk litteraturhistorie, særleg fransk, ved Universitetet i Oslo. I 1967–1970 var han styrar for Dei romanske institutta ved UiO.

Litteraturvitskap

Aarnes skreiv først og fremst om fransk og norsk dikting, om litteraturteori og filosofi. I litteraturteori vart han tidleg prega av Peter Rokseth og elevane hans, den «estetisk-filosofiske» skulen, som tok utgangspunkt i det litterære verket sjølv, ikkje dei biografiske og historiske omstenda kring verket. Han var særleg oppteken av poesi og det poetiske. Som fenomenologisk inspirert lyrikkmeldar i Morgenbladet var han sentral i formidlinga av ein heil generasjon av norske lyrikarar.

I 1965 redigerte han Litterært leksikon, eit oppslagsverk for litterære termar, og eit pionerarbeid i norsk litteraturkunnskap. Innanfor filosofien arbeidde han dei seinare åra særleg med den litauisk-franske filosofen Emmanuel Levinas.

Aarnes var svært produktiv: Ein bibliografi som dekkjer perioden 1947–2008, omfattar 1182 postar, frå bøker og bidrag i bøker til tidsskriftartiklar, avisartiklar og intervju.

Skriftseriar og intellektuelle forum

Aarnes var saman med Egil A. Wyller redaktør av bokserien Idé og tanke, som kom med 42 band i åra 1960–1985, og var hovudredaktør av Thorleif Dahls Kulturbibliotek i 1978–2001, som gav ut ca. 50 band i desse åra. Med serien Norske filosofer i det 19. århundre bringa han norske filosofitradisjonar fram i lyset. I 1978 tok han initiativ til Humanistisk Seminar, som hadde over 50 samlingar kring litterære og filosofiske emne, først på Nesbyen, frå 1983 på Granavollen på Hadeland. Om lag 20 bøker sprang ut av desse seminara. Frå 1994 skipa han saman med Hans Kolstad foredragsserien Humanistisk Kollegium i Oslo.

To kjelder til norsk kultur

I perioden 1967–1982 var Aarnes preses i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Dei seinare åra markerte han seg ved å peike på den verdien dei to målformene har for norsk kulturliv. Aarnes la vekt på at riksmål (nemninga «bokmål» bruker han lite) på den eine sida og nynorsk på den andre, er berarar av ulike kulturar og verdiar. «Den dagen den ene av våre to sprogfløyer går av med seieren, vil norsk kulturliv sitte igjen som den tapende part,» skreiv han i ein kronikk om Ivar Aasen i 1996.

Dag og Tid-epistlar

I åra 2005–2006 hadde Aarnes si eiga spalte i Dag og Tid. Epistlane under tittelen «Så sant som det er sagt» fekk nærmast kultstatus. Han fortalde om menneske han hadde møtt, kontinentale og norske intellektuelle, diktarar og folk frå barndom og ungdom i Vågbø i Tingvoll. Dei populære epistlane vart seinare samla i bøkene Råka av røynd (2006) og Troll i ord (2009). Frå desember 2009 til desember 2012 redigerte han saman med Jan Erik Vold spalta «Diktet» i Dag og Tid, ei spalte som kvar veke presenterte eit dikt kommentert av spalteredaktørane.

Verv og utmerkingar

Aarnes vart vart vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1983.

I 1963 vart han oppteke i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Han var akademiets preses i heil 16 år (1967–1982)

For arbeidet sitt for fransk litteratur og kultur vart han heidra med Den franske stats fortenesteorden (1970), Æreslegionen (1979) og Dei akademiske palmers orden (1984).

I 1990 fekk Aarnes, som den første, Anders Jahres kulturpris «for sin enestående brobyggertjeneste mellom norsk og fransk åndsliv, mellom diktning og vitenskapelig refleksjon, og mellom ulike fagområder – især forskning og filosofi».

I 2008 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Utgjevingar (utval)

  • Diktningen hos Gérard de Nerval. Hans estetikk og poesi, doktoravhandling, 1957
  • Boileau og diktekunsten. Barokk – Klassisisme – Opplysning, 1961
  • Det poetiske fenomen, 1963
  • Pierre Le Moyne. En fransk barokkdikter, 1965
  • Ved veiskille. Natur og rasjonalitet, 1974
  • Fransk tanke og idéliv, 1981
  • Mellom det faktiske og det mulige, 1984
  • Perspektiver og profiler i norsk poesi, 1989
  • Cartesianische Perspektiven. Von Montaigne bis Paul Ricœur, 1991
  • Studier i fransk idéliv. Barokk, klassisisme, romantikk, 1998
  • Poesien hos Olav Nygard. Et dikteralbum, 2004
  • Dryadens hind. Om et dikt av Emil Boyson, 2004
  • Råka av røyndom, 2006

Omsetjingar (utval)

  • Michel de Montaigne, 1979
  • Descartes: Meditasjoner over filosofiens grunnlag og andre tekster, 1980
  • Debatten om Descartes, 1982
  • Franz Kafka: Fortellinger, 1985
  • E. Levinas: Den Annens humanisme, 1993

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans Kolstad (red.): Tanke og omtanke. Festskrift til Asbjørn Aarnes på syttiårsdagen. Oslo 1993
  • Ut av fatning. Asbjørn Aarnes i samtale med Hall Bjørnstad. Oslo 2001
  • Lars Roar Langslet: Veivisere. Ni norske profiler. Oslo 2009
  • Anne-Lise Knoff: Norges katolske hulder. Brev til Asbjørn Aarnes om Humanistisk Seminar (1978–2004). Oslo 2008
  • Sigmund Hoftun og Rolf Tobiassen: Mål og metoder i litteraturforskningen. Oslo 1969

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg