Berte er eit kvinnenamn som er e-form av Berta.

Ordet berte er i dag brukt i noko nedsetjande tyding (‘framfusande kvinnfolk’), og dermed har nok namnet mindre sjansar på dagens namnemarknad.

Namnet har fleire variantar: Berta, Berte, Bertha, Berthe.

Namnedag er 31. august. Berta har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Berte

Kulturell bruk

  • Berte er ein sentral person i barnebøker (1958–1978) av Kirsten Langbo.

Kjende personar med namnet Berte

Eksempel på ein person med namnet Berte som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 430 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Berte som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Berte på 1800-talet.

Berte var – til liks med Berta – mest brukt i Rogaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Berte på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Berte var – til liks med Berta – mest brukt i Rogaland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Berthe.)

Historisk bruk av namnet Berte
Historisk bruk av namnet Berte
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg