Faktaboks

Besshøe

tidligere stavet Besshø

Etymologi
av norrønt ‘bjørn’
Gjende
Utsyn vestover Gjende frå Besseggen, med Bessvatnet og Besshø til høgre.
Av .
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Besshøe er ein fjelltopp i Jotunheimen, i Vågå kommune, nord for Gjende, 2258 meter over havet.

Mot nordvest fell Besshøe i stupbratte veggar ned mot Russvatnet (1175 meter). Mot sør og aust skrånar fjellet jamnare ned mot Besseggen og Bessvatnet (1373 meter). Frå toppen er det vid utsikt over den søraustlege delen av Jotunheimen. Ei varderute fører frå Bessas utløp av Bessvatnet på austsida av vatnet opp til toppen av fjellet. Denne tek 7–8 timar opp og ned med Gjendesheim som utgangspunkt.

Den fyrste namngitte personen som ein reknar med gjekk til toppen av Besshøe, var botanikaren Christen Smith i juli/august 1813.

Les meir i Store norske leksikon

Kart

Besshøe
Besshøe
Av /Statens kartverk.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg