Faktaboks

Bjørn Rongen
Fødd
24. juli 1906, Evanger i Voss, Hordaland
Død
26. august 1983, Frogn, Akershus
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Handelsmann Olav Brynjulvson Rongen (1877–1969) og lærer Berta Kvilekvål (1879–1923).

Gift 9.3.1939 med bibliotekar Charlotte Maria Schanche Olsen (28.10.1910–15.11.1992), datter av forretningsmann Jonas Schanche Olsen (1876–1924) og forretningskvinne Malena Øglænd (1880–1958).

Bjørn Rongen
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Bjørn Rongen var ein norsk forfattar. Han debuterte i 1934 med To semester om studentar i hovudstaden. I Embetsfolk (1935) skriv han om korleis fattigdom og gjeldskrise gjer at folk sluttar seg til fascismen. På 1950-talet gav Rongen ut fleire populære bøker for barn og ungdom, best kjend er Bergteken i Risehola (1953), som også slo gjennom internasjonalt.

Bakgrunn

Bjørn Rongen vaks opp i den vesle bygda Evanger ved Voss. Han gjekk på Voss landsgymnas, studerte ei kort tid i Oslo, og budde som vaksen i Drøbak.

Forfattarskap

Han debuterte i 1934 med To semester, der han følgjer filologistudenten Ola Bakken gjennom eit år i hovudstaden. Det er mange ekko av Bondestudentar i romanen, og kanskje like mykje av Mannfolk, begge er kjende bøker av Arne Garborg. Det er nemleg «det velsignede kjærlighedsspørgsmål» (Garborg) som plagar både Ola og hans studiekameratar – ikkje minst dei som er ved det teologiske fakultetet. Gifta seg har dei ikkje råd til, men driftslivet krev sitt, og dei vaklar mellom kyske jenter som ventar heime, og hovudstadsjenter som byr seg fram straks – for pengar eller blott til lyst. Det er eit univers av lengt, samvitsnaud, drift og fortviling. På botnen finst det kjønnssjukdommar og undergang. Men samanlikna med Garborg er det ein litt muntrare og meir satirisk tone hos Rongen. Vel skjer det tragediar, men forviklingane er like mykje komiske, og misforholdet mellom studentens høge kall og låge laster kallar meir på latter enn på gråt.

Rongen byrja sjølv på teologistudiet og ironiserer kvast over korleis det teologiske fakultetet taklar umoral. Dei kan sjølvsagt vise studentane bort, for ingen vil ha prestar med syfilis. Eller dei kan tilby dei syndsvedkjenning og anger, gjerne med eit halvoffentleg preg. Då vil dei styrkje sin pastorale autoritet, når dei har bakgrunn som «den største av alle syndarar». Det skreiv jo Paulus om seg sjølv! Vi merkar at Rongen nok har fått vel sa mykje inspirasjon frå det kulturradikale litteraturmiljøet som frå teologistudiet. Det tok han også konsekvensen av, slutta i studiet og vart forfattar.

I Embetsfolk (1935) skildrar Rongen korleis dei tidlegare bondestudentane agerer når dei blir embetsmenn og kjem ut i bygdene. Her tek han opp eit tema som er omtala alt hos Lars Jaastad eit halvt hundreår før: Skal presten halde seg til dei vakte, eller skal han stø seg til dei meir moderne og liberale? Med Stille smil (1936) går Rongen inn i ein tyngre problematikk. Kva er det som får unge menneske til å flokke seg om fascismen? Gjennom nærbiletet av bondeguten Erling Åsheim viser han korleis ein ung mann på landsbygda sakte og uavvendeleg går mot undergangen. Han er bondeson, men ein eldre bror får garden. Det er uråd å få seg arbeid anten i bygda eller i byen. Han blir gåande på nåde heime hos broren, som har mobba han frå tidlege barneår. Rongen viser, gjennom ei psykoanalytisk inspirert tolking, korleis dei unge gutane utan framtidsutsikter misser trua på seg sjølve også i kjærleikslivet.

Dei har ingenting å tilby. Med Erling går det heilt gale. Men etter at han er borte, tek miljøet av arbeidslause til å dyrka han som ein helt og ser i han ein symbolfigur for fascistisk ideologi. Dette er ein tidleg og skarp analyse av korleis høgreekstremisme kunne oppstå, og forklaringane er både psykologiske og sosiale.

Rongen skil seg frå mange av dei tidlegare bygdeskildringane, som ville finne det reine og usmitta norske i bygdesamfunnet. Denne førestillinga lever vidare frå nasjonalromantikken og inn i mellomkrigstida og manifesterer seg både i dikt og prosa. Hos Rongen slår ein meir illusjonslaus realisme inn. Fattigdom og gjeldskrise er dei farlege utløysande faktorane for at folk sluttar seg til den politiske høgrefløya.

Rongen skreiv også ein allegorisk roman om okkupasjonen som kom i 1940: Nettenes natt. Frå og med denne romanen gjekk han over til bokmål, med unnatak av ungdomsbøkene. Det største arbeidet var ein trilogi om Bergensbanen (1956–58).

Bøker for barn og ungdom

På femtitalet gjekk han i gang med det han kanskje er mest kjend for i ettertid, nemleg bøker for barn og ungdom. Han skreiv ti bøker på eit drygt tiår, og den største suksessen var truleg Bergteken i Risehola (1953), som også slo gjennom internasjonalt. Rongen skreiv boka til ein utlyst konkurranse, nokså nøyaktig tjue år etter vaksendebuten. Boka handlar om ein gjetargut som blir sperra inne ei stor berghole av eit ras, saman med tre av geitene sine. Der blir han i fire døger.

Forteljinga har to plan; dels handlar ho om denne dramatiske hendinga, dels om at ei bestemor fortel hendinga til ein barneflokk. Fokus skifter mellom sjølve hendingane og reaksjonane til dei som høyrer på. Dette grepet gjer det også mogeleg å dela teksten opp i høvelege delar. Dermed kunne boka lett overførast til det store nye mediet for barnelitteratur, nemleg høyrespelet i laurdagsbarnetimen, som fekk si stordomstid på femtitalet. Der slo ho gjennom, og på forholdsvis kort tid vart ho omsett til mange europeiske språk, og ho vart lesen i USA og Japan.

Også i dei neste barnebøkene heldt Rongen fast på ein kombinasjon av spenning og avansert forteljeteknikk, med titlar som Anne Villdyrjente (1956), Fem døgn på isfjell (1959) og Slalåm for livet (1961). Han erstattar den tradisjonelle allvitande (og i barneboksjangeren ofte eldre og kloke) forteljaren med kryssklipping og ulike forteljeperspektiv, som stadig skifter, og som difor får opp spenninga

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg