Faktaboks

Bjarne Fidjestøl
Fødd
30. september 1937, Hægebostad. Norge
Død
9. april 1994, Bergen, Norge

Bjarne Fidjestøl var ein norsk språk- og litteraturforsker. Han blei cand.philol. i 1966 og dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen i 1975, der han også var professor frå 1982. Doktoravhandlinga hans hadde tittel Det norrøne fyrstediktet (1980).

Fidjestøl var redaktør i tidsskrifta Syn og Segn i perioden 1969 til 1973 og Maal og Minne frå 1985 til 1994. Han redigerte blant anna det store fem-bindsverket Sagalitteraturen (1984) og stod for ei rekkje omsetjingar frå norrøn og russisk litteratur.

Fidjestøl si evne til å bruke nye metodar for forståing på tvers av faggrenser var spesielt tydeleg i den grunnleggjande fremstillinga han ga av norrøn litteratur i sin del av standardverket Norsk litteratur i tusen år (1994).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg