Bladet Vesterlen si historie er ein del av tettstaden og etter kvart småbyen Sortland si historie. Lokalt blir avisa kalla «Flisa». Då ho kom ut første gongen, i 1921, var ho berre ei lita flis på fire sider. «Flisa» stod i stil med Sortland, ein liten kyrkjestad med vel 500 sjeler og den femte største tettstaden i Vesterålen. Nesten nitti år seinare er avisa ikkje berre størst i Vesterålen, men i heile nordre Nordland – berre to aviser i fylket har høgare opplagstal (per 2010). Samtidig er Sortland blitt den største tettstaden i Vesterålen. Kommunen fekk bystatus i 1997 og har ei vareomsetning per innbyggjar som ligg på topp i Nord-Noreg. Annonsane frå den lokale handelsstanden gir viktige inntekter til avisa, og frå å vere ei lita flis som kom ut to gonger i veka, er ho blitt ei regionavis på 32 sider med fargetrykk, fem utgivingsdagar, eige magasin og nettutgåve.
Utviklinga har gått stegvis. Vesterålen blei etablert som eit organ for Nordland Socialdemokratiske parti. To år etter blei avisa politisk og økonomisk uavhengig, og bortsett frå eit kort mellomspel som Venstre-sympatisør, har avisa seinare vore uavhengig. Eigarane, familien Nordahl, som i to generasjonar også har redigert bladet, har ønskt det slik, og dei har òg drive trykkjeri og dei seinare åra eit reklamebyrå som har gitt mediebedrifta meir enn eitt bein å stå på.
Avishistoria viser at målet heile tida har vore å lage ei lokal avis. Lokale arrangement frå alle delar av regionen blir dekte – her skal alle julemesser, barneskirenn og eldrefestar med. Avisa har mange og lange lesarinnlegg, innsende dikt, amatørfoto, referat og kortare reportasjar frå kultur- og organisasjonslivet i regionen. Alt får plass. Ein må leite lenge etter sensasjonsoppslaga. Sjølv når laussalspressa bruker krigstypar på hendingar i Vesterålen, fell ein ikkje for den freistinga dersom ein ikkje meiner at saka fortener det. Derimot har avisa ofte mange NTB-notisar om likt og ulikt. Den redaksjonelle linja er at stoffet i avisa skal vere positivt og byggjande, konfliktar får mindre plass. Kritikk rammar helst sentraliseringspolitikk eller nabodistrikt som yppar seg mot regionen avisa har teke namn etter.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.