Faktaboks

Bremangerlandet
Uttale
bremˈangerlandet
Etymologi
‘bølgebrott mot land’

Bremangerlandet er ei øy i Bremanger kommune i Vestland fylke.

Bremangerlandet ligg rett sør for munninga av Nordfjord, og har eit areal på 153 kvadratkilometer. Øya har i overkant av 1200 innbyggjarar (2018), som i hovudsak er busette rundt Bremangerpollen i vest, meir enn ein tredel av desse bur i kommunesenteret Bremanger.

Kystane er stort sett bratte og øya er fjellendt. Mot havet i nordvest på øya ligg den bratte Olderveggen. I aust ligg det kjende fjellet Hornelen på 860 meter over havet. Det er høgaste fjell på Bremangerlandet og i fylket utanfor fastlandet. Berggrunnen i Hornelen består av sandstein og konglomerat som tilhøyrer devonfelta på Vestlandet.

Samferdsle

Det er brusamband til Frøya i sørvest og samband via Rugsundøy til Rugsund på fastlandet. Bremangersambandet på riksveg 616 gir ferjefritt samband frå Kolset på fastlandet til Klubben på Bremangerlandet. Frå Klubben går den 1902 meter lange Skatestraumtunnelen til Hamna på Rugsundøy.

Vindkraft

Utbygging av Bremangerlandet vindpark fekk konsesjon i 2017 med kapasitet 86,4 MW. Kraftverket var planlagd ferdigstilt i 2021, men løyvet vart trekt tilbake av Olje- og energidepartementet i juni 2023.

Namn

Namnet kjem av 'brim, bølgjebrot mot land' og 'angar', fjord.

Kart

Bremangerlandet
Bremangerlandet
Bremangerlandet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg