Faktaboks

Chongqing

Chungking

kinesisk 重庆 chóngqìng

Chongqing
Kart over Kina (gult) med Chongqing bykommune markert i rødt.
Chongqing
Chongqing by, Chaotianmen-brua, Nan'an-distriktet.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Chongqing er ein bykommune i det indre av Kina, direkte underlagt sentralregjeringa, og omfattar den søraustlege halvdelen av Sichuanbassenget. Bykommunen grensar til Sichuan i vest, Shaanxi i nord, Hubei og Hunan i aust, og Guizhou og Yunnan i sør.

Bykommunen Chongqing har eit areal på 82 400 kvadratkilometer med 32 054 000 innbyggjarar (2020); om lag 10 millionar av desse bur i byområdet.

Natur

Bykommunen omfattar den søraustlege delen av Sichuanbassenget, rundt 250–400 meter over havet. I søraust og nordaust er bassenget avgrensa av middels høge fjellkjeder. Sichuanbassengets blaute og raude sandstein er sterkt oppskoren av elvane. Chang Jiang (Yangtzekiang) kryssar sletta frå vest til aust. I aust bryt elva gjennom det kjende naturområdet Sanxia (Tre kløfter), som no er oppdemma. Største sideelver er Jialing frå nord og Wujiang frå sør. Sjølve byen Chongqing ligg på ei kupert halvøy som blir danna av Jialings samanløp med Chang Jiang.

Somrane er varme og fuktige, medan vintrane er korte og sjeldan kalde. Mykje tåke i perioden frå sein haust til tidleg vår har gjeve byen tilnamnet «tåkehovudstaden».

Befolkning

.

Han-kinesarar tel om lag 95 prosent av befolkninga; resten er nasjonale minoritetar. Dei største er tujia og miao, som begge i hovudsak lever i dei søraustlege delane av bykommunen.

Næringsliv

Chongqing
Næringslivsdistriktet i Chongqing by.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Chongqing by er største industri- og handelssenter i den sørvestlege delen av Kina. Byen er strategisk svært viktig for utviklinga av det indre Kina, og han er særs viktig for opninga og utviklinga av områda langs Chang Jiang.

Den moderne utviklinga starta i 1992 då byen ble erklært som open hamneby. I 1997 blei byen skilt ut frå provinsen Sichuan og lagt direkte under sentralregjeringa. Formålet var å gjera byen til eit endå sterkare økonomisk kraftsentrum for utviklinga av det indre Kina. Utbyggjinga i samband med oppdemminga av Chang Jiang ved Sanxia har vore med til å gje rask økonomisk vekst for næringslivet, men har også gjeve bykommunen store utgifter.

Industrien har tre hovudelement: maskinbygging med bil- og motorsykkelfabrikkar, inkludert båtbyggjeri, kjemisk og petrokjemisk industri med naturgassutvinning og produksjon av medisin, og metallurgisk industri med avansert jern- og stålproduksjon. Annan industri omfattar næringsmiddelindustri, bygningsindustri og produksjon av elektronikkomponentar. Innan bykommunen blir det brote kôl, strontium, aluminiumoksid, mangan, kalkstein, marmor, spat, gips, kvikksylv og bergsalt. Sichuanbassenget er eit av Kinas viktigaste korndyrkingsområde. Ris blir dyrka særlig langs dei store elvane. Elles blir det dyrka appelsinar, mandarinar og tobakksblad. Silkeormkokongar blir ala opp for produksjon av silke. Viktigaste husdyr er svin.

Samferdsel

Chongqing fungerer også som eit kommunikasjonssenter for det sørvestlege Kina, med jernbane til Chengdu (opna i 1952), Baoji (opna i 1956), Wuhan, og Guiyang, som gjev samband med landets sørlegaste provinsar. Chongqing er også tilknytta hurtigtognettet, som er blitt bygd ut sidan om lag 2010, og no omfattar nesten 40 000 kilometer. Vegnettet er godt utbygd, med fleire bruer over Chang Jiang. Byen har flysamband med alle større byar i Kina.

Elvetransporten er utvikla, og fleire tusen kilometer er navigerbar.

Byen har universitet (frå 1929) og fleire andre høgare lærestader, bibliotek og museum.

Historie

Utskjæringene i Dazu står oppført på UNESCOs Verdensarvliste.
.
Lisens: CC BY 2.0

Byen blir omtala alt ca. 1100 fvt. I 1891 blei han opna for handel med utlandet, og ekspanderte etter opprettinga av faste dampbåtruter på Chang Jiang i 1920-åra.

Chongqing var sete for den kinesiske nasjonalistregjeringa (Kuomintang) i perioden 1938–1946 under motstandskrigen mot Japan, og mottok i denne perioden mange flyktningar. I tillegg flytta heile regjeringsapparatet og fleire fabrikkar, som blei demonterte og sendt vestover til den nye hovudstaden. Japanske flyangrep mellom 1938 og 1942 øydela 1/3 av bygningsmassen og drepte tusenvis av innbyggjarar. Etter krigen har styremaktene gjennomført eit omfattande gjenoppbyggjings- og moderniseringsarbeid, og byen framstår i dag som ei blanding av gammalt og nytt. Chongqing Tower, som ble ferdigstilt i 1998, var då verdas høgaste bygning (457 meter).

Ved Dazu lengst vest i bykommunen, 160 kilometer vest for byområdet, er det fleire grotter med steinskulpturar frå det niande til det trettande hundreåret som står på UNESCOs verdsarvliste. Grunnen er deira spesielle estetiske kvalitet, deira mangfaldige uttrykk av både sekulær og religiøs karakter, og det dei fortel om dagleglivet i Kina på den tida. Ifølgje UNESCO er dei framifrå vitnemål om det harmoniske samspelet mellom buddhisme, taoisme og konfutsianisme.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Eksterne kjelder

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg