Faktaboks

Christian Skredsvig

Christian Eriksen Skredsvig

Fødd
12. mars 1854, Modum, Viken
Død
19. januar 1924, Eggedal i Sigdal, Viken
Verke
Maler og forfatter
Familie

Foreldre: Møller Erich Hansen Ihleneie Glosimot (1815–etter 1865) og Berthe Karine Nilsdatter Garaas (1821–etter 1865).

Gift 1) 31.8.1882 i Bærum med Margaret Ann («Maggie») Plahte (17.1.1863–22.3.1955; hun gift 2) med minister Michael Strøm Lie, 1862–1934), datter av grosserer Frithjof M. Plahte (1836–99) og Margaret Ann («Annie») Wade (død ca. 1870); ekteskapet oppløst 1898; 2) 15.7.1898 med Beret Knudsdatter Holt (28.2.1877–4.5.1969), datter av plassmann Knut Heljesen Holt (f. 1848) og Helga Gunnersdatter Vistad (f. 1851).

Navneendring til Skredsvig ca. 1870.

Seljefløyten
Seljefløyten er et av Christian Skredsvigs hovedverker, 1889.
Av /Nasjonalmuseet.
Christian Skredsvig

Måleri. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Christian Skredsvig
Av /※.

Christian Skredsvig var ein norsk målar og forfattar. Han fekk gullmedalje på Salongen i Paris, den høgste utmerkinga ein kunstnar kunne få på den viktigaste årlege utstillinga i Frankrike fram til 1890-åra. Deretter vann han seg eit namn som kunstnar og forfattar heime i Noreg.

Bakgrunn

Christian Skredsvig var fødd på Modum i Buskerud. Etter omgangsskule fekk han friplass ved Johan Fredrik Eckersbergs malerskole fram til 1870, der han starta berre femten år gamal. Han drog så til København og vart elev av landskapsmålar Vilhelm Kyhn 1870–1874, som hjelpte han med friplass på kunstakademiet. Han budde òg i Paris nokre år. Der var han elev av Léon Bonnat eit par månader frå 1874–1875 og ei kort tid i 1880. I 1875 fekk han rettleiing av dyremålar Heinrich von Zügel i München. Med bustad i Paris reiste han òg rundt og besøkte Italia i 1881, Spania i 1882 og Korsika i 1883.

Skredsvig stilte ut første gongen på industriutstillinga i Drammen i 1873, og i 1881 fekk han den prestisjetunge gullmedaljen på Salongen i Paris, den europeiske kunsthovudstaden, for eit fransk gardsmotiv, Ferme à Venoix (1881). Med dette friluftsmålarstykket fekk han gjennombrotet sitt internasjonalt. Den første separatutstilling var i Fritzners Paviljong i Kristiania i 1886. Stemningsmåleriet Seljefløyten (1889) fekk ein sentral plass i norsk gullalderkunst.

Forfattarskapen hans var liten, men populær i samtida. Han fekk dikt på trykk i 1880-åra, og gav ut den første boka i 1908. Den halvt sjølvbiografiske forteljinga om møllarsonen Even Strand vart publisert i åra 1912–1916.

Stemningsmåleri

Forstudie til måleriet «Ferme à Venoix»
Måleri av ein fransk bondegard, forstudie frå 1880 til Ferme à Venoix («Bondegard i Venoix») frå 1881, som han fekk den prestisjetunge gullmedaljen på Salongen i Paris for.
Av /Nasjonalmuseet .
Lisens: CC BY 4.0

I Paris tileigna han seg den franske salongrealismen og vakte merksemd med Snøkjøring ved Seinen (1880), Ferme à Venoix (1881), som vann gullmedaljen på Salongen i Paris, Oktobermorgen ved Grez (1881–1882), og Ballade (1881 og 1885), der det lyrisk-romantiske først kjem til uttrykk. Utover 1880-åra, og tilbake i Noreg, gjekk utviklinga i kunstnarskapen hans frå realisme mot nyromantikk, med naturalistiske stemningsmåleri.

Med ulike teknikkar veksla Skredsvig mellom naturalistiske dyre- og landskapsmåleri, portrett, religiøse motiv og folkloristiske motiv. Han var ein av dei norske målarane som raskast gjorde seg kjend med nye tendensar i fransk kunst, som til dømes plein air, det vil seie å måle i friluft. Skredsvig var mellom pionerane i utviklinga av frilufts- og stemningsmåleri i Noreg i 1880-åra. Skumringsbilete og studium av det skiftande lyset og atmosfæren i den rolege austlandsnaturen stod sentralt. Forsøket på å måle motiva på staden var eit nytt steg i framvoksteren av norsk landskapsmåleri på 1800-talet.

Fleskum

Fleskumsommaren

Etter fleire år i Paris flytta han tilbake til Noreg i 1885 og busette seg på garden Fleskum i Bærum. Den namngjetne Fleskumsommaren i 1886 arbeidde Skredsvig saman med Harriet Backer, Kitty Kielland, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen og Erik Werenskiold på garden Fleskum i Bærum. Dei måla særnorske landskap i grenselandet mellom naturalisme og nyromantikk, og Skredsvig henta gjerne inspirasjon frå ulike kunstartar og frå folketradisjonen. Han freista å fange musikkens magi ei jonsoknatt i målarstykket Sankthansaften.

Edvard Grieg og andre frå den norske kultureliten fann òg vegen til Fleskum for å utveksle idear og for å musisere i lag. Mellom gjestene var Eva Sars, som seinare vart gift med Fridtjof Nansen. Ho framførte songar av Aasmund Olavsson Vinje, tonesette av Grieg. Skredsvig, sjølv svært musikalsk, underheldt med å syngje folkeviser. I april dette året byrja han på eit motiv han kalla Tonen, etter Bjørnstjerne Bjørnsons dikt i bondeforteljinga Arne. Då måleriet stod ferdig etter tre år, var tittelen endra til Seljefløyten.

Grieg og Vinje

Sommaren 1887 måla Skredsvig Vinjes barndomshjem og Vinje som gjetergutt i Telemark. På denne tida skreiv han på manuset Min Bog med Billeder, eit forarbeid til Dage og Nætter blandt Kunstnere (1908), som var tileigna Grieg sitt minne. Eit brev til Skredsvig som Grieg skreiv kort tid før han døydde, var faksimilevedlegg i boka. Skredsvig sette ei teikning av komponisten i lag med Vinje og dei første notane til «Våren» på tittelbladet.

Symbolske komposisjonar

I byrjinga av 1890-åra måla Skredsvig det religiøse hovudverket sitt, Menneskenes Søn (1891), der Kristus er plassert i eit samtidsmiljø, etter forbilete av Fritz von Uhde. Ei kort tid etter var han og Edvard Munch i Sør-Frankrike. Der oppmuntra han Munch til arbeidet med Skrik. Sjølv vart han ikkje ekspresjonist, men måla poetiske landskap frå rivieraen, og han interesserte seg stadig meir for symbolismen. Døme er målarstykka Et digt om døden (1900) og Et digt om livet (1903).

Forfattarskapen

Litterære impulsar

«Jørgen Moe på fisketur» (1897)
Måleriet «Jørgen Moe på fisketur» (1897, Nasjonalmuseet). Skredsvig beundra Asbjørnsen og Moe, noko han synte i fleire portrett.
Av /Nasjonalmuseet .
Lisens: CC BY 4.0

Tidleg i karrieren prøvde Skredsvig å illustrere Vinjes Storegut og måle frå Henrik Ibsens Peer Gynt. Blant andre diktarar han såg opp til, var Ivar Aasen, Hans E. Kinck og Herman Wildenvey. Beundringa for Asbjørnsen og Moe synte han i fleire portrett, og han måla Hamsuns diktning (1905).

Også litteratur av naturalistane Guy de Maupassant og Émile Zola engasjerte. Jonas Lie, August Strindberg og andre i det nordiske miljøet i Paris gav Skredsvig verdfulle impulsar til diktargjerninga hans. I 1886 fekk han eit dikt på prent i det første nummer av bohembladet Impressionisten, der Christian Krohg var redaktør. Diktet, med motiv frå eit barndomsminne, var impresjonistisk i forma og hadde dialektinnslag. Som Krohg og Hans Jæger bygde Skredsvig også seinare på erfaringar frå eige liv i det litterære prosjektet sitt, men han vart ikkje like kontroversiell.

Tematisering av sosial mobilitet og sympati

Det første større arbeidet i bokform var memoarane Dage og Nætter blandt Kunstnere (1908). Skredsvig skreiv òg forteljingar, dikt, skodespel, essay og artiklar på riksmål, med innslag av modum- og eggedalsdialekt.

Skredsvig tematiserte ofte sosial mobilitet og sympati med dei svake i samfunnet. Forfattarskapen var liten, men populær i samtida. Det storfelte nettverket han hadde i kunstnarkrinsar, vart skildra i artiklar og essay. Eit skodespel med røynsler frå det første ekteskapet hans vart trykt i Samtiden i 1907, medan kunstnarportrettet av Even Strand, Skredsvigs alter ego, der det andre bandet er tileigna Gustave Flaubert in memoriam, fortel om ei dannings- og klassereise med stor kulturhistorisk interesse.

Eggedal

I 1894 ville han slå seg ned i Eggedal for godt. Han vart inspirert av bygdelivet, som i målarstykket Ungdomsfest i Eggedal (1895), men Skredsvig kjende seg isolert. Han budde difor tidvis i Kristiania, og han reiste utanlands for å treffe kunstnarvener. Konflikten mellom utferdstrong og heimlengt prega Skredsvig heile livet og er eit gjennomgangstema i forfattarskapen og biletkunsten hans.

Heimen hans i Hagan i Eggedal er i dag museum. Kunstnarheimen, som er ein del av Buskerudmuseet, er bevart om lag som det var då familien Skredsvig budde der. I tillegg til hus og interiør heng både Skredsvig eigne måleri på veggane, i tillegg til kunstnarvennane sine bilete.

Heider

I 1889 var han jurymedlem på verdsutstillinga i Paris. Same året vart han heidra med den franske Æreslegionen og kjøpt inn av Musée du Louvre og Det kongelege slott i Kristiania. Han gjorde utsmykkingsarbeid for Nationaltheatret i 1899.

Skredsvig var representert ved mange utstillingar i Europa og USA. I 1908 vart han riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, og i 1915 vart han æresmedlem i Kunstnerforbundet. Frå 1920 fekk han kunstnarstipend.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Faktaboks

Christian Skredsvig
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036470003999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg