Dagrun er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Dag-rún. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘dag’ og etterleddet ‘hemmeleg kunnskap’.

Namnet har fleire variantar: Dagrun, Dagrund, Dagrunn.

Namnedag er 27. september. Dagmar har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Dagrun

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Dagrun Kuløy fødd 1887 i Levanger, busett i Trondheim i 1900.

Kjende personar med namnet Dagrun

Eksempel på ein person med namnet Dagrun som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 564 kvinner i Noreg som hadde Dagrun som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld til også Dagrun som var mest brukt i perioden 1935–1949.

Utvikling i bruk av namnet Dagrun frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Dagrun frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg