Codex Regius
Handskriftet Codex Regius inneheld Den eldre Edda.
Brynjólfur Sveinsson
Den islandske biskopen Brynjólfur Sveinsson (1605–1675) samla inn fleire mellomalderhandskrifter, mellom anna Codex Regius, som inneheld Den eldre Edda.
Sigerdrivamål

Den eldre Edda. Ei side av Codex Regius med ein del av diktet «Sigerdrivamål». Arnamagnæanske institutt, Reykjavík.

Sigerdrivamål
Av .
Lisens: fri

Den eldre Edda er ei diktsamling på norrønt om norrøne gudar og heltar. Dikta stammar frå ein munnleg forteljartradisjon, kanskje frå så langt tilbake som 700-talet evt., men dei blei først skrive ned på 1200-talet.

Overlevering

Storparten av eddadikta er overleverte i eit handskrift på pergament (GkS 2365 4to) som er laga og skrive på Island i siste halvdel av 1200-talet. Skálholtbiskopen Brynjólfur Sveinsson kom over denne boka og sende ho i 1662 til kong Frederik 3 i København, og kongen tok boka inn i samlinga si. Det er derfor handskriftet med eddadikta har namnet Codex Regius (Kongeboka). I 1971 blei boka send tilbake til Island, og ho er no oppbevart i Den Arnamagnæanske Samling i Reykjavík.

Brynjólfur Sveinsson trudde at dikta i Codex Regius var nedskrivne av Sæmund Frode (1056–1133), ein berømt islandsk lærd, og Sveinsson gav derfor boka namnet Sæmundar Edda. Sidan det ikkje var nokon grunn til å knyte verket til Sæmund, blei verket kalla Den eldre Edda eller Den poetiske Edda for å skilje det frå Snorres Edda.

I Codex Regius er dikta delte i to avdelingar. Dei første elleve dikta er gudedikt, og resten er heltedikt. Til eddadikta reknar ein tradisjonelt òg fem–seks andre dikt av same type som finst i andre handskrifter frå mellomalderen og seinare tid. Blant dei dikta som ikkje står i Codex Regius, er dikta «Balders draumar», «Rigstula», «Hyndluljod» og «Grottesongen».

Gudedikta

I gudedikta er innhaldet som oftast dominert av éin enkelt gud: Odin, Tor, Frøy eller Heimdall. I mange tilfelle opptrer derimot gudane òg som gruppe eller samfunn. Særleg i dikt om Tor pleier hovudpersonen Tor å vere svært aktivt handlande, som i «Trymskvida» (Þrymskviða) og «Hymeskvida» (Hymiskviða). Dikta om Odin er på den andre sida oftast visdomsdikting, der vi anten får kunnskap om lagnaden til allheimen, som i «Voluspå» (Vǫluspá), eller verda si innretning, som i «Vavtrudnesmål» (Vafþrúðnismál) og «Grimnesmål» (Grímnismál), medan «Håvamål» (Hávamál) gir levereglar, praktisk livsvisdom og runekunnskap.

Innhaldet i gudedikta er ikkje kjent frå anna litterær overlevering enn den islandske. «Volundskvida» (Vǫlundarkviða), som innhaldsmessig står for seg sjølv, er i Codex Regius plassert blant gudedikta sjølv hovudpersonen ikkje er ein vanleg gud, men ein alv. Segna om Volund var kjend også utanfor Norden.

Heltedikta

Storparten av heltedikta byggjer på fellesgermansk segnstoff med historisk rot i hendingar i folkevandringstida, mellom anna diktinga om Sigurd Fåvnesbane, Brynhild, Atle og Gudrun. Heltedikta har òg tilknyting til germansk dikting utanfor Norden, til dømes det tyske diktet «Nibelungenlied».

Heltedikta kan sjåast som ein «ættesaga», både i innhald ved at personane i dikta har familiære band, og strukturelt ved at framstillinga vekslar mellom dikt og prosa, som i Volsungesoga (Vǫlsunga saga).

Versemål

Eddadikta har i prinsippet berre to versemål. Vanlegast er variantar av det fellesgermanske versemålet, fornyrdislag og målahått, som har to trykktunge og eit ubestemt tal lettare stavingar i kvar kortlinje. Kortlinjene er parvis samanknytte ved bokstavrim. I motsetnad til anna gamalgermansk dikting er verselinjene i eddadikta også meir eller mindre regelmessig grupperte i strofer, som oftast på åtte linjer (som i skaldediktinga). Det andre versemålet som er brukt i eddadikta, ljodahått, har strofer på seks linjer. Ljodahått er berre kjent frå norrøn overlevering. Det er brukt i ei rekkje samtaledikt og i «Håvamål».

Språkføringa og stilen i eddadikta er som oftast forholdsvis enkel, men kan nokre gonger vere smykka med stilistiske figurar, kjenningar og heiti. Enkelte dikt har ein poetisk pregnans og monumentalitet som gjer dei til perler i verdslitteraturen.

Datering og opphav

Alle eddadikta er anonyme, det vil seie at vi ikkje kjenner til kven som har dikta dei. Dei fleste finst i overlevering frå 1200-talet. Av språklege grunnar kan ingen av dei vere eldre enn byrjinga av den norrøne språkperioden, cirka 700 evt. Dateringa av dei enkelte dikta innan desse grensene er usikker og omstridd.

Det same gjeld stadfestinga. I eldre tid blei eddadikta rekna for urgamle og fellesnordiske. Nyare forsking er tilbøyeleg til å meine at ein vesentleg del av eddadikta, særleg dei som blir rekna som relativt nye, har blitt til i islandske kulturmiljø og minst eit av dei endåtil på Grønland. Nokre av dei eldste heltedikta, med nær tilknyting til anna gammalgermansk dikting, som «Atlekvida» (Atlakviða), «Hamdesmål» (Hamðismál) og delar av «Håvamål», kan derimot ha blitt til i Noreg. Andre delar av det norrøne kulturområdet kan òg kome på tale.

Utgivingar

Eddadikta har vore gitt ut mangfaldige gonger. Særleg viktig er Sophus Bugge si utgåve frå 1867, som har blitt trykt opp att fleire gonger, og dessutan Hugo Gering si utgåve med kommentarar og ordbok i fire bind, fullført av B. Sijmons (1888–1931).

Det finst òg ei rekkje omsetjingar til nyare språk av enkelte dikt eller av heile samlinga. Omsetjinga til bokmål av Ludvig Holm-Olsen frå 1975 følgjer originalteksten nøye, men utelèt tre dikt. Ivar Mortensson-Egnund si gjendikting til nynorsk frå byrjinga av 1900-talet står noko friare til den norrøne teksten.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg