Faktaboks

Edgar Allan Poe

Fødd Edgar Poe

Uttale
pou
Fødd
19. januar 1809, Boston, Massachusetts, USA
Død
7. oktober 1849, Boston, Massachusetts, USA
Edgar Allan Poe
Edgar Allan Poe, forfattar, litteraturkritikar og redaktør frå USA, kjend som skaparen av den klassiske detektivforteljinga og for sine mange skrekknoveller. Foto frå 1849.

Edgar Allan Poe

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Edgar Allan Poe var ein forfattar, litteraturkritikar og redaktør frå USA, kjend som skaparen av den klassiske detektivforteljinga og for dei mange skrekknovellene sine, mellom anna The Tell Tale Heart. Han skreiv også dikt, og nokre av dei, som The Raven, er blant dei mest kjende i amerikansk litteratur. Den einaste romanen hans skreiv, er rekna som ein forløpar for science fiction-sjangeren.

Bakgrunn

Poe blei fødd i Boston, men blei tidleg foreldrelaus og overlaten til ekteparet Allan i Richmond, Virginia. I åra frå 1815 til 1820 var han i England saman med fosterforeldra og gjekk på skule der. I 1826 byrja han å studera ved universitetet i Virginia, men han slutta etter kort tid på grunn av gjeld og pengemangel. Poe blei aldri adoptert av John Allan, og sjølv om Allan arva ein betrakteleg formue, oppstod det stadig usemjer mellom han og Poe. Det var pengeproblem som førte til at Edgar Allan Poe verva seg i hæren i 1827.

Same året kom den første diktsamlinga hans ut, Tamerlane and Other Poems, og det blei etter kvart klart at det ikkje var ein militær karriere, men dikting og skriving han tok sikte på. Men etter at han slutta i hæren, blei han teken opp på militærakademiet West Point, som han likevel sørgde for å bli kasta ut av i 1831. Han var framleis ein ung mann, og frå no brukte han all energi på å skriva dikt og noveller, og på å verka som litteraturkritikar og som redaktør av fleire litterære magasin. Det medførte flytting fram og tilbake mellom byar som Boston, Baltimore, New York City og Philadelphia. Poe var ein av dei første i USA som prøvde å leva av litterært arbeid utan å ha andre inntekter, i ei tid utan copyright-lover, der forleggjarar og bladeigarar heller gjorde bruk av litteratur frå England utan å betala royalty.

I 1836 fekk Poe løyve til å gifta seg med den 13 år gamle kusina si, Virginia Clem. Ho fekk tuberkulose i 1842 og døydde av sjukdommen i 1847. Det har vore spekulert om fleire av Poes dikt som handlar om det han sjølv peika ut som det beste temaet for eit dikt, «døden til ei skjønn kvinne», berre kan knytast til hustrua, eller om dei også kan knytast til andre opplevingar av tap i eit kort, men vanskeleg liv. Sjølv døydde Poe i Baltimore i oktober 1849, alkoholisert og nedbroten, men sjølve dødsårsaka har aldri blitt klarlagd, sjølv om spekulasjonane har vore mange.

Poes litterære karriere

Poe debuterte ung med ei tynn diktsamling, trykt i eit svært lite opplag, og trykte opp igjen nokre av dikta saman med nye i samlinga Poems (1831). Sjølv om det var eit stort dikt, The Raven (1845), som gjorde Poe berømt, hadde han lenge før det forlate lyrikken til fordel for prosa. Her var novella heilt klart den føretrekte forma, og Poe er ein av dei absolutt første og beste i sjangeren i USA – berre Washington Irving kan nemnast før han, og Nathaniel Hawthorne var ein viktig samtidig forfattar som også bidrog til framveksten av ei form som etter kvart blei viktig i amerikansk litteratur.

Skrekknoveller

Poes noveller er gotiske skrekkhistorier der råskap, frykt og vondskap dominerer. Sjølv hevda han at skrekkhistoriene, til dømes dei som blei trykte i Tales of the Grotesque and Arabesque (1839), handlar om menneskesinnet, om sjelstilstandar. Dei mørkaste avkrokane av mennesket blir utforska med vekt på det irrasjonelle, og slik vaklar hovudpersonane på kanten av galskap. I The Tell Tale Heart er det hjartet på den han har drepe, som får eg-personen til å bli galen, medan det gufsar frå kalde kjellarar og andre mørke stader i The Fall of the House of Usher og mange andre noveller.

Detektivforteljingar

Mot angsten og skrekken i noveller som The Tell Tale Heart kan ein stilla opp tekstar der rasjonelle forklaringar finst, og der verda lèt seg forstå, nemleg detektivforteljingane. Dei er berre tre i talet, og den første, The Murders in the Rue Morgue, for all ettertid har status som den første detektivforteljinga i verdslitteraturen. Forteljinga blei trykt i Graham's Magazine i april 1841 og er grunnlaget for og byrjinga til det som i dag er del av ein global underhaldningsindustri: kriminal- og spenningslitteraturen.

Poes meisterdetektiv C. Auguste Dupin løyser gåtene ved hjelp av suverent intellekt, og det mystiske er berre uforklarleg viss ikkje fornufta blir teken i bruk. Her blir det etablert grunntrekk ved sjangeren som etter kvart blir til ein konvensjon som har danna skule. Poe var først ute med grunnleggjande grep i sjangeren, som at den minst sannsynlege er den skuldige, og at gjerningsmannen plantar falske spor, medan avsløring og vedkjenning skjer gjennom psykologiske forhøyr. Her kan ein også nemna «det lukkede roms mysterium», og ein detektiv som trør til når politiet sviktar. Arthur Conan Doyles forteljingar om Sherlock Holmes fører vidare mykje av det Poe la grunnlaget for. Det er ikkje tilfeldig at prisen som foreininga av kriminalforfattarar i USA deler ut, heiter «the Edgar Award».

Litteraturkritikk

Poe var også ein svært skarp litteraturkritikar. Noko av det han skreiv, har nærast fått status som litteraturteori. Det gjeld ikkje minst definisjonen hans av novella, som kom i ei melding av Hawthornes novellesamling Twice-Told Tales. Poe set fram tanken om at forfattaren i ei novelle må ha ein på førehand berekna verknad («effect»), og så må alt som blir gjort undervegs, heilt ned til kvart enkelt ord, tena til å skapa denne effekten. Alt må henga saman og utgjera ei eining – «unity» er eit nøkkelord.

Poes tankar blei vidareførte og sementerte av seinare teoretikarar, og innverknaden har vore enorm. Moderne novelleteori vurderer ofte Poes definisjon som uheldig og avgrensande for sjangeren. Endå klarare avstand tek kritikarar flest frå Poes forklaring på korleis han skreiv sitt mest berømte dikt, The Raven. Essayet The Philosophy of Composition forklarer i stor detalj det bereknande og utstuderte tankearbeidet bak diktet, medan det er meir nærliggjande å tru at diktet kom først og forklaringa etterpå.

Science fiction-roman

Poes einaste roman, The Narrative of Arthur Gordon Pym of Nantucket frå 1838, har blitt framheva som forløparen for seinare science fiction-litteratur. Her har me ei framstilling av moglege mystiske beskjedar i sjølve landskapet: bokstavar som kan ha ulik betydning avhengig av kva språksystem ein hentar etymologien frå. Dette inkluderer mellom anna det hebraiske namnet for Gud, men som i alle fall kan og skal tvingast til betydning.

Poes innverknad

Poe blei tidleg ein svært kjend og populær forfattar i Europa, særleg i Frankrike. Charles Baudelaires omsetjingar bidrog sterkt til å gjera Poe kjend, og forfattarar som Conan Doyle gav Poe all ære for å skapt detektivforteljinga, medan H.G. Wells gjorde noko av det same for science fiction-diktinga.

Også i Skandinavia hadde Poes monaleg innverknad, ikkje minst gjeld det ein forfattar som August Strindberg. Ein studie av Poes betydning i Skandinavia, Carl L. Andersons Poe in Northlight: The Scandinavian Response to His Life and Work (1973), gjer dette svært tydeleg. Eit mykje breiare oversyn viser at ein diktar som levde eit problemfylt liv og opplevde mange nedturar, kan oppnå beundring og øva innverknad over landegrenser og lange tidsspenn. Boka Poe Abroad, redigert av Lois Davis Vines (1999), gir oversyn ikkje berre over Poes innverknad i mange land og regionar, men viser også betydninga hans for ei rekkje store forfattarskapar i verdslitteraturen, mellom anna svenske Ola Hansson og Strindberg. Den norske forfattaren og kritikaren Egil Rasmussen gav ut studien Angstens dikter: Edgar A. Poe i 1949.

Utgivingar

Omsetjingar

Dei fleste av Poes mest kjende dikt og noveller er omsette til norsk.

Utvalde forteljingar

  • The Black Cat
  • The Cask of Amontillado
  • A Descent into the Maelström
  • The Facts in the Case of M. Valdemar
  • The Fall of the House of Usher
  • The Gold-Bug
  • Ligeia
  • The Masque of the Red Death
  • The Murders in the Rue Morgue
  • The Oval Portrait
  • The Pit and the Pendulum
  • The Purloined Letter
  • The Tell-Tale Heart

Utvalde dikt

  • Al Aaraaf
  • Annabel Lee
  • The Bells
  • The City in the Sea
  • A Dream Within a Dream
  • Eldorado
  • Eulalie
  • To Helen
  • Lenore
  • Tamerlane
  • The Raven
  • Ulalume

Anna

  • The Narrative of Arthur Gordon Pym of Nantucket, 1838 (roman)
  • The Philosophy of Composition, 1846 (essay)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Hayes, Kevin J., red.: The Cambridge companion to Edgar Allan Poe, 2002
  • Quinn, Arthur Hobson: Edgar Allan Poe : a critical biography, 1941
  • Silverman, Kenneth: Edgar A. Poe : mournful and never-ending remembrance, 1992

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg