Faktaboks

Erling Kristvik
Fødd
30. august 1882, Averøy
Død
9. januar 1969, Trondheim
Verke
Pedagog
Familie

Foreldre: Kyrkjesongar og lærar Martin Elias Ellingson Kristvik (1854–1929) og Beret Anna Løvensdotter Vebenstad (1853–1917).

Gift 1) 1.8.1914 med Olga Hundal (23.8.1883–29.8.1915), dotter til snikkar Johan Daniel Hundal (1853–1910) og Anna Jakobsen (f. 1854); 2) 13.8.1918 med Ågot Hirsch (27.4.1887–7.3.1967), dotter til sokneprest, seinare prost Lars Robert Hirsch (1845–1927) og Stine Colban Aas (f. 1855).

Erling Kristvik

Måleri 1938. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Erling Kristvik
Av /BONO, NTB Scanpix ※.

Erling Kristvik var ein norsk pedagog.

Bakgrunn

Kristvik tok lærarskuleeksamen 1906. Han var skuledirektør i Nordland og Troms frå 1925 til 1930, rektor ved Volda offentlege lærarskule frå 1930 til 1946. Han var professor i pedagogikk ved Noregs Lærarhøgskole i Trondheim frå 1946 til 1952.

Pedagogisk verksemd

Gjennom mange skrifter og eige virke prega Kristvik den pedagogiske nytenkinga i fleire tiår. For han var folkeskulen det sentrale samfunnsbyggjande instrumentet som skulle øve elevane i samhandling og gi dei normer og verdiar. Den pedagogiske filosofien hans var forankra i sosiologisk tenking, som han framstilte i bøkene Folkelagnad. Tankar om samfund og kultur (1920) og Livsopplysning. Ideologisk nyorientering (1954). Lærebøker ved lærarskulane var i ei årrekkje dei tre binda Læraryrket (1925), Sjelelære (1937) og Elevkunne (1939).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dale, Erling Lars: De strategiske pedagoger, 1999
  • Vaage, Sveinung: "Erling Kristvik" i Thuen, Harald & Sveinung Vaage, red.: Pedagogiske profiler, 2004, 137-58

Faktaboks

Erling Kristvik
Historisk befolkingsregister-ID
pf01073682003710

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg