Fåvang er ein tettstad i Ringebu kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1 km², og har 726 innbyggjarar (2023).
Tettstaden ligg i Sør-Gudbrandsdalen, på austsida av Lågen, cirka tre kilometer nord for Fåvang kyrkje. Tyngda av busetjinga ligg i sollia på austsida av dalen.
Dovrebanen går på vestsida av Lågen, E6 på austsida. Staden har sagbruk og treindustri; Kvitfjell alpinanlegg ligg på austsida av Lågen.
Fåvang kyrkje er ei stavkyrkje, bygd om til korskyrkje på 1600-talet, restaurert i 1951. Kyrkja har altertavle og preikestol i renessanse, korsrankedekorasjonar skore av Kristen Listad, «blomemeisteren» frå Ringebu.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.