Faktaboks

Fredrik Brandt
Fr. Brandt, Fredrik Peter Brandt
Fødd
24. juli 1825, Åmli, Aust-Agder
Død
2. mai 1891, Kristiania (Oslo)
Verke
Jurist
Familie

Foreldre: Fut Johan Rasmus Brandt (1789–1858) og Marie Elisabet Hagemann (1803–82).

Ugift.

Fredrik Brandt, 1880
Fredrik Brandt, 1880
Av /Oslo museum 𝒲.
Lisens: CC BY SA 3.0

Fredrik Brandt var ein norsk rettshistorikar. Han var professor i rettsvitskap i 1862–1890. Brandts sine rettshistoriske arbeid, samla i hovudverket Forelæsninger over den norske retshistorie (2 bind, 1880–1883), gir ei inngåande oversikt over den norske rettsutviklinga.

Bakgrunn

Fredrik Brandt vart student i 1842, cand.jur. i 1846, universitetsstipendiat i 1849, lektor ved Det juridiske fakultet i 1862 og professor i 1866. Faga hans var framfor alt rettshistorie og tingsrett. Han fekk også fagansvaret for sjøretten etter 1864, for strafferetten i 1864–1876, for arveretten i 1864–1878 og for personretten i 1878–1888. Frå 1872 var han jamt tilkalla som ekstraordinær dommar i Høgsterett.

Rettshistorisk arbeid

Som student, universitetsstipendiat og ung universitetslærar opplevde Brandt den første blomstringstida for norsk historisk vitskap. Rettshistorie fanga interessene hans. Ein vesentleg del av kjeldene til norsk historie har rettsleg karakter. For Brandt låg det nær å sjå norsk historie og aktstykke frå mellomalderen og frå nyare tid som grunnlag for norsk rett i hans eiga samtid. Som universitetsstipendiat heldt han førelesingar om rettshistorie og let dei trykka i 1853 «som manuskript» til bruk for studentane.

I 1855 gav Brandt ut både Christian den Fjerdes Norske Lovbog af 1604 (saman med professor Fr. Hallager), og første band i serien Repertorium for praktisk Lovkyndighed (med hjelp frå høgsterettsdommar C. Winter Hjelm). Serien var ei lett tilgjengeleg samling av viktige høgsterettsdommar frå 1815–1835, altså frå åra før Norsk Retstidende.

Som lektor heldt Brandt i 1864–1865 førelesingar om norsk rettshistorie (rettskjelder, person- og formuerett) og trykte dei i Ugeblad for Lovkyndighed, Statistik og Statsøkonomi (6. årgang). I revidert versjon kom dei som bok i 1880, Forelæsninger over den norske Retshistorie bd. I. Band 2 (forbrytelse og straff, rettargangen) kom i 1883. Dei to bøkene er den første samla framstillinga av norsk rettshistorie fram til Christian den femtes Norske Lov av 1687. Ein skal merka seg at Brandt måtte lese Norges gamle Love I-III direkte, utan hjelp frå systematisk glossarium. Brandt framstilte rettshistoria som tolkingar av eldre og nyare lovgjeving. Han bad etterfølgjarar om også å studera bruken av lovene, i Diplomatariet og i tingbøker frå nyare tid. Sjølv hadde han dessverre ikkje nådd det, skreiv han i fororda til rettshistoriebøkene.

Tingsrett

Brandt laga også den første vitskaplege framstillinga av norsk tingsrett. Naturleg nok bygde han for ein stor del tingsretten på rettshistoriske studiar, og dei første førelesingane som ny universitetslektor i 1863 heldt han om tingsrett. Alt same året kom dei på trykk som Brudstykker i det nye Ugebladet (3. årgang). I 1867, som nyutnemnd professor, sende han førelesingane ut som bok med tittelen Tingsretten, fremstillet efter den norske Lovgivning. Her hadde Brandt mellom anna forma den juridiske læra om statens grunn i Finnmark, som seinare har blitt ståande. For Brandt var det sjølvsagt å dra inn rettshistorie i førelesingane i dei andre faga som han fekk ansvaret for.

Folkevalde organ og grunnlovsendringar

Brandt var medlem av bystyret i Kristiania i 1863–1876. Han skreiv sjølv ei innstilling frå 1868 om nyordning av kommuneforvaltninga i hovudstaden, der han gjekk inn for at det folkevalde bystyret skulle ha reell kontroll med forvaltninga. Si prinsipielle holdning om folkevalde organ som avgjerande politisk makt, viste Brandt på konstitusjonelt nivå i betenkninga frå Det juridiske fakultet i 1881 om kongens sanksjonsrett ved grunnlovsendringar. Her hevda Brandt til liks med kollegaene i fakultetet at kongen hadde absolutt veto.

Brandt dissenterte derimot i grunngjevinga, ut fra «Sagens Natur»: I følgje grunnlova var Norge ein monarkisk stat. Men statsmaktene, altså konge og storting, måtte vere samde for å kunne endre grunnlova. Når tre storting hadde gjort likelydande grunnlovsvedtak, kunne det ikkje vere tvil om kva som var folkets vilje. Ut frå «Sagens Natur» hadde altså kongen her å bli samd med Stortinget og å sanksjonere i statsrådsaka. Skarpast forma Brandt denne prinsipielle haldninga i eit forsvar for riksrettsdommane (En Redegjørelse av 10. mars 1884, offentleggjort i Dagbladet 31. mars). Da statsrådane i 1880 rådde kongen til å nekta sanksjon i statsrådsaka, gjorde dei seg skuldige i uforstand i embetsførsel, ut fra ansvarlegheitslova 1828 § 6. Riksrettsdommane hadde no hevda «Folkeviljen som en legitim Magt i vort Statsliv» og dermed slått fast at statsrådane er «Statens, ikke Kongens tjenere».

Grunnlovsparagraf 12 gav nok framleis kongen rett til sjølv å velje sitt eige statsråd. Men riksrettsdommane innebar at kongen heretter ikkje kunne utøve retten til sjølv å velje sitt statsråd «uden Hensyn til de hos Folket og dets Repræsentanter raadende Anskuelser». Samstundes sette Brandt namnet sitt under eit opprop i Dagbladet (8. og 10. mars) om å skipe «en liberal politisk Forening i Kristiania». Formålet var å arbeide for eit konstitusjonelt samarbeid mellom storting og regjering. Det er altså ingen tvil om at Brandt politisk sett kom til å stå Venstre nær i desse åra, og tilsvarande fjernt frå kollegaene i Det juridiske fakultet.

Alt frå slutten av 1850-åra hadde Brandt mykje kontakt med fagfellar utanlands ved reiser og brev, som i Lund og Uppsala. Særleg kontakt hadde han med Konrad Maurer i München, ein fagvennskap som varte live ut. Dei mange innkomne breva i Handskriftsamlinga i Nasjonalbiblioteket i Oslo viser at Brandt var ein vennesæl og sjølvstendig mann.

Les meir i Store norske leksikon

Utgjevingar

  • Om Odels- og Aasædesretten, 1850
  • Visebog for Norske Selskabskredse, 1850
  • Grundrids af den norske Retshistorie til Brug ved Forelæsninger, 1853
  • Repertorium for praktisk Lovkyndighed, 1ste Samling, 3 bd., 1854–63
  • Christian den Fjerdes Norske Lovbog af 1604,, 1855
  • Album af nyere norske Digtere,, 1859
  • Tingsretten, fremstillet efter den norske Lovgivning, 1867 (3. utg. 1892)
  • Om Søforsikring, et Tillæg til Søretten, 1876
  • Nordmændenes gamle strafferet, særtrykk av HT, rk. 1, bd. 4, og rk. 2, bd. 4, 1876–82
  • Forelæsninger over den norske Retshistorie, 2 bd., 1880–83

Litteratur

  • Sth.Prp. No. 20, 1881 (Det juridiske Fakultets Betænkning om Kongens Sanktionsret)
  • Dagbl., mars 1884
  • biografi i Norsk forfatterlexikon, bd. 1, 1885, s. 429–430
  • F. Stang i Det Kongelige Frederiks Universitet 1811–1911, bd. 2, 1911, s.103–104
  • A. Taranger/P. Hartmann: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 2, 1925
  • G. Sandvik: «Betenkningar frå Det juridiske fakultet om statsrettslege emne», i E. Smith (red.): «Jus» og «politikk» i det norske statsliv, 1989

Faktaboks

Fredrik Brandt
Historisk befolkingsregister-ID
pf01053257052069

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg