Faktaboks

Glittertinden

Glittertind

Etymologi
Frå elvenamnet Glitra, av verbet ‘glitre’.
Region
Innlandet
Høgd
2452
Førstebestigning
1841
Til topps på Glittertinden langs ruta fra Glitterheim.
Til topps på Glittertinden langs ruta fra Glitterheim.

Glittertinden er Noregs nest høgaste fjell og ligg 2452 meter over havet. Fjellet ligg i Aust-Jotunheimen, mellom Visdalen og Veodalen i Lom kommune i Innlandet fylke. Toppen er høgast på det norske hovudlandet etter Galdhøpiggen.

Beskriving

Toppen er dekt av ein bre som varierer etter nedbør, smelting og vind. Høgda over havet medrekna isbreen varierer difor ein del. I 1931 var toppen av breen på 2481,4 meter og i 1996 var han 2464. Måling i juni 2000 gav ei høgd på 2465,6 meter. Sumaren 2019 var toppen nesten snøfri.

Berggrunnen består av gabbro, som det meste av Jotunheimen. Sett frå sør er Glittertinden ei brei, avrunda kjegle med snø på toppen. I dalsida mot toppen ligg Glitterbrean. Nordsiden av toppen dannar eit 200 meter høgt stup ned mot Grjotbrean. Glittertinden ligg i Jotunheimen nasjonalpark.

Det går ei merka fotturrute over Glittertinden mellom Glitterheim og Spiterstulen turisthytter.

Glittertinden
Glittertinden sett fra sør.
Glittertinden
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Historikk

Glittertinden

Postkort fra Carl Normanns kunstforlag, trolig fotografert på 1930-tallet. Turistforeningens rastebu er synlig på toppen.

Av /Carl Normanns kunstforlag/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC PDM

Dei første ein veit var på toppen av Glittertinden var landmålaren Harald Nicolay Storm Wergeland og bonden Hans Sletten 14. juli 1841. Dei gjorde observasjonar «omtrent 50 fot under høieste Snetop» så det er mogleg dei ikkje var heilt på toppen. Året etter var storjegaren Jo Gjende i alle fall på det høgaste punktet etter å ha følgt ein reinsdyrbukk til topps.

Det viktigaste utgangspunktet for turar til topps på Glittertinden er Glitterheim turisthytte. Den første steinbua på staden vart skaffa av Den Norske Turistforening i 1898 og er seinare utvida ei rekkje gonger.

Den første styraren av Glitterheim, Knut Storsteinrusten, bygde hausten 1904 ei enkel rastebu i tre på toppen av Glittertinden. Den vart øydelagd av ein storm vinteren 1912/1913. I 1930 vart det sett opp ei ny hytte på toppen. Ho var i bruk fram til 1963, men forsvann så i snøen. Då hytta tinte fram nokre år seinare, var ho øydelagd.

Kart

Glittertinden
Glittertinden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Johnsen, Ben. (1995). Jotunheimens stortopper. Universitetsforlaget.
  • Aasgaard, Jan. (2016) Jotunheimen gjennom historien. Dreyer.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg