Faktaboks

Gunnar Flikke
Fødd
3. november 1947, Steinkjer, Trøndelag
Gunnar Flikke.
Gunnar Flikke.
Av /SCANPIX.

Gunnar Flikke er journalist og var sjefredaktør i Adresseavisen i 18 år, mellom 1988 og 2006. Han har arbeidd for avisa i meir enn 40 år.

Bakgrunn

Gunnar Flikke er fødd i Steinkjer i Nord-Trøndelag (no Trøndelag). Han tok vidaregåande skule i 1963–1966, og han er cand.mag. frå Universitetet i Bergen i 1981 med faga etnologi, samfunnskunnskap, folkloristikk og billedmediekunnskap. Han har òg studert ved NTNU i Trondheim.

Journalistikken

Flikke var først frilansar i Trønder-Avisa frå slutten av 1960-åra ved sida av studia. Deretter arbeidde han i Morgenavisen og som programskapar i NRK, før han blei tilsett som journalist i Adresseavisen (1970–1971) og så redaksjonssekretær (1974–1987). Han var redaktør for vekebladet NÅ i 1988, men blei henta tilbake til Adresseavisen som redaktør (1988–2006). Fram til 1997 delte han redaktøransvaret med Kjell Einar Amdahl. Sidan 2006 har han vore strategisk rådgivar for styret i avisa i ei fri stilling og har fleire ulike styreverv.

Endringar i Adresseavisen

Der har skjedd store endringar i Flikke si tid i Adresseavisen. Frå å vere papiravis i fullformat, gjekk avisa over til tabloidformat i 2006, og Adresseavisen er blitt eit mediehus som no publiserer i papiravis, nettavis, radio og fjernsyn. Flikke var pådrivar for endringane og ein markant, omtalt og profilert redaktør med sterke meiningar i kontroversielle saker. Han var engasjert i det daglege nyhendebiletet og kva for saker avisa skulle meine noko om.

Anna engasjement

Gunnar Flikke har hatt mange styreverv, mellom anna har han vore nestleiar i Norsk Redaktørforening, sekretær for Norsk Presseforbund og medieutvalet i Norsk Journalistlag. Han var nestleiar i 2008–2011 og sidan styreleiar for Trondheim Symfoniorkester, og han var styremedlem i NRK i 2010–2014. Flikke er òg styremedlem i Brønnøysunds Avis frå 2014. Han sit i styret for Byscenen, er med i Ringve Musikkmuseums venner og er sekretær i Selskabet for Trondhjems Bys Vel.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg