Faktaboks

Harald Ofstad

Harald Frithjof Seiersted Ofstad

Fødd
13. oktober 1920, Bergen
Død
5. oktober 1994, Oslo
Verke
Filosof
Familie

Foreldre: Politiinspektør Einar Adolf Ofstad (1880–1966) og Martha Ofstad (1881–1963).

Gift 1945 med forfattar og litteraturvitar Erna Magnussen (1919–2005), dotter av hovudkasserar Christian Magnussen (1890–1963) og Alfrida Andersen (1895–1974).

Harald Ofstad, foto frå Norsk biografisk leksikon

Harald Ofstad var ein av dei mest profilerte norske moralfilosofane i siste halvdel av 1900-talet.

Harald Ofstad, foto frå Norsk biografisk leksikon
Av /※.

Harald Ofstad var ein norsk filosof og samfunnsdebattant. Ofstad var ein av dei mest profilerte norske moralfilosofane i siste halvdel av 1900-talet. Han budde og arbeidde for det meste i Sverige og gjorde seg merka som forskar, forfattar og samfunnsdebattant i begge land.

Ofstad arbeidde særleg med etikk og rettsfilosofi. Han klargjorde etiske tenkjemåtar, skreiv om fridom og ansvar. I hovudverket An Inquiry into the Freedom of Decision (1961) drøftar han kva det vil seie at mennesket har fridom til å velje.

Liksom andre norske filosofar og samfunnsvitarar i åra etter krigen var Ofstad oppteken av å studere nazismen og den autoritære personlegdomen. I 1971 gav han ut Vår forakt for svakhet. En analyse av nazismens normer og vurderinger. Eit intellektuelt testamente var boka Vi kan ändra världen, som kom i 1987.

Bakgrunn og karriere

Harald Frithjof Seiersted Ofstad var fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland). Han tok examen artium på Sydnes skole i 1939.

Etter artium hadde Ofstad opphavleg tenkt seg ein juridisk karriere. Han var ferdig jurist i 1945, men slo raskt om og blei magister i filosofi allereie året etter. Som tilfellet var for mange av hans samtidige innan jus og filosofi, hadde engasjementet hans bakgrunnen sin i den andre verdskrigen. Den nazistiske mentaliteten gjorde eit skremmande inntrykk då han som ung og vellykka student og idrettsmann i Bergen las Adolf Hitlers Mein Kampf for å få vite kva nazismen dreia seg om. Han kjende intuitiv motvilje og forakt mot nazismen. Som yngste son av ein høgareståande politimann i Bergen og som fagleg begava og fysisk sterk var han sjølv privilegert og medvite sitt eige samfunnsmessige ansvar. I tida rett etter krigen tilhøyrde han «silkefronten», som ønskte eit mildare rettsoppgjer.

I 1947–1949 studert Ofstad ved mellom anna Yale University i USA som Rockefeller-stipendiat. Frå 1949 til 1954 var han universitetsstipendiat i moralfilosofi ved Universitetet i Oslo.

I 1954 fekk Ofstad stilling som professor i filosofi ved Universitetet i Bergen. Like etter valde han å ta imot eit professorat i praktisk filosofi ved Stockholms Universitet. Han oppfatta det faglege miljøet i Sverige som meir stimulerande enn det norske og tiltredde stillinga der i 1955. Han hadde dette professoratet fram til han gjekk av med pensjon i 1987.

Ofstad flytta tilbake til Bergen då han blei pensjonist i 1987. Han blei gjenstand for ny merksemd då Vår forakt for svakhet kom i nytt opplag i 1991.

Filosofi

Ofstad kjende tidleg at ideane i nazismen var ein ekstrem variant av ei allmennmenneskeleg forakt for svakheit. Saman med mellom anna Arild Haaland var han etter krigen med i den såkalla «Bergensgjengen» innan filosofien og vart elev under professor Arne Næss. I si personlege form var Ofstad svært ulik den underfundige Næss. Som debattant var han usedvanleg direkte, ofte aggressivt pågåande når han lét seg rive med. Han følte at moralfilosofien måtte sjåast i forhold til praktiske problemstillingar. Følgjeleg var det naturleg for han å rette seg inn mot studiet av autoritære personlegdomstrekk tidleg i 1950-åra, til liks med fleire av kollegaene sine på denne tida. Inspirert av amerikansk samfunnsforsking, under dette mellom anna den tyske sosiologen Theodor W. Adorno, ville han finne rota til nasjonalistiske tendensar.

Saman med tre andre forskarar ved Institutt for samfunnsforsking undersøkte han i 1950 korleis nasjonalistiske verdiar i befolkninga hang saman med psykologiske, sosiale og økonomiske faktorar. Forskinga resulterte i boka Nationalism. A Study of Identification with People and Power.

Fjernsynsdebatten med Thorkild Hansen

Heilt frå byrjinga av gjorde Ofstad seg tydeleg bemerka i Sverige – og også her heime – ved å delta i ei rekkje offentlege debattar. Størst inntrykk gjorde han under fjernsynsdebatten med den danske forfattaren Thorkild Hansen i NRK i 1978, etter utgivinga av Hansens bok Prosessen mot Hamsun.

Ofstad gjekk til moralsk frontalangrep på Hansen og meinte at boka var apologetisk, grovt uansvarleg og ikkje etterretteleg. Denne opphissa seansen var noko av det mest spektakulære som til då var vist på norsk fjernsyn, og tilskodarane var tydeleg delte i synet på Ofstad si rolle. Mange meinte at nedsablinga av Hansen var på sin plass, medan andre reagerte svært negativt på Ofstad si framferd.

Ofstads ansvarsetikk

Ofstad gav ut fleire verk om moral- og rettsfilosofiske spørsmål. Filosofien hans var ei form for ansvarsetikk, og han meinte at handlingar må vurderast ut frå sine sannsynlege konsekvensar, men at absolutte verdiar set grenser for kva ein har rett til å gjere mot medmenneska sine.

Dette tek han opp i det akademiske hovudverket sitt, An Inquiry into the Freedom of Decision (1961), der han mellom anna diskuterer kva makt kvart enkelt individ har over eigne avgjerder i livet. Her tek han òg for seg omgrep som skuld og straff. I følgje Ofstad vil eit verkeleg fritt menneske ikkje liggje under for indre tvang. Den som har oppnådd ekte fridom, treng difor ikkje å streve etter makt.

Liknande problemstillingar tek han óg opp i verk som To studier om upartiskhet og utilitarisme og Valg og verdi. Sistnemnde er ei artikkelsamling som han gav ut saman med kona si Erna Ofstad, som var magister i litteraturhistorie og hadde gjeve ut fleire bøker. Ekteskapet og deira faglege samarbeid var svært viktig for Harald Ofstad, og han trekte ofte fram kona si som ei viktig støtte.

Vår forakt for svakhet

Ofstad blir i dag hugsa best for boka Vår forakt for svakhet frå 1971, som tek for seg mentaliteten og normene for nazismen, med utgangspunkt i Hitlers Mein Kampf.

Her arbeidde Ofstad vidare med dei temaa han tidlegare hadde vore inne på, og han viser korleis dei enkelte komponentane for nazismen til saman dannar eit tydeleg mønster – som igjen peikar tilbake på menneske si grunnleggjande forakt for svakheit. Det handlar mellom anna om ein sjølvoppfyllande ideologi, sidan den sterke faktisk beviser overlegenheita si ved å undertrykkje andre. Når den svake lèt seg kue med makt, fortener han eller ho altså ikkje betre. Liknande tankar finst framleis blant oss, åtvarar Ofstad. Boka har blitt ein moderne klassikar.

Vi kan ändra världen

Vi kan ändra världen var Ofstad si siste bok, og tittelen i seg sjølv inneheld essensen av dei intellektuelle testamenta hans. Igjen er det moral som er kjernen i saka, og igjen handlar det om forholdet mellom styrke og svakheit. Ofsta hevda at det vestlege demokratiet var i stor grad styrt av egoisme og pengemakt, og understreka verdien av debatt og engasjement. Menneska har greidd å forandre verda til det verre, meinte han. Følgjeleg bør vi òg kunne forandre han til det betre.

Verv og utmerkingar

Ofstad var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1963. Han var riddar av den svenske Nordstjärneordenen.

Utgjevingar i utval

  • Nationalism. A Study of Identifications with People and Power (saman med Christian Bay, Ingemund Gullvåg og Herman Tønnessen), 3 bind, 1951–1953
  • An Inquiry into the Freedom of Decision, 1961 (ufullstendig utgåve 1952)
  • Valg og verdi (saman med Erna Ofstad), 1961
  • To studier om upartiskhet og utilitarisme, Stockholm, 1962
  • Two New Studies in Moral Philosophy, Stockholm, 1967
  • Vår forakt for svakhet. En analyse av nazismens normer og vurderinger, 1971
  • Vi kan ändra världen. Hur bör vi ställa frågorna, Stockholm, 1987

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Vilhelm Aubert ofl.: Tenk en gang til. Oslo 1952
  • Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk, bd. 1. Oslo 1995
  • Ebbestad Hansen, J. E. (red.): Norsk tro og tanke, bd. 3, 2001, s. 514–523

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg