Faktaboks

Hareidlandet
Etymologi

norrønt Hǫð ‘strid’

Hareidlandet er ei øy i Hareid og Ulstein kommunar i Møre og Romsdal, sørvest for Ålesund. Hareidlandet er den største øya på Sunnmøre, og er 165 km2, med 13 683 innbyggjarar (2022).

Øya har noko myrlendt lågland, men har elles skoglause åsar og fjell opptil 697 moh. (Blåtind) i sør. Tvers over øya frå aust til vest går eit cirka 12 km langt eid mellom industristadene og administrasjonssentera Hareid og Ulsteinvik. Her går fylkesveg 61 ÅlesundNordfjord (høgaste punkt 155 moh.), og det er bilferje frå Hareid til Sulesund, 26 km frå Ålesund sentrum. Det er eit godt utbygd vegnett med brusamband til Gurskøya og Dimnøy på vestsida.

Det er stor industri i begge kommunane på øya, særleg i Ulstein. Hareid er ein stor fiskerikommune etter ilandbrakt fangst.

Historie

Hareidlandet eller sagatidas Hod ligg sør om Breidsundet som er hovudinnløpet til fjordane på Sunnmøre og i Romsdal. Innløpet inn Vartdalsfjorden kunne kontrollerast frå sør og har alltid hatt ein viktig posisjon for å stoppe og kontrollere inntrenging av framande.

På grunn av hamneforholda vart Ulstein sentrum på øya og utvikla seg til eit handels og administrasjonssentrum på Søre Sunnmøre saman med Herøy.

Kart

Hareidlandet
Hareidlandet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg