Faktaboks

Hessa
Heissa

Hessa er ei øy i Ålesund kommune, Møre og Romsdal. Det er den vestlegaste av dei fire øyene som tettstaden Ålesund ligg på. Øya er 3,6 km2 med 4040 innbyggjarar (2015).

Hessa strekkjer seg frå Steinvågsundet, som skil øya frå Aspøya, først vestover, sidan sørover, og til sist austover att, og omkransar på den måten Aspevågen på sørsida av Ålesund sentrum. Innerst i Aspevågen ligg Skarbøvik med ikkje så lite industri, særleg fiskeforedling. Her ligg Skarbøvik kyrkje (i Ålesund sokn). Atlanterhavsparken, som er akvariet i Ålesund, ligg på Hessa og er blant dei største i Europa.

Nordre delen av øya er småknausa, men relativt låg; høgast i aust der ho når 107 meter over havet (Olsfjellet). Søre delen av øya er klart høgare og har ei tydeleg strøkretning aust–vest med det karakteristiske sjømerket Sukkertoppen (314 meter over havet) i vest. Med unntak av vestsida er det langs strendene relativt tett busetjing. Hessa har brusamband over Steinvågsundet med dei sentrale bydelane på Aspøya og Nørvøya.

Namnet er truleg avleidd av hei og speglar øyas berglendte karakter.

Kart

Hessa
Hessa
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg