Renndølsetra med Innderdalstårnet
Renndølsetra med Innderdalstårnet
Av /NTB.

Innerdalen er ein dal i Sunndal kommune i Møre og Romsdal som er verna som landskapsvernområde. Dalen er 20 kilometer lang og utgjer øvre del av Ålvundelvas dalføre; nedre del som har fast busetjing, heiter Viromdalen. Dalføret fører mellom bratte fjell i ei søraustleg retning inn i Trollheimen, inn til vasskilet mot Vinndøla, eit tilløp til Driva frå nord.

Innerdalen blir rekna som ein av våre vakraste fjelldalar og er Noregs første landskapsvernområde. Den er omgitt av bratte fjell, best kjent er Skarfjellet (1790 meter over havet) og det karakteristiske kjegleforma Innerdalstårnet (Dalatårnet, 1452 meter over havet).

I Innerdalen er det to turisthytter: Renndølsetra er ei betent, privat hytte, og Innerdalshytta er ein sjølvbetjent hytte som blir driven av Kristiansund og Nordmøre Turistforening (del av Den Norske Turistforening). Hyttene ligg sentralt i dalen og er utgangspunkt for turar i Trollheimen og for fjellklatring.

Kart

Innerdalen
Innerdalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg