Faktaboks

Jo Nesbø
Fødd
29. mars 1960, Oslo
Verke
Forfatter og musiker
Familie

Foreldre: Disponent Per Nesbø (1922–94) og bibliotekar Kirsten Hammervold (1928–).

Ugift.

Nesbø, Jo

Jo Nesbø

Nesbø, Jo
Av /※.

Jo Nesbø er ein norsk forfattar, musikar og siviløkonom. Nesbø har gjeve ut kriminalromanar om kriminaletterforskaren Harry Hole og barnebøker om Doktor Proktor. Han har motteke ei rekkje litterære prisar, for både krimbøkene og barnebøkene. Bøkene er omsette til over 40 språk og når eit stort publikum i mange land.

Bakgrunn

Nesbø er fødd i Oslo, men flytta tidleg til Molde der han i slutten av 1970-åra spelte fotball på førstelaget til Molde Fotballklubb. Etter eksamen på vidaregåande skule studerte han økonomi ved Noregs handelshøgskole i Bergen og var ferdig utdanna siviløkonom i 1986.

Musikk

I 1990 debuterte han som vokalist og låtskrivar i popgruppa Di Derre, som bestod av fire musikarar frå Molde, mellom andre bror til Nesbø. CD-en Jenter & Sånn vart seld i 190 000 eksemplar. Samstundes arbeidde Nesbø som økonom og opsjonsmeklar.

Forfattarskap

Harry Hole

Omslag til åtte av Jo Nesbø sine bøker
Bøker i serien om den alkoholiserte politietterforskaren Harry Hole.
Omslag til åtte av Jo Nesbø sine bøker
Av .

Etter eit lengre opphald i bydelen King's Cross i Sydney i Australia gav Jo Nesbø ut romanen Flaggermusmannen i 1997, der han introduserte den norske politimannen Harry Hole. Hole etterforskar drapet på ei norsk kvinne i det røffe, australske bymiljøet som er dominert av hallikar, horer, drankarar og kjeltringar. Hole arbeider saman med ein australsk politimann av aboriginsk opphav. Boka vart ein stor suksess og fekk Rivertonprisen for årets beste norske kriminalroman og Glassnøkkelen for årets beste skandinaviske kriminalroman.

Allereie året etter følgde Nesbø opp med ein ny Harry Hole-roman. Også denne gongen vart handlinga lagd til eksotiske strøk, til Thailand, der mordet på ein norsk ambassadør utløyser handlinga.

Nesbø har ein effektiv forteljarstil. Han skriv i han-form, og synsvinkelen vekslar mellom etterforskaren Hole og andre personar i bøkene, ikkje minst forbrytarane som blir jaga. Serien blir òg prega av at lesaren blir godt kjend med hovudpersonen, som til liks med opphavsmannen sin mellom anna har sterke musikkinteresser. Hole lyttar til amerikanske band som Violent Femmes og The Long Ryders eller til norske grupper som Jokke & Valentinerne og Raga Rockers. Hole har òg drive litt med musikk sjølv. Di Derres låt Jenter er han ikkje spesielt begeistra for, han synest betre om gruppa sin første hit, 90-meterbakken.

Tredje bok, Rødstrupe, finn stad i Noreg, og her er mykje fokus retta mot Harry Hole sitt ikkje alltid heilt stødige privatliv. Hole har problem med alkohol og er i stor grad ein einsam ulv i politikorpset. Til liks med mange andre kriminalromanheltar balanserer han på grensa av kva som kan aksepterast. Nesbø trekkjer mykje faktastoff inn i handlinga, som til dømes Bill Clintons besøk i Noreg, omleiringa av Leningrad, konflikten på Balkan og andre historiske hendingar.

Raudstrupe er den mest premierte boka til Nesbø, og han fekk Bokhandlerprisen for henne i 2000. I fleire publikumsskåringar er Rødstrupe kåra til den beste norske kriminalromanen i historia: I Bokklubben Krim og Spenning (2004), NRK Nitimen si store lyttaravstemming og Dagbladets kåring (2009). Den engelske omsetjinga, The Redbreast, vart nominert til The International Dagger-prisen av Crime Writers' Association i 2007.

Sidan har Nesbø gjeve ut ei rekkje Harry Hole-bøker: Sorgenfri (2002), Marekors (2003), Frelseren (2005), Snømannen (2007), Panserhjerte (2009) og Gjenferd (2011). Den tiande boka, Politi, kom i 2013. Dei mange som frykta for Harry sitt liv ved slutten av Gjenferd, kunne puste letta ut. Harry Hole er derimot fråverande i Nesbø sin kriminalroman frå 2014, Sønnen, der etterforskaren er førstebetjent Simon Kefas. Også denne boka er ei forteljing med rask framdrift og spennande omslag i handlinga. Så vender Harry Hole tilbake i den ellevte boka om han, Tørst, frå 2017, der Harry no er «tidlegare etterforskar», men må handle når ein seriemordar er i gang. Moderne fenomen som «Tinder Dating» og 3D-printing blir teke i bruk i ei Harry Hole-bok av godt merke.

I 2019 kom endå ein Harry Hole-roman, Kniv, som både når det gjeld framstillingsmåte, oppbygging av intrigen, mystifikasjon og finurlege grep for at «rettferda» skal skje fyllest, overgår det meste i den lange serien om Harry. Lesaren møter ein Harry på botnen, éin som har mista alt, men skal miste endå meir, og som likevel må komma seg opp og kunne gå vidare, så å seie uansett konsekvensar. For denne romanen vart han tildelt Rivertonprisen for andre gong.

Blodmåne frå 2022 er på eit vis ein avvikande Harry Hole-thriller. Hole tar nemleg på seg eit oppdrag eine og åleine for penganes skuld. Han bur i Los Angeles for å drikke seg i hel, men er blitt venn med ei eldre kvinne som skuldar ein million dollar og blir truga på livet av eit narkotika-kartell. Då Harry får ein telefon frå Oslo om å hjelpe til med å finne ein seriemordar, bestemmer han seg for å gjere det for ein bonus som gjer at venninna, Lucille, slepp fri. Harry samlar eit merkeleg lag av hjelparar, som har ti dagar på seg før det kjem ein varsla blodmånen over Oslo. Godt driv, sterke effektar og effektiv historieforteljing kjenneteiknar også denne trettande boka om Harry Hole.

Raskt og effektivt går det òg føre seg i to korte kriminalromanar som nærmast må beskrivast som forbrytarromanar, begge frå 2015: Blod på snø og Mere blod. I forhold til dei mange store og kompliserte kriminalromanane Nesbø har skrive, er desse to bøkene ganske ubetydelege, men gleda ved å fortelje og karakterisere er i høgste grad til stades.

I samband med markeringa av at det var 400 år sidan William Shakespeare døydde i 1616, fekk Nesbø det ærefulle oppdraget å skrive ei bok på grunnlag av éin av tragediane. Resultatet vart Macbeth, som kom på norsk i 2018, ein hardkokt og røff politiroman som på ypparleg vis klarer å attskape ei nesten mellomaldersk stemning av frykt og gru, død og korrupsjon i ein moderne industriby.

Nesbø gav i 2020 ut romanen Kongeriket, som kan beskrivast som ein forbrytar-roman. Eg-forteljaren står bak ei rekkje uhyrlege brotsverk, men slepp stadig unna. Han har ein medansvarleg i den yngre broren, Carl, men forholdet dei i mellom blir meir enn vanskeleg etter kvart. Dei bur på ein fjelltopp over bygda Os, der livet stort sett står stille, men fortida skjuler skumle saker, og når lensmannen byrjar å grava bakover i tid oppstår problem. Kongeriket er ein godt gjennomført og medrivande spenningsroman der mord og kjærleik er hovudingrediensane.

Nesbø er blant Noregs mestseljande forfattarar. Førsteopplaget på Gjenferd var på over 100 000 eksemplar, medan Politi vart trykt i fleire hundre tusen eksemplar, berre månader etter utgivinga. Skandinavisk krim har ei sterk stilling i den internasjonale bokmarknaden og går ofte under samlenemninga «Nordic Noir». Her har Jo Nesbø etter kvart vorte éin av dei bestseljande forfattarane, særleg etter at bøkene hans vart utgjevne i England og USA. Bøkene hans er omsette til 40 språk og sel millionar på verdsbasis.

Hodejegerne

Kriminalromanen Hodejegerne frå 2008 handlar om hovudjegeren og kunsttjuven Roger Brown. Inntektene frå boka går til Harry Hole-stiftinga, som kvart år deler ut prisen «Ein ålreit fyr / Ei ålreit dame». Prisvinnaren får vera med på å velja mottakaren av prispengane. Desse skal gå til prosjekt som kan betre born sine lese- og skriveferdigheiter, særleg i utviklingsland.

Hodejegerne er filmatisert og hadde premiere i 2011, med Aksel Hennie i rolla som Roger Brown.

Doktor Proktor

Nesbø debuterte som barnebokforfattar med Doktor Proktors prompepulver i 2007 og har gjeve ut i alt fem bøker i serien, den siste i 2016. Han vann Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2010 for Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje. Den første boka i serien vart teaterframsyning i 2013 på Riksteateret og filmatisert i 2014. Den andre boka, Doktor Proktors tidsbadekar, vart filmatisert i 2015. Både bøker, teater og filmar har vore publikumssuksessar.

Dei fem forteljingane handlar om dei to barna Lise og Bulle, og vennskapen deira med den eksentriske professoren Doktor Proktor. Serien er humoristiske spenningsbøker, der dei tre heltane reddar både heimbyen og verda, ved hjelp av dei ulike og absurde oppfinningane til professoren. Samanlikna med krimbøkene til Nesbø, er barnebøkene språkleg lette og leikne, fulle av ordspel og nydanna ord.

Andre sjangrar

Nesbø har gjeve ut Stemmer frå Balkan. Atten dagar i mai i 1999 saman med Espen Søbye, ei reiseskildring frå det krigsherja Balkan. I 2001 kom novellesamlinga Karusellmusikk, og han gav samtidig ut eit soloalbum med same tittel.

Prisar

  • Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok for Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje, 2010
  • Bokhandlarprisen for Rødstrupe, 2000 og for Snømannen, 2007
  • Rivertonprisen for Flaggermusmannen, 1997, og for Kniv, 2019
  • Glasnøkkelen for beste skandinaviske kriminalroman for Flaggermusmannen, 1997

Bibliografi

Krim

  • Flaggermusmannen, 1997
  • Kakerlakkene, 1998
  • Rødstrupe, 2000
  • Sorgenfri, 2002
  • Marekors, 2003
  • Frelseren, 2005
  • Snømannen, 2007
  • Hodejegerne, 2008
  • Panserhjerte, 2009
  • Gjenferd, 2011
  • Politi, 2013
  • Sønnen, 2014
  • Blod på snø, 2015
  • Mere blod, 2015
  • Tørst, 2017
  • Macbeth, 2018
  • Kniv, 2019
  • Kongeriket, 2020
  • Blodmåne, 2022

Barnebøker

  • Doktor Proktors prompepulver, 2007
  • Doktor Proktors tidsbadekar, 2008
  • Doktor Proktor og verdens undergang. Kanskje, 2010
  • Doktor Proktor og det store gullrøveriet, 2012
  • Kan doktor Proktor redde jula?, 2016

Noveller og reiseskildringar

  • Stemmer fra Balkan. Atten dager i mai, reiseskildring med forfattar Espen Søbye, Aschehoug, 1999
  • Karusellmusikk, noveller, Aschehoug, 2001

Plateinnspelingar

Med Di Derre

  • Den Derre med Di Derre, 1993
  • Kvinner & Klær / Jenter & Sånn, 1994
  • GYM, 1997
  • Slå meg på! Popmusikk! 1998

Soloalbum

  • Karusellmusikk, 2001

Med diverse artistar:

  • Du Bli'kke Rost Før Du Er Borte Vekk. Sanger av Roy Willy Olsen, 2000
  • Stolpesko, Frelsesarmeen, 2001
  • Gull i fra Grønne Skoger. Vidar Sandbeck i Ord og Toner, 2003
  • Det beste til meg og mine venner – en hyllest til Joachim Nielsen, 2005

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (6)

skreiv M E

Det står fødested i boksen høyre side at det er Molde men i teksten under undertittelen at han er født i Oslo.. Ble veldig i tvil ..

svarte M E

mente under undertittelen biografi

svarte Kjell-Olav Hovde

Hei og takk for kommentar om tvetydiget i teksten. Det skal være født i Oslo, oppvokst i Molde.

skreiv Jan Peter Aursnes

Hei, under Anbefalte lenker: linken til "Dagbladets forfatterside om Jo Nesbø" synes ikke å virke.

svarte Kjell-Olav Hovde

Takker! Dagbladet har lagt ned sine forfattersider. Lenken er nå slettet.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg