Faktaboks

Johan Arnt Wenaas
Fødd
16. mai 1941, Hægebostad
Død
28. juli 2015, Hvitsten, Vestby

Johan Arnt Wenaas var ein norsk prest og forfattar av bøker om sjelesorg og diakoni.

Han tok teologisk embetseksamen ved Det teologiske Menighetsfakultet i 1966, praktisk-teologisk eksamen i 1967 og blei same året ordinert til prest. Etter endt feltprestteneste var han kapellan i Jeløy frå 1968 til 1974. Frå 1974 var han tilsett som sjukehusprest ved Lovisenberg sjukehus til han blei forstandar og seinare direktør ved Diakonissehuset frå 1980 til 1992. Frå 1992 til han gjekk av med pensjon i 2008 var han generalsekretær i Kirkens Sosialtjeneste.

Wenaas har mellom anna gjeve ut Sjelesorg til hverdags (1982), Fellesskapet som skaper omsorg (1983), Når veiene skilles (1983), Den romslige kirke (1986) og Ved vår side (1998).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg