Koss var aktiv i fleire idrettar som barn, mellom anna langrenn, fotball, badminton og orientering. Som 15-åring vann han landsmeisterskapen på skøyter, den uoffisielle noregsmeisterskapen for ungdom. Han var svært treningsvillig, men sleit ofte med nervøsitet og dårleg sjølvtillit i samband med dei store konkurransane.
Det internasjonale gjennombrotet kom med sigeren samanlagt i VM i allround i Innsbruck i 1990. Koss vann ingen av distansane, men var på topp tre på dei tre lengste distansane. Totalt vann han tre VM-gull i allround, det siste i Göteborg i mars 1994, etter OL på Lillehammer. Han er per november 2022 framleis den siste norske verdsmeisteren i allround. Koss avslutta den aktive karrieren sin som 25-åring våren 1994. Han hadde starta på legeutdanninga, og alle sportslege mål var oppnådde. Motivasjonen låg andre stader enn på idrettsbanen.
Koss deltok i sitt første OL i Albertville i 1992 etter ei opplading der han var innlagd på sjukehus med betennelse i bukspyttkjertelen rett før leikane. Han blei olympisk meister på ein svært jamn 1500 meter, der berre fire hundredels sekund skilde ned til Ådne Søndrål på sølvplass og berre ni hundredelar ned til bronse. Sjuandeplassen på 5000 meter nokre dagar tidlegare blei den einaste OL-starten hans utan medalje.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.