Faktaboks

Johann Sebastian Bach
Fødd
21. mars 1685, Eisenach
Død
28. juli 1750, Leipzig
Johann Sebastian Bach

Johann Sebastian Bach. Maleri av Elias Gottlob Hausman fra 1746. Museum für Geschichte der Stadt Leipzig

Johann Sebastian Bach
Av /※.
Thomaskirken

Fra 1723 til sin død 1750 var Bach kantor i den store Thomaskirken i Leipzig. Hans viktigste oppgave var å komponere og oppføre gudstjenestemusikken – gjerne noe nytt til hver søndag

Thomaskirken
Av /※.
Preludium i C dur

Preludium i C fra Das wohltemperierte Klavier i Bachs egen håndskrift. Verket er skrevet for et klaverinstrument med temperert stemming, noe som betyr at det vil klinge rent i alle tonearter. Det består av 48 preludier og fuger i alle dur- og molltonearter, samlet i to bind, fullført henholdsvis i 1722 og 1742

Av /Bach Digital.
Bach-monumentet i Leipzig

Bach-monument utenfor Thomaskirken i Leipzig. Statuen ble avduket i 1908

Bach-monumentet i Leipzig
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Johann Sebastian Bach var ein tysk komponist, organist, cembalist, fiolinist, pedagog og kapellmeister. Bach blir derfor rekna for å vere blant dei største namna i musikkhistoria, med innverknad som når langt utover den klassiske musikkverda. Livsløpet hans følgjer i grove trekk høgdepunktet og avslutninga til barokkepoken.

Bach var uhyre produktiv, og blant dei mange verka hans finn ein Johannespasjonen og Matteuspasjonen, Juleoratoriet, dei seks Brandenburgerkonsertane, så vel som Das Wohltemperierte Klavier. Bach komponerte vidare ei mengd kantatar, kammermusikk, fiolinsonatar og mange andre betydelege cembalo- og orgelverk, mellom dei Toccata og fuge i d-moll, som er eitt av barokkens mest kjende musikkstykke.

Oppvekst

Johann Sebastian Bach var fødd i Eisenach i Tyskland og døydde i Leipzig. Han kom frå ei av dei fremste musikarslektene gjennom tidene, som kunne spore dei yrkesmessige anane sine tilbake til 1500-talet. Mange frå denne slekta, både før og etter han, var kjende komponistar og musikarar, til dømes grandonkelen Johann Cristoph, samt sønene Wilhelm Friedemann og Carl Philipp Emanuel. Bach fekk musikkopplæring først hos faren sin, så hos bror sin.

Då mora døydde i 1694 og faren døydde i 1695, måtte han flytte til Ohrdruf, der broren Johann Christoph var organist. I Eisenach hadde han gått på latinskulen, medan han etter 1695 fekk gå på Lyzeum-skulen i Ohrdruf. Der fekk han god opplæring i fag som latin, song og teologi, fram til 1700. I 1700 vart han frielev ved Michaelisskolen i Lüneburg, der han song i skulekoret i to år.

Hos broren hadde han vorte kjend med den pachelbelske orgelstilen, i Lüneburg kom han i kontakt med den nordtyske tradisjonen med Georg Böhm sin meir virtuosbetonte stil, og som korsongar vart han kjend med den polyfone korteknikken. Han gjekk òg fleire gonger dei fire milene frå Lüneburg til Hamburg for å høyre den berømte organisten Johann Adam Reinken.

Livet i Weimar

Etter ei kortare tilsetjing som fiolinist i Weimar i 1703 vart Bach organist i Neue Kirche i Arnstadt. Her komponerte han mellom anna ein Capriccio til broren Johann Jacob Bach, då broren tok teneste som oboist hos Karl 12 av Sverige.

I 1705 fekk han ein månads tenestefridom for å høyre Dietrich Buxtehude sin berømte Abendmusik i Lübeck, men vart borte i tre månader. Sidan arbeidsgivaren òg var misnøgd med at «han blanda så mange underlege variasjonar og framande tonar inn i koralen at forsamlinga vart heilt forfjamsa», fekk Bach ein alvorleg reprimande. I 1707 flytta han til Mühlhausen og gifta seg same år med tremenningen sin, Maria Barbara Bach (1684–1720).

På grunn av strid mellom pietistiske og ortodokse krinsar flytta han allereie året etter til Weimar, der han vart tilsett som kammermusikar og hofforganist hos hertug Wilhelm av Weimar. Her skreiv han dei fleste orgelverka sine og vann ry, slik at studentar kom langvegsfrå for å få speletimar hos han. Han vart òg kjend med samtidig italiensk musikk, og særleg Vivaldi påverka Bach mykje. Bach kombinerte italienaren si evne til å lage enkle og karakteristiske melodilinjer med si eiga unike evne til kontrapunkt og musikalsk oppbygging.

Bach vart forbigått ved tilsetjinga av ny hoffkapellmeister, sjølv om han hadde tenestegjort i stillinga i tre år grunna sjukdommen til den førre kapellmeisteren. Han tok difor i 1717 imot eit tilbod om ei kapellmeisterstilling hos fyrsten av Anhalt-Köthen. Hertugen av Weimar ville nødig gi slepp på han, og då Bach kravde avskjed vart hertugen rasande. Bach måtte difor sitte ein månad i fengsel og vart sagt opp i unåde.

Livet i Köthen

I Köthen var hoffet reformert, og Bach skreiv difor ikkje kyrkjemusikk i dei fem åra han var der. Den unge prins Leopold av Köthen elska musikk og gav Bach svært gode arbeidstilhøve. Som kapellmeister i Köthen dirigerte Bach fyrsten sitt collegium musicum med 18 dyktige musikarar, i tillegg til at han komponerte og oppførte orkesterverk, konsertar, suitar, kammermusikk og klaververk. Medan han var i Köthen skreiv han mellom anna dei kjende Brandenburgerkonsertane, som er av den aller fremste musikken vi har frå barokktida. I 1720 døydde kona hans, og året etter giftet han seg med songaren Anna Magdalena Wilcken (1701–1760).

Livet i Leipzig

I 1723 vart han tilsette som kantor ved Thomaskirken i Leipzig «fordi det ikkje var nokon betre å få», etter at to andre hadde trekt tilbake søknadane sine på stillinga. Stillinga innebar eit hakk ned i sosial status, men var likevel viktig i tysk musikkliv, fordi han no fekk ansvar for musikken i alle dei fire hovudkyrkjene i Leipzig. Arbeidskrava var overveldande, og dei første fem åra produserte han rundt 150 kantatar, samt dei to store pasjonane, Johannespasjonen og Matteuspasjonen.

magistraten i Leipzig hadde forlangt ei prøve på Bach sin komposisjonskunst, skreiv han kantaten Jesus nahm zu sich die Zwölfe og oppførte dessutan Johannespasjonen for første gong. Dei musikalske og materielle forholda Bach fekk i Leipzig var dårlegare enn i Köthen. Han føretrekte likevel Leipzig, sidan det gav sønene hans moglegheit til å studere ved universitetet der.

Tilfanget hans av musikarar og songarar var av svært varierande kvalitet, og mange av verka vi i dag reknar mellom dei fremste i vestleg musikkhistorie, fekk mykje dårlegare urframføringar enn dei fortente. Koret han fekk til rådvelde, Thomaskoret, bestod av udisiplinerte skulegutar som Bach den første tida òg måtte undervise i latin, og orkesteret vart samanraska av tilfeldige musikarar.

Bach sin overordna hadde difor lita forståing av genialiteten hans som komponist og vurdert han nærast som ein middelmåtig musikklærar, medan Bach med steil sjølvhevding verna om retten sin. Likevel heldt han fram med å produsere musikk som fullførte både dei grandiose ideane hans og krava til både emosjonelt innhald og nitid, analytisk oppbygging. Dedikasjonen «S. D. G.» (Soli Deo Gloria, «Ære til Gud åleine»), skrive inn på slutten av kvart partitur, kan vere ein del av forklaringa rundt denne forbløffande prinsippfaste haldninga hans.

Det kom til fleire kontroversar i løpet av tida i Leipzig. Bach gjekk lei av konfliktane og tenkte på å søkje seg ei anna stilling. Han vart likevel buande resten av sitt liv i Leipzig og gjennomførte berre kortare reiser, mellom anna til sonen Carl Philipp Emanuel i Berlin. Ved hans siste besøk i Berlin i 1747 improviserte han for Fredrik den store over eit tema regenten sjølv oppgav. Seinare utarbeidde Bach Musikalisches Opfer med dette temaet som grunnlag. I 1749–1750 komponerte han eit liknande verk, Die Kunst der Fuge, der dei enorme kunnskapane hans som kontrapunktiker kjem tydeleg fram.

I 1749 vart Bach ramma av eit slaganfall. Han kom seg, men vart nesten blind. Ein mislykka operasjon i januar 1750 forverra tilstanden. Sine siste komposisjonar dikterte han til ein av elevane sine. Han vart gravlagd på Johanneskirkegården, men gravstaden vart gløymt. I 1894 vart grava funnen igjen, og Bach sine jordiske leivningar vart plasserte i eit gravkammer i kyrkja. Etter at kyrkja vart øydelagd under andre verdskrigen vart leivingane overførte til Thomaskirken i Leipzig.

Påverknad og ettermæle

Bach førte den polyfone stilen til fullkommenheit og skapte med den eineståande teknikken sin og åndelege fantasi grunnleggjande verk både innan den kyrkjelege og den verdslege musikken. Trass i dei avgrensa moglegheitene hans til å reise samanfatta Bach på kosmopolitisk vis impulsar frå ei rekkje eldre tyske, franske og italienske meistrar frå fleire hundreår. Han sameinte den tradisjonelle polyfone stilen med ein funksjonell harmonikk bygd på dur og moll og bringa med dette fugen til eit absolutte høgdepunkt. Den protestantiske koralen speler ei vesentleg rolle i musikken hans, ikkje minst i måten han behandlar dei ulike melodiane som cantus firmus. Bach sin religiøsitet var djupt rotfesta i den lutherske trua, og han underteikna gjerne komposisjonane sine med noteringar som «Dei höchsten Gott allein zu Ehren».

I samtida var Bach først og fremst kjend som ein stor orgelvirtuos. Få av komposisjonane hans var trykte i levetida hans, men fleire av klaver- og orgelverka nådde likevel ei viss utbreiing gjennom avskrifter. I ettertid har det vore spekulert i om enkelte av verka som vart avskrivne av Anna Magdalena og sønene, faktisk vart komponerte av dei heller enn Bach sjølv. Trass i at mange i samtida hans i stor grad vurderte musikken hans som gammaldags, heldt ei rekkje ærbødige elevar og kjennarar fram med å verdsetje og spreie musikken til Bach.

Fordi Bach var mest kjend som organist og den musikalske smaken i Europa alt var på veg mot den etterkvart dominerande wienerklassisismen, vart han fort gløymd etter at han døydde. Rundt hundreårsskiftet vart det likevel noko merksemd kring Bach, mellom anna på grunn av utgjevinga av ein biografi om han i 1802. Vendepunktet var Felix Mendelsohn si oppføring av Matteuspasjonen i 1829, som forvandla den vesle Bach-kultusen til ei folkerørsle. I 1850 vart Die Bach-Gesellschaft zu Leipzig (Bach-selskapet) stifta, med mål om å gi ut all musikken hans, noko dei oppnådde i 1900. Ifølgje BWV-systemet (Bach-Werke-Verzeichnis), som vert brukt for å nummerere komposisjonane hans, skreiv Bach meir enn 1100 verk, og han vert i dag hylla verda rundt som ein av dei fremste komponistane gjennom tidene.

Hovudverk

Vokalmusikk

Verk År
Magnificat 1723 og rundt 1730
Johannespasjonen 1723
Matteuspasjonen 1727 eller 1729
Motetter:
Jesu Meine Freude 1723
Fürchte dich nicht, ich bin bei dir 1726
Der Geist hilft unsrer Schwachheit auf 1729
Komm, Jesu, komm 1730
Lobet den Herrn, alle Heiden årstal ukjent
Singet dem Herrn ein neues Lied rundt 1726–1727
Juleoratoriet (6 kantater) 1734
Messe i h-moll 1747–1748
5 årgangar med kantatar for alle søndagar og heilagdagar i året (rundt 300, der rundt 200 er bevart)
Ei rekke verdslege kantater

Verk med orkester

Verk År
6 Brandenburgerkonserter i F-, F-, G-, G-, D- og B-dur 1721
4 ouverturer (orkestersuiter) etter 1723¹
7 konserter for cembalo etter 1723¹
3 konserter for 2 cembali etter 1723¹
2 konserter for 3 cembali etter 1723¹
1 konsert for 4 cembali etter 1723¹
2 konserter for fiolin 1717–1723²
1 konsert for 2 fioliner 1717–1723²
Konsert for fiolin, fløyte og cembalo årstal ukjent

¹ Årstalet er ukjent for ein stor del transkripsjonar utført i Leipzig-tida ² Köthen-tida

Kammermusikk

Verk År
3 sonater og 3 partitaer for solofiolin 1720
6 suiter for cello solo truleg 1720
Partita for fløyte solo årstal ukjent
6 sonater for fiolin og obligat cembalo 1717–1723²
3 sonater for viola da gamba og obligat cembalo 1717–1723²
6 sonater for fløyte og obligat cembalo / basso continuo 1717–1723²

² Köthen-tida

Orgel

Verk År
6 konsertar (etter Antonio Vivaldi og andre) 1708–1717
Passacaglia i c-moll rundt 1717?
Orgelbüchlein (46 korte koralforspel) 1713–1717
6 triosonater rundt 1727
Katekismuspreludiene (Klavierübung III) 1739
6 Schübler-koralforspill rundt 1746–1747
18 store preludium 1747–1749
vel 20 preludium (toccataer, fantasier) og fuger årstal ukjent

Klaver

Verk År
15 tostemmige invensjonar 1720–1723
15 trestemmige invensjonar 1720–1723
Kromatisk fantasi og fuge i d-moll rundt 1720
Das wohltemperierte Klavier I og II 1722 og 1744
6 franske og 6 engelske suiter mest truleg 1717–1723
6 partitas (Klavierübung I) 1726–1731
Italiensk konsert og fransk ouverture (Klavierübung II) 1735
Goldbergvariasjonane (Klavierübung IV) 1742
Klavierbüchlein for Wilhelm Friedemann Bach og Anna Magdalena Bach 1720 og 1725

Verk delvis utan angjeven besetning

Verk År
Das Musikalische Opfer 1747
Die Kunst der Fuge (ufullendt) 1749–1750

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Boyd, Malcolm: Bach, 3rd ed., 2000
  • Butt, John, red.: The Cambridge companion to Bach, 1997
  • David, Hans T. & Arthur Mendel, red.: The new Bach reader: A Life of Johann Sebastian Bach in Letters and Documents, 1998
  • Fischer, Hans Conrad: Johann Sebastian Bach : hans liv i tekst og bilder, 2000
  • Gardiner, John Eliot. Bach: Music in the Castle of Heaven. Knopf, 2013
  • Geck, Martin: Bach, 2003
  • Grout, Donald Jay et al.: A History of Western Music. Sixth Edition. New York, 2001
  • Kjeldsen, Jens: Mellem kosmos og sjæl: Johann Sebastian Bach og barokmusikken, 2000
  • Neumann, Werner: Johann Sebastian Bach, 1978
  • Norborg, Josef: Johann Sebastian Bach: Den store kantor, 1950
  • Williams, Peter: The life of Bach, 2004
  • Wolff, Christoph: Johann Sebastian Bach: the learned musician, 2000

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg