Faktaboks

Johannes Arneson
Fødd
24. mars 1865, Hjelmeland, Rogaland
Død
1. mai 1967, Oslo
Johannes Arneson
Johannes Arneson. Foto frå 1961.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Johannes Arneson var lærar, skulestyrar, folkeminnesamlar og forfattar. Han var lærar og skulestyrar i ei årrekkje, og ivra for norskdomsarbeid.

Bakgrunn

Johannes Arneson var fødd i Hjelmeland i Ryfylke. Arneson studerte ei tid teologi, men tok så lærarutdanning på Elverum, der han vart uteksaminert i 1894. Han var lærar i mellomskulen same staden frå 1894 til 1900 og seinare på Åsnes i Solør fram til 1905. Deretter arbeidde han som skulestyrar, mellom anna ved Rollag folkehøgskule i Numedal, og sist, frå 1923 til 1930, ved fylkesskulen i Åsnes i Solør.

Forfattarskapen

I 1906 skipa han bladet BreidablikkRøros. Først og sist var Arneson skulemann, men han tok seg likevel stadig tid til å skrive artiklar i Norsk Tidend, Den 17de Mai og Stavanger Aftenblad.

Under psevdonymet Ola Ryfylking debuterte han med den vesle boka Frå ei fjordbygd. Segner og småstubbar (1898). Ei ny utgåve kom i 1944 med tittelen Signe Ulladalen, ho er mi, og andre soger. Seint i livet skreiv han År eg minnest, menn eg møtte (1961), der han presenterer stoff om mellom andre Ivar Aasen og Sigbjørn Obstfelder. 100 år og minnest mangt (1964) har òg kulturhistorisk interesse.

Posthumt kom verket Fjordbuar (1985). Denne boka, med stort innslag av folkeminne frå Ryfylke, arbeidde Arneson med til det siste. To år før han døydde – 100 år gamal – vart han invitert til medlemskap i Den norske Forfatterforening.

Norskdomsarbeid

Arneson var med og skipa Hjelmeland ungdomslag i 1887, og han var med på skipinga av mållag i Elverum i 1894 og seinare i Tønsberg. Elles var han aktiv i Austmannalaget. Arneson interesserte seg for filologi og språkspørsmål og samla ordtilfang frå Hjelmeland for Hans Ross. Han var òg ein omtykt foredragshaldar og dessutan ein habil felespelar og folkedansar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Anders M. Andersen: Rogalandsbibliografi. Del 1, s. 40. Rogalandsforskning 1980
  • Per Barkved: «Profilen Johs. Arneson», Stavanger Aftenblad 1.12.1956
  • Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
  • Usignert jubileumsartikkel i Stavanger Aftenblad 23.3.1960

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg