Jørund Telnes var bonde, forfattar og engasjert i norskdomsrørsla. Sjølv om han var mest aktiv lokalt, hadde han lesarar over heile landet.
Telnes var fødd i Seljord i Telemark. Han var ein markant lokalpolitikar i Seljord, der han sat som ordførar i fire periodar mellom 1878 og 1888, då han sa frå seg attval. I 1886 vart han ein av dei første ordførarane i landet som førte møteboka på landsmål. Både i politikken og elles var han ein bondeven og tok fleire gonger til motmæle mot lokale embetsmenn.
Telnes gav ut fleire diktsamlingar, og dikta hans vart etter kvart lesne over heile landet. Det er sett tone til fleire av dikta, og mest brukt som allsong var truleg «Skilauparvisa» (1890), med opningslinene «Naar som Noreg i Sylvkaapa glimer, daa paa Føtane spenner me ski». Diktinga hans er sterkt knytt til Seljord. Fleire av bøkene hans er forteljande diktsyklusar som hentar stoffet frå lokale soger og segner.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.