Faktaboks

Karin Fossum
Fødd
6. november 1954, Sandefjord

Karin Fossum

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Karin Fossum er ein norsk forfattar. Fossum tilhøyrer toppsjiktet av kriminalforfattarane i Noreg og har vunne Rivertonprisen to gonger. Bøkene hennr er omsett til mange språk og har nådd eit stort publikum internasjonalt. Ho har vorte anerkjend med The Gumshoe award og vore nominert til The Gold Dagger award.

Ho debuterte i 1974 (som Karin Mathisen) med diktsamlinga Kanskje i morgen, som vann Tarjei Vesaas' debutantpris. Kanskje i morgen gav inntrykkfulle bilete frå miljøet ved ein institusjon for psykisk utviklingshemma. Etter endå ei samling dikt, Med ansiktet i skygge (1978), kom novellesamlingane I et annet lys (1992) og Søylen (1994), der ho i eit nøkternt språk skildrar korleis normaliteten brått kan forstyrrast i tilsynelatande begivenheitslause liv.

Frå midten av 1990-talet etablerte Fossum seg raskt som ein skarpsindig og dyktig forfattar av kriminalromanar, men innimellom har ho òg gitt ut vanlege romanar: De gales hus (1999), ein roman frå innsida av ein psykiatrisk institusjon; Jonas Eckel (2002), ein original og temmeleg misantropisk samlivsroman; Natt til fjerde november (2003) og Brudd (2006). Etter 1995 er det som kriminalforfattar Fossum verkeleg har sett spor etter seg.

Krim

Bokomslag
Karin Fossum fekk både Rivertonprisen og Glassnøkkelen for Se deg ikke tilbake.
Cappelen.

Fossums debut innanfor krimsjangeren kom med Evas øye (1995, filmatisert i 1999). Dette er ein spennande og effektivt fortald roman der Eva blir vitne til eit drap, og uforvarande blir drege inn i farlege saker. Den syner òg kva som kan skje når eit menneske tillèt seg å gå over sine eigne grenser. Etterforskinga blir leidd av Konrad Sejer, som nærmast er prototypen på den sindige og stødige politimannen, som før eller sidan får klarlagt alle sider av dei mest kompliserte sakene.

Med unntak av éi bok (Jeg kan se i mørket, 2011) etterforskar og oppklarer Sejer saman med Jacob Skarre mord og andre ugjerningar i alle Fossums kriminalromanar. Etterforskarane står heilt i sentrum i dei tidlegaste bøkene, som er tradisjonelle og gode politiromanar, medan interessa etter kvart blir flytta over frå etterforsking til så vel offer som gjerningspersonar.

Tekstane søkjer så å seie etter djupare psykologiske forklaringar og prøver å forstå mørke og forvirra sinn. Fossum er éin av dei fremste psykologiske forfattarane i Noreg innanfor krimsjangeren, men i skildringane sine av kvardagsliv i små, avgrensa samfunn framstår ho òg som ein sosialrealistisk forfattar, som skildrar levemåtar og haldningar i samfunnet vårt i vår eiga tid. I eit fleirtal av kriminalromanane er barn offer, anten for ei ugjerning eller som utøvarar av ho, og det forsterkar verknaden av hendingar som elles er sterke nok i seg sjølv. Det er òg eit kjenneteikn på skrivemåten hennar at blodige mord og kraftige drapsmåtar må vike plassen for skildringar av tap og sakn, meiningsløyse og tomleik, og at det blir vist medynk med både offer og gjerningsmann.

Fossums andre kriminalroman, Se deg ikke tilbake! (1996) vart tildelt Rivertonprisen og Glassnøkkelen, som beste kriminallitterære arbeid det året i høvesvis Noreg og Skandinavia. Boka vart TV-serie i NRK i 2000, og i 2007 kom ei italiensk filmatisering: La ragazza del lago 2007. Også denne romanen følgjer solid og detaljert politiarbeid fram til den dramatiske oppløysinga av mordgåta, medan både Den som frykter ulven (1997) og Djevelen holder lyset (1998) antydar ei utvikling som blir tydelegare seinare i forfattarskapen – med større vekt på dei makabre og urovekkjande sidene i den psykologiske spenningsromanen, sjølv om Sejer og Skarre og realistisk politiarbeid framleis er viktig. Den som frykter ulven fekk Bokhandlerprisen og vart filmatisert i 2004.

Elskede Poona (2000) vann Brageprisen og vart TV-serie. I 2005 var den engelske omsetjinga «runner up» i konkurransen om den britiske Crime Writers' Associations Gold Dagger-pris. Omsetjinga endra tittel til The Indian Bride då ho blei gitt ut i USA. Elskede Poona er ei medrivande og trist historie frå eit lite bygdesamfunn der alle ser ut til å ha noko å skjule. Den er tydeleg konstruert, og maktar likevel å vere kjærleiksroman og kriminalroman på same tid.

Forfattarskapen omfattar vidare Svarte sekunder (2002), Drapet på Harriet Krohn (2004), Den som elsker noe annet (2007) og Den onde viljen (2008), alle med Sejer og Skarre som etterforskarar av svært ulike saker, der born eller svært unge er innblanda i uhyrlege saker, og der det krev kløkt og tolmod for å få klarlagt alle sider av mysteria. Drapet på Harriet Krohn skil seg litt ut, sidan vi følgjer drapsmannen heilt fram til etter ugjerninga, og først då kjem politiet inn i biletet.

Varsleren (2009) er Karin Fossums tiande roman med Konrad Sejer som politietterforskar, godt assistert av den yngre Jacob Skarre. Dei får ei vanskeleg sak òg i den nesten stiliserte kriminalromanen Carmen Zita og døden (2013), men får det mykje verre når dei må etterforske dei mest bestialske drapa dei har opplevd i Helvetesilden (2014) – utvilsamt éi av Fossums sterkaste bøker, både som spenningsroman og når det gjeld innblikk i øydelagde og mørke menneskesinn. For denne boka fekk Fossum sin andre Rivertonpris, som den tredje i prisens meir enn 40-årige historie.

Etterforsking og oppklaring har etter kvart vorte mindre sentralt i Fossums bøker, medan vanskelege og såra sinn, av og til psykologiske avvik, fører til spenning på eit djupare nivå enn det som gjeld kven som utførte eit brotsverk. Det gjeld heilt klart i Jeg kan se i mørket (2011), der vi kjem under huda på ein eg-forteljar som skremmer oss i ein psykologisk kriminalroman, der Konrad Sejer for ein gongs skuld ikkje er med. I Hviskeren (2016) er Sejer med berre i den grad at han avhøyrer ei forvirra og nedbroten kvinne etter eit mord, medan portrettet av «hviskeren» er det som skaper uhyggje og spenning på eit djupare plan. I Formørkelsen (2018) mistar eit ektepar sin femten månader gamle son, då han fell frå ein hotellbalkong i sjuande etasje. Foreldra blir frikjende, men Sejer søkjar vidare etter sanninga om kva som skjedde. I 2020 kom Bakom synger døden, der Konrad Sejer har blitt både eldre og klokare, og på meisterleg vis kjem på sporet av samanhengar ingen har sett. Sejer har endå ein gong ei vond og smertefull sak når ei ungjente blir funnen død i Svartlandsskog. Fossums meisterskap blir stadfesta i denne romanen så tydeleg som det er mogleg.

I romanen Drepende drage, Angrende hund (2021) introduserte Fossum ein ny etterforskar som er heilt ulik frå den solide og trauste Konrad Sejer. Men drapssakene åttebarnsfaren Eddie Feber må etterforske er ikkje mindre valdelege og vanskelege å løyse enn det Fossum elles er kjend for. Mindre valdeleg, men ganske så utspekulert, er handlinga i Natteløperen (2022), der Eddie Feber har lite å gå etter i jakta på ein «natteløper» med våpen i hendene. Men Feber finn ut av det heile, ved hjelp av sine eigne metodar. I den eventyraktige og gripande kriminalromanen Farvel, Farah Diba (2023) må Feber dele både hovudrolle og heltestatus med andre, men samstundes er han meir til stades og sentral enn i dei to første bøkene han opptrer i. Farvel, Farah Diba er ei medrivande og nesten surrealistisk forteljing om ei seks år gammal jente av iransk herkomst som er blitt borte og blir etterlyst av faren. Krimhistoria syner seg å vere heilt annleis enn i dei mange andre bøkene der ei ung jente forsvinn, og både intrige, skrivemåte og struktur er uvanleg godt gjennomført.

Omsetjing

Fossums kriminalromanar er omsette til over tjue språk og har nådd fram til store lesargrupper, ikkje minst i engelsk omsetjing.

Prisar

  • Tarjei Vesaas' debutantpris 1974, for Kanskje i morgen
  • Rivertonprisen 1996, for Se deg ikke tilbake!
  • Glassnøkkelen 1997, for Se deg ikke tilbake!
  • Bokhandlerprisen 1997, for Den som frykter ulven
  • Brageprisen 2000, for Elskede Poona
  • The Martin Beck Award 2002, for Svarte sekunder
  • Cappelenprisen 2003
  • The Gumshoe Award for beste europeiske krimroman 2007, for When the Devil Holds the Candle (Når djevelen holder lyset)
  • Los Angeles Times Book Prize i kategorien Mystery/Thriller for 2007 utdelt i 2008, for Elskede Poona (oversatt som The Indian Bride)
  • Amalie Skram-prisen, 2013, for hele forfatterskapet.
  • Rivertonprisen 2014, for Helvetesilden

Utgjevingar

Dikt

  • Kanskje i morgen (1974)
  • Med ansiktet i skyggen (1978)
  • Natten er et annet land (2012)

Noveller

  • I et annet lys (1992)
  • Søylen (1994)

Romanar

  • De gales hus (1999)
  • Jonas Eckel (2002)
  • Natt til fjerde november (2003)
  • Brudd (2006)

Krim

  • Evas øye (1995)
  • Se deg ikke tilbake! (1996)
  • Den som frykter ulven (1997)
  • Djevelen holder lyset (1998)
  • Elskede Poona (2000)
  • Svarte sekunder (2002)
  • Drapet på Harriet Krohn (2004)
  • Den som elsker noe annet (2007)
  • Den onde vilje (2008)
  • Varsleren (2009)
  • Jeg kan se i mørket (2011)
  • Carmen Zita og døden (2013)
  • Helvetesilden (2014)
  • Hviskeren (2016)
  • Formørkelsen (2018)
  • Bakom synger døden (2020)
  • Drepende drage Angrende hund (2021)
  • Natteløperen (2022)
  • Farvel, Farah Diba (2023)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • En mørk fløytetone. Festskrift til Karin Fossum (2014)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg