Faktaboks

Lærdalselvi

Lærdalselva

Lærdalselvi på Ljøsne
Lærdalselvi på Ljøsne
Av /NRK.
Laksefiske ved Seltåsen mellom 1910 og 1920
Laksefiske ved Seltåsen mellom 1910 og 1920
Av /Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lærdalselvi er ei elv i Lærdalen, Lærdal kommune, Vestland fylke. Nedre del av Lærdalselvi er blant Noregs beste lakseelvar.

Lærdalsvassdraget

Frå dei grunne og flate elvestrekka opp frå munning ved Lærdalsfjorden eskalerer elva til kraftige stryk som bryt seg gjennom juv og fjellhamrar ned frå Filefjell og Hemsedalsfjellet.

Lærdalselvi blir danna ved samanløpet av Smeddøla og Mørkedøla ved Borlaug bru. Smeddøla kjem frå ei rekkje vatn på Filefjell, og Mørkedøla har sine øvste kjelder sør for Jukleegga på 1920 meter over havet. Lærdalselvi renn med hovudretning vestover til botnen av Lærdalsfjorden. Nedbørfeltet er på 1173 km2, som gjer dette til det største vassdraget i Sogn og Fjordane.

Lærdalselvi er verna mot forureining og utbygging med status som nasjonalt laksevassdrag.

Laksefiske

Den nedre delen av elva på 25 kilometer er roleg med store hølar. Dette elvestrekket er kjend som ein av dei beste sportsfiskeelvane i landet.

Fisket etter laks og sjøaure der er kjend over heile verda. Norsk Villakssenter har observatorium av villaks i elva. Observatoriet gir innsyn i førekomst og livssyklus til Atlanterhavslaksen og tradisjonane omkring laksefisket. Øvre del av Lærdalselvi er stri med mange kulpar. Der finst Husumfossen, Kaolgryta og Svarthjelfossen.

Middelstorleik på laks som er fanga i Lærdalselvi, er på 6,5 kg og på sjøaure 1,5 kg. I åra 2004–2013 vart det i gjennomsnitt fanga 458 lakser. I 2013 vart det landet 900 laksar, noko som svarer til ein normalsesong. Totalt vart det fiska 978 lakser i elva i 2014 kor heile 484 lakser var på over sju kilo. I august 2014 vart det landet ein hannlaks i Old Pastor-hølen på mellom 26,4 og 27,5 kilo. I 2019 vart det fiska 584 kg sjøaure kor halvparten vart sett ut igjen. Fisket har gått tilbake dei seinare åra. I 2020 vart det fanga 600 laksar og 400 sjøaure. På grunn av lite snø og ekstremt lite nedbør i 2021 var det låg vassføring og det vart det berre fanga noko sjøaure.

Kultivering av laksestammen stiller krav til minstevassføring og moglegheit for å sleppe vatn forbi turbinane ved driftsstopp. Eit eige klekkjeri for lakse- og aureyngel like ved Stuvane kraftverk sørgjer for sikker tilgang på setjefisk til vassdraget.

Gyrodactylus salaris

I åra frå 1997 til 2016 var fisken i elva angripe av sjukdom. Lakseparasitten Gyrodactylus salaris kom første gong i Lærdalselvi i 1997. Det vart gjennomført behandling med rotenon same år, men gyroen kom på ny i oktober 1999.

I 2005 vart elva forsura med aluminiumsulfat og det vart innført fiskestopp i 2008 til 2011. I 2011 til 2012 vart elva på ny behandla med aluminiumsulfat. På byrjinga av 2016-sesongen var fiska svært godt og elva vart friskmeld frå 2017.

DNA-studiar av lakseskjel som er samla inn i over 40 år, viser at sjukdom og regulering ikkje har medført noka genetisk endring av laksen i elva.

Vasskraft

Utbygginga av vasskraft i Lærdalsvassdraget gjekk etappevis føre seg i åra frå 1971 til 1988. Vassdraget vart utbygd i 1972 ovanfor Sjurhaugfossen, som er det øvste punktet som laksen går til.

Borgund kraftstasjon (186 MW, 1034 GWh) utnyttar sideelvane frå sør; blant anna Dilma og Nivla, med fallhøgd 874 meter. Øljusjøen pumpekraftstasjon (50 MW) blir brukt i sommartida til å pumpe vatn frå hovudsamletunnelen for Borgund kraftstasjon på 1100 meter over havet til magasinering i Øljusjøen på 1333–1307 meter over havet. Om vinteren blir dette vatnet utnytta og tilløpet frå ovenforliggende nedslagsfelt i begge kraftstasjonane. Fallet frå Borgund til Stuvane blir om vinteren utnytta til kraftproduksjon i Stuvane kraftstasjon (38 MW, 190 GWh), som har fallhøgd 162 meter.

Total midlarar årsproduksjon i Lærdalsvassdraget er 1267 GWh.

Kart

Lærdalselvi
Lærdalselvi
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg