Faktaboks

Lepsøya
Løvsøya
Lepsøya
Lepsøya sett frå fjellet Mannen på granneøya Haramsøya.
Av /Nye Ålesund kommune.
Lisens: CC BY NC 2.0

Lepsøya er ei øy i Haram kommune i Møre og Romsdal.

Lepsøya er ei av Nordøyane, ho måler 12,1 kvadratkilometer og har 313 innbyggjarar (2015). Det høgaste punktet er det populære turmålet Goaldet (490 moh.).

Det er tett busetnad på strandflata i aust. Øya er knytt til fastlandet over den 800 meter lange Lepsøybrua, som er ein del av Nordøyvegen. Det er og vegsamband med undersjøisk tunell til Haramsøya (Austnes). Ferjesambandet Skjeltne–Austnes–Lepsøya vart lagt ned i 2021 da Lepsøybrua opna. I 2022 opna Nordøyvegen som bind saman alle Nordøyane frå Lepsøya og nordover.

Kart

Lepsøya
Lepsøya
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv johan austnes

Lepsøya eller Løfsøya er bestemt form av egennavnet Lepsøy/Løfsøy. Burde ikke norsk grammatikk gjelde også i SNL?

svarte Redaksjonen i Store norske leksikon

Så langt jeg kan se er Lepsøya øyas egennavn (jfr. Statens kartverk), og da skal det stå slik enten det er grammatikalsk riktig eller ei. Forlaget bestemmer ikke over egennavn. Vennlig hilsen Kirsten Halvorsen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg